YMIST

Målmannen - eit fritt organ

Utan ytterlegare samanlikning, vil eg byrja med å parafrasera eit stykke frå Apostelgjerningane her. Det stend der at når apostelen Kefa (latinisert til Peter) tala, so stakk det folk i hjarta.

Sanningi hev det med å gjera slikt.

Sanningi er nemleg kraftfull, dynamisk, um du vil. Ho banar seg veg og kløyver veg i rot, ureinskap og vondskap. Difor lyt sanningi handterast medvite.

Eg likar det amerikanske rettsstellet si ordleiding, der det vert sagt: Sanningi, heile sanningi og ikkje noko anna enn sanningi. For det er lett å leggja fram noko som ein trur er sanning, utan at det naudsynleg er Sanningi. Merk deg skilnaden på ”sanning” og ”Sanningi”. Dei som stend for Sanningi les mykje meir enn dei som berre fer fram med sanningar. Dei les jamvel artiklar som er skrivne av dei som fer med desse ”sanningane” – lausrivne som dei er frå både kontekst og heilskap.

Nyss fekk Målmannen melding frå ein lesar som ikkje lenger vilde ha bladet tilsendt. Namnet på vedkomande er irrelevant. Men det er forvitneleg å sjå korleides vedkomande ordlegg seg, eg hermer:

”Du og dine folk må gjerne få fastsetja den politiske kursen de ynskjer for bladet. Men EG idest ikkje lesa eit ytterleggåande høgreautoritært antidemokratisk og prosionistisk målblad. Det er ein kurs som ligg so langt unna dei demokratiserande tradisjonane i røsla som ein vel kann tenkja seg. Det vulgær-fascistoide innlegget frå den sionistiske høgreekstremisten i siste utgåva var dropen som fekk det til å renna yver for meg. Med andre ord: Stryk meg frå alle listor! Eg bed um attendemelding på at dette vert gjort.”

Dersom det er ytterleggåande, høgreautoritært, antidemokratisk og prosionistisk (som skal stavast prozionistisk, herr antizionist), og dessutan vulgær-fascistoid, då er jamvel Grunnlogi for Noreg ytterleggåande, høgreautoritær, antidemokratisk og prozionistisk.

Dette handlar nemleg um å taka ytringsfridomen på ålvor. Ja, meir enn det. Det handlar um fridom – fridom som vinstrekreftone ikkje vil gjeva til einskildmennesket.

Målmannen ynskjer å standa for fridom. Fridom til å tenkja. Fridom til å skriva. Fridom til å kjosa det målet ein sjølv vil skriva. Fridom til å liva, uhindra av maktmenneske.


Lars-Toralf Storstrand, 20050608

Fleire netleidarar

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag