YMIST

Bakgrunnen for Vestmannen

Me saksar frå årsmeldingi 1984/1985

" Vestmannalaget hev teke på seg å vera utgjevar av eit nytt månadsblad, "Vestmannen". Det skal koma med fyrste nummeret no i mars. Me reknar dette for ei sers gledeleg hending. Bladet skal vera talsmann for Vestmannasynet på målreising og måldyrking. Det skal skrivast på klassisk nynorsk, men det skal sjølvsagt gjeva rom for meiningsbrytingar. Upptaket til bladet gjorde forfattaren Jostein Krokvik, Fiskåbygd på Sunnmøre i 1984. Han kom i eit brev til Vestlandske Mållag med framlegg um å skipa eit blad som kunde heita Vestmannen. Det var det namnet som ein annan sunnmøring, bladmannen Rasmus Steinsvik, sette på eitt fyrste blad, som han skipa i Volda i 1887 og som han i 1889 slo saman med "Fedraheimen". Styri i Vestlandske Mållag og Ivar Aasen- Sambandet dryfte framlegget frå Krokvik, på eit møte i Bergen 29. juni 1984. Dei tvo styri var positive. Og i møte 3. oktober 1984 gjorde so stjorni i Vestmannalaget vedtak um å yta ein startmidel på 20.000 kr. frå Fritz Monrad Walles fond til det nye bladet. Vilkåret var at det fyreåt var skaffa eit tingargrunnlag som gjorde det forsvarleg å gå i gang. I årsmøtet sitt den 16. november 1984 fylgde Vestlandske Mållag upp. Laget løyvde 10. 000 kr. i startmidel, på same vilkår som Vestmannalaget.Det vart so sett i gang tingarsanking gjenom skriv til einskildpersonar og folkeboksamlingar. Skrivet hadde dette innhaldet :

Vestmannen eit nytt blad

LAT OSS SKAFFA TINGARAR

Eit nytt månadsblad er i emning. Det skal heita "Vestmannen", og det vera talsmann for klassisk nynorsk. Det trengst vakthald um det norske målet no. Stendig fleire kulturmedvitne nordmenn skynar kor viktig det er å taka var på den arven som Ivar Aasen blenkte upp og gjorde eit kulturmål. Ideen um bladet "Vestmannen" er komen frå Sunnmøre, og forfattaren Jostein Krokvik, Fiskåbygd, som hev fenge litterære prisar for bøkene sine, skal styra bladet.Han fær hjelp av andre kjende og skriveføre målmenn.

"Vestmannen" skal gjeva upplysning um målspursmål,nøra sansen for alt åndsliv, gjeva rom for litterære innslag, halda uppe kristne grunn-normer, syna tolsemd i livssynsspursmål,og mana til sjølvstendig tenkjing.

"Vestmannen" kann verta ein verdfull bindelekk for norskdomsfolk og for alle andre kulturelt interesserte, dersom me samlar oss um bladet. Det skal koma med 10 eller 11 nr. i året. Vestmannalaget hev lova ein startkapital, men vilkåret er at me tryggjer ein tingarflokk fyreåt.

No bed me alle som fær dette skrivet : Tinga "Vestmannen" sjølv, og få andre til å tinga det. Lat oss gjera dugnad ! For heile året 1985 skal det kosta kr. 75,-. Bladpengane kann betalast når fyrste numret er kome.

Bergen, i november 1984.

sambandet.no, 20060118

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag