YMIST

Bladstyrarskifte - Jostein Krokvik gjeng av

Av helsegrunnar av Jostein Krokvik vorte nøydd til å trekkja seg attende frå bladstyrarkrakken. Bladstyret i Vestmannen hev dryft stoda, og me ynskjer at bladet held fram. Det er i skrivande stund ikkje fastlagd kva fylgjor eit bladstyrarskifte vil få. Mangt ved bladdrifti må vurderast på nytt.

I dette nummeret vil me umframt anna stoff sjå attende på bladsoga til Vestmannen. Jostein Krokvik hev her vore den drivande og berande krafti. Det var han som sette Vestmannen i gang, og som greidde å visa alle spådomar um at bladet ikkje var liv laga til sides. Med den store arbeidsevna si hev han makta å gjera høgnorsksaki til ei sak med eit godt grunnlag fyre seg. Vestmannen hev dana mynster for mål og målbruk millom eit ettermåten stort kringvære.

Trass i arbeidspress og mange uppgåvor av alle slag, hev Krokvik alltid halde humøret ved like. Han hev sett positivt på det meste, og slik hev han stogga kritikarane av bladet og høgnorsksynet. Denne evna til alltid å sjå det positive er ei evna som må vera eit livsvilkår for Vestmannen frametter òg. Ein må vera vaktsam og kritisk til mangt av det som skjer i målrørsla, men likevel nyttar det ikkje å melda seg ut av diskusjonane. Ein må taka folk som dei er, og ikkje som dei skulde ha vore.

Jostein Krokvik hev jamt kome med innspel og idear til målarbeidet i høgnorskrørsla. Han hev alltid tenkt ut ting som kann gjerast og som vil gjeva framgang. Eit av desse innspeli var det som dana grunnlag for høgnorskringen. Andre hev ført med seg bokutgjevingar. Og atter andre hev gjeve framgang på nye frontar. Når Jostein Krokvik no er løyst frå bladstyrararbeidet, vonar me at han skal få kvilt seg, so me framleis kann få høyra gode råd og konstruktive innspel frå han.

Jostein Krokvik ein ven!

Jostein Krokvik hev gjenom alle dei år eg hev vore målmann vore ein nær ven. Eg starta venskapen med Krokvik gjenom at eg skreiv brev til han. Eg fekk venlege tilbakespel,og mange er dei samrådingane og meiningsutvekslingane me hev havt. Krokvik hev vore ein læremeister. Han hev allstødt gjeve meg gode råd.

Um målsoga hev eg lært mykje av han. Me hev lese målpolitiske bøker og havt mang ein tvomanns studiering kring 1917- og 1938-rettskrivingi. Kva var kreftene attum rettskrivingsendringane ? Og kva førde rettskrivingsendringane vidare. Dette hev vore spursmål som me hev havt fyre oss.

I praktisk målarbeid hev Krokvik havt mange framlegg som han hev retta til Vestmannalaget, Vestlandske Mållag og Ivar Aasen-Sambandet. Framleggi hans hev vore konstruktive og ambisiøse. Mange av utbydingane som Krokvik hev sett fram stend det att å gjera noko med framleis.

Krokvik er ein diplomat. Han let alle meiningar få koma til uttrykk fyrr han ytrar seg. Men på same tid hev han stade trygt på eit målpolitisk grunnlag, og han hev aldri vike ein tomme her. Det stend det age av. Sume hev tykt at Krokvik hev vore for prinsippfast, men dei skal merka seg at han jamnast hev late seg påverka av nye tankar og ordskifte meir enn mange andre. Det krevst stor fleksibilitet til for å endra målsyn. Krokvik braut med den nynorsken han hadde lært i skulen og med den nynorsken han hadde nytta i eit utal av bøker. Det var eit stort steg.

Krokvik hev stega ut og lagt eit grunnlag for å arbeida vidare. Eg veit det er mange som hev vyrdnad for det arbeidet som Krokvik hev gjort, same kva dei meiner um rettskrivingsspursmåli.

Stykket stod på prent i Vestmannen nr. 2 2000.


Lars Bjarne Marøy, 20060118

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag