YMIST

Årsmelding for Ivar Aasen-sambandet i arbeidsbolken mai 2002-april 2004

Dei tillitsvalde

Formann: Klaus Johan Myrvoll
Varaformann: Olav Torheim
Styresmann: Trond Urestad
Styresmann: Kjetil Aasen
Styresmann: Håvard Tangen

Varamann: Anders Olsen
Varamann: Inga Ovidia Gjerstad
Varamann: Gunleiv Hadland
Varamann: Sverre Johnsen

Det hev vore halde fjore styremøte i arbeidsbolken (25.10.02, 5.12.03, 16.12.02 og 14.3.04), som alle hev vore lagde til Oslo der dei fleste styresmennerne er busette.

Gunleiv Hadland vart vald til å halda fram som kassastyrar på styremøtet 25. oktober 2002, men viste seg etter kvar å vera lite tilgjengeleg, soleis at formannen laut utføra naudsynte disposisjonar sjølv. Kassastyraren hev fyre årsmøtet i 2004 vore uviljug til å føra reknesskapen, men hev halde attende vedlegg som formannen hev bede um å få utlevert. Dette hev gjort det uråd å få ført rekneskapen for 2002, men rekneskap for 2003 ligg fyre.

Ivar Aasen-sambandet er landssamskipnaden er høgnorskrørsla. Under dette laget høyrer fylkeslaget Vestlandske Mållag og lokallagi Vestmannalaget, Norsk Bladmannalag, Halsnøy Mållag, Høgnorskringen, Blindern Høgnorsklag, Ivar Aasen-ringen i Oslo, Bjørgvin Høgnorsklag, Norrønalaget Bragr, Volda og Ørsta Målungdom og Prikken yver i-en. Dessutan hev samskipnaden 12 beinveges innmelde lagsmenner som hev svara årspengar.

Kvinnherad Mållag, som hev figurert som lokallag i Ivar Aasen-sambandet i brev frå Vestmannalaget, er etter det styret er kjent med berre tilmeldt fylkeslaget Vestlandske Mållag og hev Noregs Mållag til landssamskipnad. Det er like vel noko uklårt um Kvinnherad Mållag òg er tilmeldt Ivar Aasen-sambandet, og formannen hev sendt brev til Kristian Bringedal med spursmål um tilknytingi. Det hev ikkje kome noko svar på brevet i skrivande stund.

Gjeremål, saker og hendingar

Formannen hev havt ei rad målpolitiske utspel i pressa, serleg fyrst i arbeidsbolken. Han hadde millom anna eit innlegg um den uvisse stoda for i-målet i den nye rettskrivingi i Aftenposten 28. mai 2002, og han hev vore i ordskifte i Dag og Tid der han hev forsvara høgnorsksyni. Elles hev formannen og varaformannen lagt ned mykje arbeid på det nyskipa bladet Målmannen, som tok til å koma ut i september 2002 og hev kome med til saman sju nummer. Det stend fritt i høve til samskipnadene i høgnorskrørsla, men hev fenge pengestudnad frå Halldor O. Opedals fond og Ivar Aasen-sambandet.

I desember 2002 sende formannen ei fjore sidor lang fråsegn um framlegget til ny rettskriving for nynorsk som Norsk språkråd lagde fram i oktober same året. Her mælte han for å halda på ei rad tradisjonelle former og skrivemåtar som Språkrådet hadde gjort framlegg um å taka burt, og peika serskilt på kor ulaglegt det var at dei vilde jamstella i-formene (soli, husi), men taka burt mangtalsformi i lint hokyn på –or (visor). Denne fråsegni vart seinare prenta i bladet Målmannen (nr. 1/2003).

På styremøtet 25. oktober 2002 gjorde styret vedtak um å stydja styret i Vestlandske Mållag som vart valt på årsmøtet i Bortnen 29. juni 2002, og gjekk imot innkallingi til nytt ”årsmøte” i Bergen, som var underskrivi av ei rad einskildpersonar. Striden millom dei tvo flokkane i Vestlandske Mållag hev merkt heile samskipnaden og gjort det vanskeleg å få sett i gang nye tiltak eller framstøytar til fremjing av målsaki. Han hev òg gjort det uråd å halda landsmøte i samskipnaden, fyrr no, når partane hev vorte forlikte.

I vedtaket 25. oktober 2002 gjorde styret det klårt at det vilde yta økonomisk hjelp til styret i Vestlandske Mållag i ei mogeleg rettssak mot deim som freista å kuppa laget. Formannen hev fylgt upp dette vedtaket og svara sakførarutlogor for Vestlandske Mållag på til saman ved 62 000 kronor. Tvo av styresmennerne som ikkje var til stadar på styremøtet 25. oktober 2002, hev i ettertid sått tvil um heimelen for denne løyvingi, men på styremøte 14. mars i år stadfeste eit fleirtal av styresmennerne at dei var samde i dei disposisjonane som var gjorde. Det kann elles visast til den vitringi formannen sende ut til lokallagi etter styremøtet, dagsett 16. mars 2004.

Formannen søkte sumaren 2002 Halldor O. Opedals fond um tilskot til drifti av Ivar Aasen-sambandet, med ynskje um at pengane kunde nyttarst til å fylgja upp spiror til lokallag kringom i landet og til å skipa til målstemnor og samlingar. Fondet løyvde 60 000 kronor i 2003, men på grunn av striden hev det di verre ikkje vore høve til å fylgja upp alle dei gjode hugmåli i søknaden.

Styresmennerne hev havt tankar um nye utspel og tiltak for høgnorsksaki, men striden i Vestlandske Mållag og ei etter kvart veksamde usemja innetter i styret hev gjort det uråd å setja desse tankane ut i livet. Styresmennerne er upptekne på andre kantar, med arbeid, studium og familie, og det er ikkje allveg like lett å finna tid til det yverskotsarbeidet som høgnorsksaki trass i alt er. Når det i tillegg so ofte endar upp i internt kiv, segjer det seg sjølv at det vert lite gjevande. Av den grunnen hev alle dei faste styresmennerne no gjort det klårt at dei vil draga seg attende frå umbodi sine og yverlata til andre å avgjera den vidare lagnaden for samskipnaden.

Oslo, 15. april 2004

Klaus Johan Myrvoll
Formann


sambandet.no, 20070128

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag