YMIST

Lat bibelmålet få vera i fred.

Me i Vestlandske Mållag hev merkt oss at internetfirmaet Gospelsearch vil umsetja Markusevangeliet og andre sentrale vers i Bibelen til SMS-språket. I Vestlandske Mållag meiner me at språket, til liks med ytringar i musikk og bilætkunst, fylgjer strenge lover som ein ikkje kan brigda på ustraffa.

Gjenom språket hev bodskapen frå Bibelen kunna gripa menneskesinnet. Tenk berre på salmane som heilt sidan Mose tid og i Israels tunge tid under Farao hev ført Ordet nærare hjarta. I Noreg hev den nynorske bibelumsetjingi frå 1938, redigert av Ragnvald Indrebø, sett standarden for god norsk målbruk. Dette målet hadde kraft i seg til å vekkja kjenslor, kjærleik og draumar. Diverre hev bibelmålet vorte utarma. I 1978 kom Bibelselskapet med ei ny utgåva som ikkje heldt mål korkje teologisk eller i målvegen.

Med utgjevingi av SMS-Bibelen fylgjer Gospelsearch i same faret, dei vil umforma den heilage skrifti til noko trongt og dåmlaust. Slik me ser det misser ho då si meining, si djupna og sin estetikk. Det argumentet som Gospelsearch fører til torgs um at ungdommar fær augo upp for kva som stend der når det kjem på eit SMS-språk er me heilt usamde i.

Me trur at ungdomen misser respekten for kva som stend der når det kjem på eit slikt fatigt og fargelaust mål. Dette målet er til for å senda snøgge meldingar i ein hektisk kvardag, ikkje til å formidla religiøse upplevingar som manar til ettertanke. Kva vert det næste Gospelsearch kjem upp med, Matteus-evangeliet som Powerpoint-presentasjon?

Um dagsens ungdomar ikkje skynar dei bibelske grunntekstene, hev dei for lite kunnskapar i norsk. Minimum av norskkunnskapar må ein kunna krevja av tenåringar i dag. Lat bibelmålet få vera i fred, nytt mobilspråket til det det var meint til!


Inga Ovidia Gjerstad Torheim, 20060226

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag