YMIST

Vestmannen - litt bladsoga for leselystne

Vestmannen hev no gjenge i 15 år, og det kann høva å sjå seg attende. Dette tilbakeblikket er ikkje meint å vera nokon autoritativ gjenomgang. Men det kann vera ein høveleg introduksjon til bladsoga.

Vestmannen
1.0 Kort um den administrative soga og Vestmannalaget.

Bladet Vestmannen vart sett i gong etter tildriv frå Jostein Krokvik. Han sette seg i samband med Ivar Aasen- Sambandet og andre lag i høgnorskrørsla. Vestmannalaget gjekk hausten 1984 inn for å løyva 20 000 kronor til bladskipingi. Laget byrja so å sanka tingarar. Målet var 500 tingarar, men talet vart ikkje so høgt. Likevel vart talet so høgt at laget fann det forsvarleg å setja i gong drifti av Vestmannen.

Bladet tok til å koma frå 1985. Bladet vart gjeve ut i Bergen, og Vestmannalaget hadde arbeidet med å sanka og registrera tingarar og tok seg eg av den økonomiske administrasjonen av bladet. Ludvig Jerdal og Conrad Clausen (fram til han død i 1990) engasjerte seg mykje i arbeidet med bladet med bladskriving, og hadde kontakten med prenteverket. Helge Liland hadde uppgåvone med administrasjonen.

Fram til nr. 8. 1991 vart Vestmannen prenta hjå Rhema Grafisk i Bergen. I 1991 vart prentingi av bladet flutt til Fiskåbygd. Frå nr.9 vart bladet prenta hjå Nytrykk Fiskåbygd. Fyrr den tid hadde bladet vore sett upp med manus på papir. No tok Krokvik til å føra bladet inn på data. Bakgrunnen for at me skifta var visst nok at prenteverket i Bergen vilde ha same sum trass i at Krokvik hadde sett det upp på data. Det tykte Jerdal var urimeleg og vilde skifta prenteverk. Krokvik røkte etter i heimegrendi, Fiskåbygd. Der kunde prenteverket prenta mykje billegare.

I 1994 vart den daglege økonomiske drifti flutt til Krokvik og Fiskåbygd. Det var etter vedtak i stjorni 3 mars 1994. Det same skjedde med tingarregistreringi. Helge Liland er no bokførar for Vestmannen.

2.0 Verknaden av bladet.
Dette er ikkje ei lett sak å greida ut um stutt. Vestmannen kom på eit heldig tidspunkt.
Det var mange aktivistar att frå stridane med Noregs Mållag, og dei hadde høve til å organisera seg betre kring eit blad. Det vart høve til å koma med jamlege utspel og ikkje berre småe drypp i pressa som heilskap.

Nynorsknormalen var i mange tilfelle lite påakta. Når ein ser sumt av det som vart skrive i målungdomskrinsar på denne tidi, må ein lura på kor lenge ein kunde halda uppe interessa for nynorsken på eit so utvatna grunnlag. Det kunde berre gå ein veg. Det laut verta ei endring til det betre.

Det var på ei tid då høgnorsktankane vart aktuelle i Norsk Målungdom frå no NMU. Roar Madsen som var leidar i NMU i 1984 hev fortalt at han og andre målungdomar hadde byrja å interessera seg for Gustav Indrebø og høgnorsken. Dei var skeptiske til den veldige utglidingi som bar til i nynorsknormalen.

Viktig var det òg at Vincent Færavaag var aktiv i Oslo Mållag på denne tid. Han nytta høgnorsk, og var i fleire år ein leidande ideolog for mange av dei fremste aktivistane i Målungdomen. Dei søkte råd og rettleiding hjå honom i fleire høve.

Soleis var det eit visst grunnlag for Vestmannen då han kom. Og det var tidleg god kontakt millom Jostein Krokvik og fleire av dei mest aktive i NMU. Sameleis vart bandi knytte til Sigurd Sandvik. Desse tvo og kannhenda andre vestmenn vart nytta på fleire tilskipingar i NMU. Der argumenterte dei sterkt for Vestmannasynet.

Mange i målungdomen la seg til med eit meir tradisjonelt mål. Og sume nytta rein høgnorsk etter mynster av Krokvik. Ein bolk var det vanskeleg å sjå skilnad på målbruken i Vestmannen og bladet til målungdomen. Men det kom ein reaksjon mot den mest høgnorskorienterte språkbruken. Ein samla seg um det som difust hev vorte kalla for NMU-normalen. I dei siste åri hev det reist seg kritiske røyster mot denne lina.

3.0 Tenlege verknader.
Koplingi millomVestmannalaget/høgnorskrørsla hev vore gagnleg på fleire måtar. Målungdomen hev vore viktige spreidarar av godt mål. Til dømes heitest det at målungdomen spreidde fleire tusund eksemplar av eit skrift som Norsk Måldyrkingslag gav ut. Skuleboknemndi åt Studentmållaget hev vore ein viktig tilskotsytar til bokutgjevingar på Norsk Bokreidingslag. I dei siste åri hev Håvard Tangen vore skrivar i Skuleboknemndi. Han er eit arbeidsjarn som alle må kunna segja seg tent med. Han hev gjort eit stort arbeid med Norsk Målsoga.

Det fundamentale verket hev vorte innlese på data av Håvard og medhjelparane hans. Men ikkje berre det. Han hev sytt for at den faglege kvaliteten i dette vanskelege arbeidet hev vorte framifrå. Han hev her samarbeidt med fagmannen Johan Schultze. Schultze hev havt andsvaret for å trekkja inn den utelatne bolken frå målsoga, og han hev sett inn denne bolken med dei tilvisingar og det uppdateringsarbeidet som Indrebø ynskte. Dette arbeidet hev so langt vorte klarert med Oddvar Nes som hev arbeidt mykje med Indrebø og med utgjevingar på Bokreidingslaget. Nes er professor i nordisk målvitskap.

Me hadde neppe fenge gjort so mykje godt arbeid for høgnorsken utan Vestmannen.

4.0 Bladskriving og bladskrivarar
Fleire skribentar hev vorte inndregne undervegs. Sume vilde ha skrive på høgnorsk kor som er. Sume hev lært målet gjenom bladet.
Den fremste og mest duglege gjenom åri forutan Jostein Krokvik og Ludvig Jerdal er kanskje Arne Horge. Han hev arbeidt på for høgnorsken og skrive i mest kvart einaste nummer heilt frå den fyrste pionertidi på 1980-talet.

Frå målungdomen er det vel nokre namn som serlege hev gjenge att Bård Eskeland, Hans Olav Brendberg og Håvard Tangen. Andre namn frå NMU som kann hev vore knytte upp til høgnorskrørsla og Vestmannen er Roar Madsen, Jardar Eggesbø Abrahamsen og Sjur Moshagen. I den seinare tid hev òg Olav Torheim kome til med heimesidone til Vestmannen på internett.

Elles hev gode skribentar som K. E. Steffens skrive mykje. Johannes Gjerdåker bokreidaren,forfattaren og kulturpersonlegdomen frå Voss. Gudmund Harildstad som arbeider ved Institutt for leksikografi og lingvistikk. Og mange fleire.

Desse skribentane er dei som held liv i bladet. Dei skriv godt mål og dei hev hug på å engasjera seg i markera høgnorsken utetter for ein vidare lesarkrins. I tillegg til dei som er aktive skribentar i bladet fostrar Vestmannen stødt nye høgnorskrivarar. Internett hev i dag gjort det høgnorsken målet og høgnorske skrifter meir tilgjengeleg enn fyrr, men Vestmannen er kor som er eit samlingspunkt som kjem til faste tider.

Stykket vart skrive i år 2000, tvo år fyre Lars Bjarne Marøy vart avsett som bladstyrar og utgjevingsruta kutta ned frå 10 til 6 nummer i året.


Lars Bjarne Marøy, 20060118

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag