YMIST

Åndsverkstjuveri i Ivar Aasen-sambandet av 2004

Eitt av klagemåli som Sergej Munkvold hadde i mot meg i 2002/2003 var millom anna det at eg hadde vore andsvarleg for heimesidone på sambandet.no, og desse heimesidone var etter hans syn ikkje vortne uppdaterte ofte nok - jamvel um dei inneheldt hundradtals artiklar som eg sjølv hadde klypt og limt inn i HTML-koden (dette var fyre me fekk fiks ferduge joomla- og phpnuke-godsaker). Ja, du kann få taka yver andsvaret for heimesidone sjølv, um du trur du kann gjera det so mykje betre, sa eg til honom på telefon til Trondheim um våren 2003. Etter dette vart det stilt - fram til det braka laus att på årsmøtet i Høgnorskringen i desember.

Men kva skjedde når Sergej Munkvold til slutt fekk registrert og stabla sitt eige ivaraasen.no på føtene - med andre ord etter at han laut innsjå at han ikkje greidde å rappa sambandet.no i frå oss? Jau, for det fyrste so var det Arild Olsen som gjorde heile arbeidet for honom med å forma ut heimesidone, og for det andre so var i lang tid det einaste innhaldet på sida hans ein tekst som han hadde klypt og limt frå dei gamle heimesidone som eg sjølv hadde forma ut mange år tidlegare - dei same sidone som Munkvold meinte ikkje var gode nok. Seinare hev det kome til ymse anna tilfang, som til dømes ei heilt OK samling med tekster av Indrebø og Krokvik, men framleis er den einaste umtala av laget den som eg sjølv snikra saman i 1997, mange år fyre Munkvold i det heile hadde høyrt um noko slikt som høgnorsk.

Var det nokon som snakka um tjuveri her? Tjuveri av åndsverk ja. Men um dei ikkje greider å tenkja ut nokor betre umtala av seg sjølve enn det ein 17-åring rabla ned millom HTML-kodelinone for meir enn ti år sidan, so er det greidt nok - eg kjem ikkje til å forfylgja saki vidare. Morosamt er det i alle fall at det er me som hev so fæle meiningar, og som hev øydelagt høgnorskrørsla, som framleis presenterar Ivar Aasen-sambandet av 2004:

Um Ivar Aasen-sambandet

Ivar Aasen-sambandet er landssamskipnaden for aasenvenene og vestmennene – høgnorskfolket. Sambandet vart skipa i 1965 og skiparane meinte at Noregs Mållag resignera og godtok at nynorsken skulde gjerast til eit underbruk av det dei kalla det danske målet i Noreg. Etter ein uppheta målstrid på 1950-talet fekk den sokalla riksmålsreaksjonen tvinga fram at samnorskstrevet skulde stoggast. Ei rad former som skulde vera like i bokmål og nynorsk fekk no hava tradisjonelle bokmålsformer, medan bokmålsformene vart pressa inn i nynorsken.

Ivar Aasen-sambandet ynskjer å atterreisa eit norskrøtt skriftmål som kann vara lengje i landet. Me vil hava målvokster på heimlege, norske røter og hev arbeidt med å hevda det me kallar for høgnorsk. Det vil segja ein nynorsk som held uppe vokalrikdomen i endingsverket. Høgnorsken hev vokalrikdom i ord som "boki", "gjentor", "ei visa", medan bokmålet berre hev -e i tilsvarande endingar; "boken", "jenter", "en vise".

Ivar Aasen-sambandet tevlar ikkje med resten av norsk målrørsla, men hev ei sergjerning i rørsla. I Sambandet kann både lag og einskildmedlemer vera med.


Olav Torheim, 20080205

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag