YMIST

Um sambandet.no

Bakgrunnen for denne nettstaden er det personlege engasjementet til tvo personar, Olav Torheim og Lars Bjarne Marøy. Marøy hev i ei årrekkja vore aktivt med i målrørsla og norskdomsrørsla og hev gjenom tidi havt mange verv og funksjonar, jf. lista nedanfyre. Arbeidet med det som etterkvart hev vorte desse sidone tok til i 1997 etter tildriv frå Torheim.

Marøy er utdana historikar ved universitetet i Bergen i 1998 med hovuduppgåva um bruken av plast i fiskeindustrien i etterkrigstidi. Sidefagi hans er psykologi og norsk. Marøy er lektor og hev undervisningskompetanse i historie, norsk, psykologi og samfundslære. Som norsklærar er Marøy serleg uppteken av upplæring i skriving og nynorsk.

Innanfor sogefaget hev Marøy mange interessor, men hev serleg arbeidt mykje med målsoga på 1900-talet og hev halde fleire fyredrag um dette emnet på fleire mållagsmøte.

Umbod og funksjonar

Aktivist i Studentmållaget i Bergen frå 1990-1999
Formann i Vestmannalaget 1999-2001
Styremedlem i Vestmannalaget frå 1993-2002
Med i skriftstyret for det handskrivne bladet Tuftekallen frå 1992-2001
Formann i Vestlandske Mållag 1994-2004
Bladstyrar for Vestmannen 2000-2002
Skribent i Vestmannen frå 1992-2002
Skribent i Målmannen frå 2002-
Valnemndsformann i Høgnorskringen 1998- oktober 2004
Styremedlem i Halldor O. Opedals fond frå 2000-2004
Varamedlem i Norsk Bokreidingslag 1999-2001
Formann i Norsk Bladmannalag 1999-2004
Formann i Norrønalaget Bragr frå 1994-2005
Medlem av målpolitisk råd for det norske teatret frå 1998-2002
Styremedlem i Bergen mållag frå 1991-1993
Styremedlem i Bygdelagsnemndi i Bergen 1994-1998
Med i hovudnemndi for Vestlandskappleiken i 1995

I 2004 trappa Marøy ned engasjementet i målrørsla etter ein hardsett fireårig strid i høgnorskrørsla. Marøy ynskjer å bruka tid og krefter på å fremja nynorsken gjenom upplæring og skribentverksemd heller enn gjenom krangling um organisasjonsverv.


Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag