YMIST

Bergen og bygdene

Bergen ligg midt på Vestlandet, midt i Hordaland. Det er hans styrke, hev vore det og er det. Her er det byen skal vinna utvidings- og vokstergrunnlag. Herfrå er det òg at han fær størsteparten av ny folkesetnad, folk som frå barnsbein den siste mannsalderen hev fenge all si upplæring i nynorsk i folkeskulen-,ungdoms- og folkehøgskule, realskule og landsgymnas og visse fagskular.

Likevel høyrer ein ordtaket "riksmålsbyen Bergen" nett som denne byen skulde hava patent på å vera ein riksmålsby framum dei andre byar i landet. Dette er berre eit laust påstand.

Rettaste er det vel å segja at ingen by i landet hev ytt den norske målrørsla større studnad eller betre vokstervilkor enn Bergen. Eg treng berre nemna president Christie og ordboks- og samlingsarbeidet hans, det litterære og kulturelle arbeidet kring Vestmannalaget i 1860- og 1870-åri, og det politiske innslaget som kom frå Begensbenken i Stortinget frå 1883 til 1903, då stortingsmenn frå Bergen mest utan undantak røysta for alt som var til styrkjing og vokstergrunnlag for målsaki. Heller ikkje skal Chr. Michelsens riksstyre verta gløymt som i 1907 fekk lovfest landsmålsstilen til artium. I riksstyret sat Chr. Michelsen og statsråd Lehmkuhl,og i Stortinget røysta Mowinckel og L.O. Sæbø med fleirtalet, alle bergensarar.

Til dessar hev Bergen sagt seg nøytral i ordskifte med det offentlege styringsverket um målsbruk i statstenesta. Det må vel og segjast å vera det naturlege for "hovudstaden på Vestlandet" med målbygder frå og med Rogaland i sud og Møre og Romsdal i nord. Endå til Oslo med berre riksmålsbygder kring seg , finn det naturleg å vera nøytral.

Men no er det kome krav frå Bergen Riksmålsforening ved formannen Wenche Landmark at byen skal krevja bokmål i vedskifte med dei offentlege styresmakter. Praktisk hev dette ytterst lite å segja for byen.

Det kommunale styringsmålet vert som fyrr bokmål. Det målet er det og statskontori nyttar til byen,og andre byar i landet som hev sagt seg nøytrale. Det er det målet som hev tradisjonen etter gamalt.

Men etter lov og kgl. res. kann statskontor nytta snart det eine og snart det andre målet, "når det ikkje fell lagleg til å gjeva ut same tingen på båe mål".

Vidare skal statskontor til vanleg svar på brev i same målet som brevskrivaren sjølv nyttar.

I punkt 3 i lovi frå 29 januar 1930 heiter det : Hev fleirtalet av herad og byar innan tenestekrinsen for eit statskontor gjort vedtak som nemnt i punkt 2( dvs. eit visst tenestemål), skal kontoret fylgja tilsvarande fyresegner for heile tenestekrinsen". Dette gjeld prenta rundskriv, fyrerit, uppslag, kunngjeringar og formfast vedskifte. Etter dette vert det framleis nynorske uppslag t.d. på jarnvegsstasjonen i Begen, endå um Bergen ikkje skulde segja seg nøytral. Fleire kontor er visseleg i ei liknande stoda. Frk. Landmark fær ikkje den gleda å sjå at uppslagi vert umbytte i noko tilfelle.

Som alt sagt : praktisk hev det lite å segja for Bergen kva vedtak formannskapet gjer.Men reint psykologisk ser saki soleis ut.

Årevis med samarbeid millom dei styrande i byen og bygdene um praktiske og økonomiske spursmål vore det beste. Eg treng berre nemna ting som jarnbane og vegar, eimbåtrutor, skulestell og sjukestell til bate for båe byen og bygdene.

Det same kann segjast um samarbeidet millom byen og dei nasjonale lagi der, mål- ,bygde- og ungdomslagi.Når byen eller institusjonar der hadde bruk for dei, stod dei jamt til tenesta, t.d. ved dei store utstellingar i dette århundradet, i 17. mai-nemndi,og no i fjor og i år tok dei sin lut av programmet ved Festspeli på Bergenhus.

Granskingsarbeidet ute på gamle Holmen kom i gong etter upptak frå same kant. Likeeins verning um minne som knyter seg til den gamle kongsgard.

Alt dette veit byens fremste menn og hev verdsett arbeidet deira deretter. På 80 årshøgtidi åt Vestmannalaget i 1948 møtte ordføraren i Bergen fram med ei gild gåva frå formannskapet, eit stort målarstykke av Knud Bergslien. Eg skal spara namni på dei tvo gjæve høgremenn som gjorde upptaket.

Og høgre i byen er ikkje verre på det enn at dei hev sett ein greid målmann inn i Bergens bystyre, ein tidlegare formann i "Ervingen".

Dette er stoda idag. Men vil byens fedre gjera Bergen riksmålsforening og foreldreaksjonen til viljes, vert saki meir innfløkt for framtidi. Frå fyrst av heitte det at arbeidet galdt samnorsken. No er maska kasta. Det er sjølve nynorsken det no gjeld. Me skynar godt taktikken,og let oss ikkje lura av fager låt i "Morgenavisen".Er det ikkje som du høyrer lurtonar uppe i stølsskogen frå sjølve huldregjenta som lokkar på friaren sin, men løyner rova ?

"Bergen fortsatt nøytral i målstriden"

Eg er vorten vis med ein artikkel i "Bergens Arbeiderblad" for 24 august av stortingsmann Kjell Aabrek:" Bergen fortsatt nøytral i målstriden". Artikkelen er serleg skriven med tanke på administrasjonsmålet i Bergen andsynes statskontori.

Men til slutt kjem forfattaren inn på rettskrivingsreglane frå 1938,og striden kring dei.Dette hev ingen ting med administrasjonsmålet å gjera. Den saki høyrer inn under skulestyret, språknemndi og kyrkjedepartementet. Dette veit hr. Aarbrek òg som gamal skulestyreformann.

Bergens Tidende 4 september 1954


Eirik Hirth, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag