YMIST

Høyringsfråsegn um framlegget til ny rettskriving for nynorsk

Ivar Aasen-sambandet hev vorte gjort kjent med framlegget til ny rettskriving for nynorsk dagsett 30. oktober 2002, og hev sett seg inn i det. Etter ei samla vurdering vil me råda frå at det vert vedteke. Me meiner ein bør leggja til grunn heilt andre prinsipp for statleg normering og vern av nynorsken enn det Språkrådet hev gjort.

Nynorsken liver under eit varugt sterkt press frå fleirtals(skrift)målet i landet, det norsk-danske bokmålet. Det fører til at nynorsken misser fleire og fleire av sermerki sine, både gjenom medviti utrein­sking av «avstikkande» drag og meir elder minder umedviten granne­måls­­påverknad. Attåt hev nynorsken vore offer for ein hardhendt samnorsk­politikk, der mange tradisjonelle former og måldrag hev vorte fjerna frå rettskrivingi elder nedstøytte til sideform­er. Dette er ålvorleg, etter di nynorsken, som er eit lite mål, treng sårt ein stødug skrift­tradisjon med nære og sterke røter til upphavet sitt.

Det er dei tradisjonelle sideformene det stend um no. Med di Kulturdepartementet og nynorsk­deildi i Norsk språkråd vil taka burt skilet millom hovud- og sideformer, ser Språk­rådet seg nøydt til å skjera burt nokre av sideformene ut ifrå eit ynskje um ei meir einfeld og yver­synleg rett­skriving. I prinsippet kann det hava noko fyre seg å minska valfridomen, ikkje minst med tanke på at denne valfridomen er ei hjelperåd i arbeidet med å veikja Aasen-målet. Attåt hev den vide nynorsknormi vorte eit bægje for deim som skal læra seg målet.

Men Ivar Aasen-sambandet er ikkje samd i framgangsmåten Språk­rådet hev valt. Det er gjort framlegg um å taka burt ei rad tradisjonelle former som hev hevd heilt attende til det fyrste nynorske skriftmålet og Ivar Aasen. Mange av desse formene er viktuge målmerke i den tradisjonelle nynorsken. Det gjeld t.d. lagord på ­-ut, (steinut, ruskut), varaordi nokor og onnor, ljodbrigde former av sterke gjerningsord som fær og slær og einskildformer som rjome, ljod, jol, tri, ser, so, hanga, ålmuge, tilfelleleg, treskel og trøndsk. Her hev me berre nemnt nokre døme der alle nemndemennene hev vore samde. Me viser elles til den vedlagde lista yver tradisjonelle former som ikkje må takast ut or rettskrivingi.

Det verste slaget mot Aasen-målet er like vel framlegget um å taka burt bøygjingi av linne hokynsord med mangtal på -or og -one. I motsetnad til dette framlegget skal formi bygdi få standa. Dette er å kløyva i-målet i tvo: i ein tillaten og ein forboden lut. I grunn­gjevingi for å taka ut mangtal på -or heiter det m.a. (s. 115):

Desse formene har svakare talemålsgrunnlag enn i-målet, som dei heller ikkje heng strukturelt saman med, og det finst nynorskbrukarar som skriv i-mål utan å bruke -or og -one i fleirtal.

Det finst nokre som skriv bygdi, men ikkje visor, men dei er sers fåe. Me kjenner berre til éin – professor Andreas Bjørkum. På hi sida hev det vore fåe som hev skrive visor, men ikkje bygdi; Kristofer Uppdal er eit døme. Hovud­straumen hev allstødt vore at desse dragi hev fylgst åt, jf. at dei hev gjort det i dei mange rettskrivingsbrigdi òg. Frå nyare tid kann me nemna skaldane Jan-Magnus Bruheim og Olav H. Hauge og målgranskarane Johan A. Schulze, Gudlaug Nedrelid og Rolf Theil Endresen, som alle hev nytta både i-former og -or, -one. I dag er det ein etter måten stor flokk som skriv tradisjonell nynorsk, høgnorsk, og alle dei skriv både bygdi og visor (jf. målet i Vestmannen og det nyskipa bladet Målmannen).

Den same samlivnaden finn me i mål­føri, der eit stort målvald frå Sætisdal i sud, gjenom Midlandet til Romsdalen og Nord­møre i nord hev skilnad millom både bygdi og visa og bygder og visor, t.d. telemål bygdivisa, bygdirvisur, elder nordmørsmål bøgdaviså, bøgdeviså. Det er helder ikkje rett når nemndi seg­jer at i-formene og endingane -or, -one ikkje heng «strukturelt saman». Det grunnleggjande i i-målet er skilnaden millom sterke (bygd) og linne hokynsord (visa), og den må synast i mangtal (bygder, men visor) like mykje som i eintal (bygdi, men visa). Med andre ord bryt framlegget med både den nynorske skrifttradisjonen, normerings­praksisen på 1900-talet og storluten av målføri som skil millom sterke og linne hokynsord, attåt at eit utbreidt drag i norsk (-or) gjeng tapt, ein lut av den grunnleggjande vokal­triklangen (iau/o).

Heile vegen i utgreidingi vert det vist til det som vert kalla skriftmålsgrunnlaget. Det er stort sét frekvensteljingar av rådande skriftmålstilstand, med andre ord ei talfesting av den sterkt bokmåliserte nynorsken som vert skriven i dag. Det er ålment kjent at sideform­­statusen vert rekna for ein «B-stempel», og at mange mål­brukarar kvider for å nytta deim. Det heng saman med at elevane korkje møter desse formene i lærebøkene elder vert upplærde til å nytta deim. Då er det ikkje anna å venta enn at sideformene gjeng attende i bruk. Difor kann det ikkje vera noko avgjerande argument mot ei sideform at ho er «lite bruka»; det segjer seg i røyndi sjølv. Her stend det upp til Språkrådet å vera med på å forma og påverka dei skrift­normene som vert gjeldande, og då burde dei sjå seg tente med ein nynorsk som skil seg klårt ut frå norsk-dansken og som knyter band til den rike litterære nynorsktradisjonen med Aasen, Vinje, Garborg, Aukrust og Hauge millom dei fremste. Ein politikk som fører til at nynorsken vert meir og meir lik hitt målet, gjer honom beint fram uturvande; det vert eit dåmlaust og uinteressant mål som færre og færre ser vitsen i å halda uppe.

Den ubundne formi på -a i lint hokyn kann vera eit døme på at Språkrådet hev vunne fram med forbodslina si. Her segjer nemndi i røyndi mot seg sjølv. På s. 113 heiter det:

Det er den manglande skriftspråksbruken som gjer det vanske­leg å forsvara at a-endinga skal kunna vera valfri. No treng ein ikkje undrast på at denne forma har vorte så frå­verande i skrift, for etter 1938 var ho ikkje med i norma i det heile.

På s. 114 hev dette vorte til denne konklusjonen: «Ut ifrå den skriftspråkspraksisen me ser, er -a-forma i ubunde eintal av svake hokjønnsord etter innføringa av [-a] på ny så lite brukt at det er grunn til å ta ho ut or nynorsknorma.» Ein må spyrja seg um bruksfrekvensen er noko argument for å taka ut a-formi, som kom inn att i 1983 etter 45 år utanfyre rettskrivingi. I dei nittan åri som hev gjenge, hev ho livt eit anonymt liv i fyreordet åt Hellevik og bøygjings­lykelen fremst i Nynorskordboka, og no skal utfallet av denne politikken (som Språkrådet hev vore med å leggja grunnen for), «den manglande skrift­språks­bruken», gjeva henne banehogg å nyo. Kva er logikken i dette? Er det ikkje eit mål med ein viss kontinuitet i rettskrivings­arbeidet?[1]

Um den ubundne formi på -a (ei visa) heiter det elles at ho er «ei strukturell ulempe» (s. 113), men dømet som skal syna dette, er eintydigt. No må du skriva visa om ho Kari kann ikkje vera anna enn døme på bruk av ordet visa i bundi form eintal. Den «strukturelle ulempa» er kann henda ikkje so stor like vel?

Det er ikkje noko argument mot å halda på dei tradisjonelle formene at dei skaper vingl og ustøda. Snarare tvert um; det er dei som skaper samanheng og stødleik i målbygnaden. Eit døme på det kann vera mangtalsformi menner, som er regelrett for namnord med ljodbrigde (jf. tenner, hender), i mot­setnad til menn. Dessutan samlar dei tradisjonelle skrivemåtane alle målføreavbrigdi etymologisk inn under seg. Det er t.d. tilfellet med skrivemåten ukse, som opnar for både /ukse/ og /okse/ i uttala (jf. /bokk/ for bukk). Eit anna døme er kvæde, som kann lesast både /kvæ:e/ og /kve:e. Ljodane e og æ hev falle saman mangstad, og då er det berre ordsoga som kann fortelja oss kva me skal skriva. Men i nokre målføre skil dei enno, og då er det skilnad på å kveda og eit kvæde (t.d. vest-telemål /å kve:a eit kvæ:i/). Med skrive­måten kvede fær ein ikkje fram denne skilnaden.

Det er helder ikkje noko argument mot å halda på dei tradisjonelle formene at dei fleste som nyttar deim, like vel ikkje held seg til den statlege rettskrivingi.[2] Målet åt ein samskipnad som Ivar Aasen-sambandet er sjølvsagt at alle tradisjonelle former som hev vore i samanhangande bruk sidan Ivar Aasen, skal koma i bruk på alle umkverve att. Difor vil me skriva so sermerkt norskt som råd er, utan umsyn til kva Språkrådet vedtek. Men eit viktugt stig på vegen mot ein samlande nynorsk er at ikkje den statlege nynorsken rek lenger burt frå det upp­havlege stødet sitt enn han alt hev gjort.

Etter at samnorskbodet i Lov om Norsk språkråd er attra, burde det ikkje vera uppgåva åt Norsk språkråd å sjå på kva for nokre tradisjonelle former som skal takast ut or rettskrivingi, men helder kva for nokre tradisjonelle former som kann koma inn att (jf. rettskrivingsbrigdet for bokmål i 1981 og upptaket av talformene syv, tyve og tredve no nyleg). Det er ei kjens­gjerning at mange tradisjonelle former hev vorte skovne ut or den statlege rettskrivingi som lekk i samnorskpolitikken, og dersom Norsk språkråd gjer vedtak um ny rettskriving i samsvar med det utsende fram­legget, vert denne lina berre førd endå lenger. Uppgåva for Språkrådet bør vera å halda att i høve til den bokmål­iseringi som trugar nynorsken, og ikkje å skunda på.

Med utgangsstøde i stoda for nynorsken i dag, vil Ivar Aasen-sambandet setja fram desse prinsippi til grunn for arbeidet med nynorsken frametter:

Alle tradisjonelle former og skrivemåtar som finst i rettskrivingi enno i dag, vert standande urøyvde.

Dei verste utslagi av samnorskpolitikken vert tekne burt.

Tradisjonelle former og skrivemåtar som vart utskotne i samnorsktidi, vert tekne inn att.

Dei bokmålsnære formene i nynorskrettskrivingi tærer upp nynorsken innanfrå. Difor er det syrgjelegt at fleirtalstilrådingi til ny rett­skriving opnar upp for ei rad slike former, m.a. einljoda former som drøm og glømme, j-lause former som tenke og bygge, inkjekyn opent, kristent, varaordet noen og ei rad einskildformer som enten, bare, gjøre og hjerte. Dette er rein tilnærming til norsk-dansken, og skadar nynorsken som eige mål.

Like vel kann ikkje Ivar Aasen-sambandet ganga med på at tradisjonelle former vert «ofra» mot tilsvarande tap på hi sida. Dei tradisjonelle formene er mergen i det nynorske målet, og um dei fell burt, misser nynorsken tilveregrunnen sin. Det er viktugare for oss at dei tradisjonelle formene vert standande enn at sume av samnorskformene fell burt. Med andre ord er punkti ovanfyre (1–3) ei prioritering òg, der det fyrste punktet gjeng fyre dei hine.

Ivar Aasen-sambandet gjeng imot framlegget til ny rettskriving, og råder til at det ikkje vert gjort noko vedtak no fyrstundes. Me ynskjer at saki skal få ei breid dryfting i målrørsla, der spursmålet um framtidi åt nynorsken stend sentralt. Nynorsken er åt å verta eit underbruk av norsk-dansken, og difor er det ei stor ulukka for nynorsken um Språkrådet tek burt dei tradisjonelle formene.

Med vyrdsam helsing

Klaus Johan Myrvoll

formann i Ivar Aasen-sambandet

Avprent til:

Kultur- og kyrkjedepartementet

Noregs Mållag

Norsk Måldyrkingslag

Dag og Tid

[1] Det gjeld ikkje minst formi so, som kom inn att so seint som i 1991 (s. 152 i utgreidingi)!

[2] Det er elles ikkje tilfelle med ei rad einskildformer det no vert gjort framlegg um å taka burt, t.d. tri, ser, ljod, hanga, jol, so og ålmenn, former som vert nytta av folk som skriv a-mål òg.

Vedlegg: Tradisjonelle former som ikkje må takast ut or nynorskrettskrivingi


sambandet.no, 20070128

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag