YMIST

Kjerland og Askeland med lesarbrev

I april 2004 sende Jon Askeland og Kjell Kjerland ut eit lesarbrev som inneheldt eit krasst åtak på det dei høvesvis kalla "Myrvoll & co", "Myrvoll og hans næraste" og "Myrvoll og hans kumpanar". Sidan eg var Myrvolls nestkommanderande i Ivar Aasen-sambandet på denne tidi, kann eg nok trygt rekna meg sjølv innanfor ein av desse kategoriane. Innlegget hev ein viss underhaldningsverdi, men diverre var det ingen avisor som tok det seriøst nok til at det kom på prent. Når det kjem til alle dei usaklege og personrette skuldingane som vert serverte, so burde innhaldet tala for seg sjølv. Me vel difor å presentera lesarbrevet frå Kjerland og Askeland utan vidare kommentar:

Dato Fri, 16 Apr 2004 11:01:03 +0200
Frå Sergej Alexander Munkvold [sergejal@stud.ntnu.no]
Til Høgnorsklista [hognorsk@freelists.org]
Svar til hognorsk@freelists.org
Emne [høgnorsk] Tillitsvald utan tillit

Her kjem eit anna lesarbrev um stoda:
---

Tillitsvald utan tillit

Dei største lagi i Ivar Aasen-sambandet vil med dette melda frå um at det møtet som Klaus Johan Myrvoll hev kalla inn til laurdag 17. april 2004 ikkje kann godtakast som lovleg årsmøte i samskipnaden. I den vanstoda som landssamskipnaden hev hamna i, er det berre innkallingi frå mindretalet – dei tvo einaste som vart valde for tvo år på årsmøtet 15. mai 2002 – som kann berga laget frå total uppløysing. Desse tvo hev ikkje på udemokratisk vis tukla med medlemsstokken i laget slik Myrvoll og hans kumpanar gjorde på styremøtet 14. mars d.å. Fyremålet til Myrvoll & Co er på manipulatorisk vis å leggja upp til eit årsmøte der dei slepp å få fleirtalet mot seg, sjølv um flokken deira samla knapt nok er for eit fotballag å rekna!

Det er helst patetisk – og ikkje so lite feigt – av Myrvoll og hans næraste å ikkje våga stå til ansvar for det dei hev gjort, for den same flokken av lag og personar som gav dei mandatet deira i mai 2002. Desse folki – Myrvoll Co - som hev sytt for å klaga andre målfolk inn for rettsstellet, som hev nytta alle høve til å sverta andre målfolk i avisspaltone og som etter årsmøtet i Vestmannalaget i mars 2002 sette upp ei lang svikarlista, der trugne lagsfolk og tidlegare formenn og heiderslagsmenn vart ramsa upp, desse karane torer ikkje møta det røynlege fleirtalet i organisasjonen, for dei veit so altfor vel at hjå det fleirtalet skortar det på tillit til lagssabotørane.

Det røynlege årsmøtet i samskipnaden vert halde laurdag 24. april. Der møter det folk som vil driva byggjande målarbeid. Ein av dei er formannen i Nidaros Høgnorsklag, Sergej Alexander Munkvold. Han er vår kandidat til å taka yver formannsklubba i samskipnaden og føra organisasjonen ut av den bakevja som Myrvoll & Co hev rota seg inn i.

Jon Askeland, formann i Vestmannalaget
Kjell Kjerland, leiar i Vestlandske Mållag


Olav Torheim, 20061113

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag