YMIST

Skal halda årsmøte i uppløyst lag

Denne pressemeldingi vart send ut etter at Ivar Aasen-sambandet hadde vorte formelt nedlagt 17. april 2004.

Det er ikkje kvar dag at ein upplever at nokon held årsmøte i eit lag som er nedlagt. Lag kann sume tider verta nedlagde ved at arbeidet i lagi stoggar. Det vil segja at fyremålet til laget vert uaktuelt eller at det vert uråd å samla folk kring å fremja eit fyremål.

Ivar Aasen-sambandet hev vore landssamskipnaden for dei som hev studt upp um dei prinsippi som Ivar Aasen fylgde då han laga nynorsken. Sambandet vart skipa i 1965, og fyremålet var millom anna å verja og dyrka det norske målet på heimleg norsk og norrøn grunn i samhøve med verket åt Ivar Aasen. Vidare heitte det at laget skulde «trottugt arbeida for at det [det norske målet] til kvar tid og på alle umkverve kann vera ein fullgod ordleidingsreidskap for nordmenn».

I dag hev Ivar Aasen-sambandet vorte lama av indre strid. Styret i laget kalla inn til årsmøte i Bergen 17. april. På dette årsmøtet vart det vedteke å løysa upp laget.

I vedtaket heiter det millom anna:
«Ivar Aasen-sambandet var samla til årsmøte 17.4.2004. Ingen på dette årsmøtet vilde taka på seg å sitja i styret. Årsmøtet vedtok difor å løysa upp laget. [...] Eiga i samskipnaden vert yverførd til Haldor O. Opedals fond etter at kostnadene til årsmøtet er dregne frå.»

Eit mindretal i styret hadde på fyrehand nekta å godtaka at styret skulde kalla inn til årsmøte. Ingen av dei som styd mindretalet møtte som utsendingar på årsmøtet i laget. Dei meiner derimot at dei skal halda årsmøte i laget 24. april. Det er soleis eit uppløyst lag mindretalet no vil halda årsmøte i.

Det høver godt, for dei som hev kalla inn til årsmøtet, vantar formelt grunnlag for det. Eit mindretal kann ikkje yverprøva den kompetansen som ligg til styret når det gjeld å kalla inn til årsmøte. Mindretalet hev kalla inn lag og lagsmenn som ikkje stettar vilkåri for å vera med i Ivar Aasen-sambandet. I tillegg vil mindretalet som kallar inn til det ulovlege årsmøtet brigda lovene i laget og setja upp ei lovnemnd. Det er soleis i realiteten ei rein nyskiping av eit lag som skal gå fyre seg. Laget kann kanskje med ein viss rett kalla seg Ivar Aasen-sambandet av 2004. Det er likevel eit heilt nytt lag samanlikna med det Ivar Aasen-sambandet som vart skipa i 1965.


Olav Torheim, 20040417

Fleire netleidarar

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag