YMIST

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004

I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004. Vestmannen fortel at "[d]en unge formannen (Sergej Munkvold, min merknad) og styret hans hadde lagt attum seg eit arbeidsår der mykje tid hadde gjenge med til å få laget på fote att etter ufreden og freistnadene på å leggja ned heile samskipnaden". Det vert ikkje sagt noko um laget hev havt andre aktivitetar det seinste året, men det vert fortalt at formannen i laget hadde havt innlegg på sumarlægret åt Norsk Målungdom i Marstrand, og "slik han såg det, hadde innlegget hans - og samrøda etterpå - gjort fleire unge målfolk interesserte i arbeidet åt Aasen-sambandet".

Det interessante er vel å arbeida for å fremja målsaki, ikkje kva for ein samskipnad ein hev. Ingen vilde ha protestert på at Ivar Aasen-sambandet vart uppattskipa, men for Sergej Munkvold og nokre til, er det avgjerande viktugt å hævda at dei er den same samskipnaden som vart skipa i 1965. I realiteten er Sambandet nedlagt på lovleg måte.

Det møtet som valde Munkvold til formann var innkalla av eit mindretal i styret etter at fleirtalet i styret hadde halde styremøte og vedteke årsmøteinnkalling med mindretalet til stades. Ingen hev sagt at innkallingi var ulovleg eller ugild. Mindretalet godtok ikkje fleirtalet og gjorde som dei sjølve vilde. Etter at mindretalet i styret kalla inn til det møtet som valde Munkvold til formann, hev han arbeidt ihuga for å få Brunnøysundregisteret til å slå fast at det formelt sett er det gamle Ivar Aasen-sambandet som held fram, men registeret kann ikkje og vil ikkje yverprøva realitetane i saki. Dette hev i røyndi vore mest det einaste arbeidet hans.

Kva styret i Ivar Aasen-sambandet hev tenkt å gjera vidare, stend det lite um, men "både årsmelding og arbeidsprogram var vitnemål um sterk vilje til å byggja laget upp att og gjera gagns målreisingsarbeid på høgnorsk grunn". Det vart dessutan gjort nokre brigde i vedtektene “som i hovudsak hev til fyremål å hindra kuppmakeri i framtidi”. På slutten av 90-talet og byrjingi av 2000-talet markerte Ivar Aasen-sambandet seg sterkt med lagsbyggjing, utspel i media og årviss konferansetilskiping (den fyrste i Bergen i 1996 og den siste i Oslo i 2003). Dersom ein reknar Ivar Aasen-sambandet av 2004 som eit seriøst framhald av Ivar Aasen-sambandet av 1965, lyt ein soleis konstatera at arbeidsbolken 2004-2005 var det året det hende aller minst i høgnorskrørsla. Truleg må ein attende til 1994 - då Jon Askeland gjekk av som formann i laget - for å finna tilsvarande skort på aktivitet.

Det lukkast diverre ikkje for Målmannen å koma i kontakt med Sergej Munkvold for nærare kommentar.


Olav Torheim, 20051115

Fleire netleidarar

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag