YMIST

Tradisjonelle former som ikkje må takast ut or nynorskrettskrivingi

Lista var vedlegg til Ivar Aasen-sambandet si høyringsfråsegn um framlegget til ny rettskriving i nynorsk

  • ordformer med einskild m som brame og rjome (pkt. 3.1.[1])
  • -a i ubundi form eintal av hokynsord: (ei) visa (pkt. 3.2.1.a)
  • -or, -one i mangtal av linne hokynsord: visor - visone (pkt. 3.2.1.b)
  • mangtalsformene menner, vemmer, myser og lyser (pkt. 3.2.1.c)
  • dei regelrette mangtalsformene feilar (til ein feil), møbel (til eit møbel) og miler (til ei mil) (pkt. 3.2.1.c og d)
  • lagord på -ut: steinut, ruskut (pkt. 3.2.2.c)
  • varaordi onnor og nokor (pkt. 3.2.3.d)
  • dei sterke verbformene fær, fenge, slær og slæst (pkt. 3.2.4.d) og bjoda, byd (pkt. 3.2.4.j)
  • dei regelrette og upphavlege fyrrtidsformene sagde og lagde (pkt. 3.2.4.e)
  • komparativ nørdre, som syner samanheng med superlativ nørdst (pkt. 3.2.5)

Elles ei rad einkildformer og skrivemåtar det er gjort framlegg um å taka burt, anten sam­røystes elder av nokre i nemndi (pkt. 3.3):[3]

Fell burt	Stend att	BM

flit            flid		flid
mod		mot		mot
moda		mota		-
slut		sludd		sludd
ær		arr		arr
star		stær		stær
fite		fete		-
sev		siv		siv
tri		tre		tre
vinstre		venstre		venstre
bræ(da)		bre(da)		bre
brækja		brek(j)a	breke
bræsa		bresa		-
dæld		deld		-
fræs(a)		fres(a)		fres(e)
gjæta		gjeta		gjete
gjætar		gjetar		gjeter
her		hær		hær
krækjebær	krekebær	krekebær
kræmar	        kremmar	        kremmer
kræsen		kresen		kresen
kvæde		kvede		kvede
kvæn(sk)	kven(sk)	kven(sk)
kvæsa		kvesa		hvese, kvese
samkvæme	samkvem	        samkvem
ser(-leg)	sær(-leg)	sær(-lig)
skræma	        skremma	        skremme
spræk		sprek		sprek
stræna		strena		-
sæte		sete		sete
sæter		seter		seter, sæter!
æsa		esa		ese
bjoda		by(da)		by
gjosa		gysa		gyse
gjota		gyta		gyte
ljod		lyd		lyd
ljota		lyta		-
sjoda		syda		syde
skjota		skyta		skyte
bok		bøk		bøk
mòl		møll		møll
jøtul		jutul		jutul
kluft		kløft		kløft
tunna		tønne		tønne
turka		tørka		tørke
turr		tørr		tørr
læsa		låsa		låse
mæla		måla		måle
hanga		henga		henge
honk		hank		hank
horr		harr		harr
horv		harv		harv
moske		maske		maske
tonn		tann		tann
tropp		trapp		trapp
ovund		avund		avund, avind
bubla		boble		boble
jol		jul		jul
skjol		skjul		skjul
smolt		smult		smult
ukse		okse		okse
so		så		så
rudning	        rydning	        rydning
sud-		sør-		sør-
tunn		tynn		tynn
dråp		drap		drap
ålmuge		allmuge	        allmu(g)e
ålmenn		allmenn	        allmenn
tilfelleleg	tilfeldig	tilfeldig
treskel		terskel		terskel
trøndsk	        trøndersk	trøndersk, trøndsk!
verde		verd, verdi	verd, verdi
vækja		veikje		-
idrott		idrett		idrett
mid-		midt-		midt-
skirseld	skjærseld	skjærseld, skjærsild

Som det gjeng fram av yversyni, samsvarar dei nye eineformene heilt med bokmål - i visse høve gjeng nemndi jamvel so langt at ho forbyd det som er norske former i norsk-dansken (sæter og trøndsk).[4]

Ein sermerknad um trå og treda

Når det gjeld gjerningsordi trå og treda (pkt. 3.2.4.h og i), ser det ikkje ut til at nemndi hev havt heilt klårt fyre seg kva for nokre ord det gjeld. Det finst tvo ord trå, der det eine tyder ’gjerne vilja hava, hava hug på, fysa’ og det andre ’stiga, ganga’ (jf. t.d. Nynorsk­ordboka). Det fyrste hev allveg vore bøygt lint (trådde), men det andre er i røyndi eit avbrigde av gjerningsordet treda (Aasen-form), som tradisjonelt hev sterk bøygjing med fyrrtid trod. Difor kann trå i tydingi ’stiga, ganga’ hava den sterke bøygjingi tråtrærtro(d)trede, som nemndi vil til livs. I konklusjonen segjer ho at «Me rår til å halda på den svake (og tradisjonelle) bøyinga trå - trår - trådde - trådd/trått.» Her byggjer nemndi på at ho hev funne den linne bøygjingi i 1918-landsmålsordlista og i 1938-rettskrivingi. Men då kann det like gjerne vera ordet trå ’gjerne vilja hava, hava hug på, fysa’ som er meint.

Sameleides hevdar nemndi at bøygjingi tretrertreddetredd/trett er den tradisjonelle bøygjingi for ordet treda (i konklusjonen på s. 142), men det samsvarar ikkje ein gong med den norm­historikken ho legg fram lenger uppe på same sida. Her er det heilt klårt tredatredtrodtrede som er den tradisjonelle bøygjingi, berre med det undantaket at Aasen hadde a-ljod i fyrrtidstillegget (hever tradet).

Mangfeldet av bøygjingar til trå og tre(da) grundar seg mykje på jamlagingar (analogiar) i bøygjingi av det upphav­leg sterke gjerningsordet treda ’stiga, ganga’, gno. troða. I gamal­norsk var bøygjingi soleides:

troðatrøð/treðtraðtráðumtroðinn

Ordet ser ut til å ha fenge fyrrtid *tróð tidleg etter sette klassa (slásló), jf. at det finst døme på mt. tróðu i gamalislendsk (Venås: Sterke verb i norske målføre, s. 298) og at a-ljod ikkje er funne i nynorsk. Nemneformi troða hev vakse ljodrett til trå, og kann henda trø, som òg kann vera ei avleiding med upphavleg linn bøygjing (gno. *trœða). Ordet trø vert jamt bøygt lint (trødde). Formi trå derimot, kann hava sterk bøygjing attved linn (trådde), både i målføri og i stats­norsken:

tråtrår [trær] – tro(d)trede

Attåt finst på eigen plass i ordboki formi tre(da), med desse valfrie bøygjingane (den mest tradisjonelle øvst; eg hev valt ein litt annan framstellingsmåte enn i t.d. Nynorskordboka):

  1. treda - tred - trod - trede
  2. tre - trer - tro(d) - trede
  3. treda - treder - tredde - trett/tredd
  4. tre - trer - tredde - trett/tredd

Her er den fyrste bøygjingi mesta den same som den Aasen set upp i Norsk Ordbog (NO), berre at han valde tradet i fyrrtidstillegget. Det er i røyndi merkelegt at Aasen sette upp nemneform treda, etter di han høyrde mest trå (jf. NO), som attpåtil svara heilt til gno. troða. For når det kjem til stykket, må formene med -- vera påverka av lågtydsk treden, jf. Nynorskordboka, og skulde høva dåleg til norsk samleform.

Soleides som normeringssoga er for desse ordi/ordformene, og dei noko rotute tilhøvi i mål­føri, bør Språkrådet gjera minst mogeleg med deim. Det bør i alle fall ikkje gjerast noko fyrr Språkrådet hev sett seg grundigt inn i det språklege grunnlaget. Framstellingi i utgreidingi er alt anna enn sætande.

Det ein kunde gjera, var å taka burt den linne bøygjingi til trå ’stiga, ganga’, skrivemåten <tro> utan sogeleg -d (jf. gleid, baud, stod utan umsyn til bøygjingi elles), og kann henda den linne bøygjingi tredatreder, som synest hava lite grunnlag. Då sit ein att med:

  1. trå - trår/trær - trod - trede
  2. tre(da) - tred/trer - trod - trede
  3. tre - trer - tredde - trett/tredd

Formene tre og trer til treda (2) hev eg teke med i samsvar med valfridomen av slaget gli(da)glid/glir, som nemndi ser ut til å vilja gjenomføra (like vel ikkje byd/byr til by(da) av ein elder annan merkeleg grunn i pkt. 3.2.4.j). Det kunde vera ein fyremun med meir einskap i nemneform og notid av dei sterke bøygjingane, men då må ein helst velja millom anten 1 elder 2, som kann segjast å vera tvo ulike typologiske system.

Same kva ein gjer, bør ein i alle fall ikkje taka burt den sterke bøyg­jingi med trodtrede. Fyrrtidsformi trod (med daud d) er vanleg i målføri på Austlandet, og i norsk-dansk kann det heita tro attved trådde i fyrrtid av trå ’stiga, ganga’, ei form som ikkje finst i dansk. Det skulde tyda på eit breidt talemålsgrunnlag.

Klaus Johan Myrvoll

[3] Formi som vert standande att og motsvaret i det norsk-danske bokmålet (BM) er sette til, so kvar og ein kann jamføra.

[4] Tri av ordi tarv nærare kommentar: Når nemndi vil at det skal heita berre mot og mota, tyder det at det frå no av skal heita *oppmota? Og når nemndi vil taka burt den linne formi verde til verd, tyder det at andre slike par som galt/galte, holm/holme og stubb/stubbe stend for tur?


sambandet.no, 20070128

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag