YMIST

Eirik Hirth, ein framifrå målreisar

Eirik Hirth var ein målmann som ikkje må gløymast. Me vil med denne sida freista å draga fram den rikdomen Hirth stod for i målpolitikken i si levetid. Mangt av dette vil ha yverføringsverde og um det ikkje finst beinveges yverføringsverde i alle einskildhøve, vil det iallfall vera interessant lesnad for alle med godhug for norsk målreising og norsk målsoga.

Eirik Hirth var fødd i 1873. Eirik Hirth var ein sjeldsynt vyrd og dugande stridsmann for norsk målreising. Han var stødug, og han skyna til fullnads kva verde lagsarbeidet, samskipnadsarbeidet, hadde. Han var frå Voss der han òg hadde ættargarden på Lirhus. Men sjølv gjekk han skulevegen,og etter lærarskuleeksamen på Stord, og millomskuleeksamen, vart han lærar på Husnes i Kvinnherad der han var med og skipa Husnes ungdomslag.

I 1899 kom han til Bergen, og her var han lærar i folkeskulen heilt til han nådde aldersgrensa i 1942. Det stend age både av skulemannen og organisasjonsmannen Eirik Hirth. Han var med og skipa Bondeungdomslaget Ervingen i 1900 og var formann der i 2 år. I 1904 var han med og skipa Vestlandske Mållag, og der vart han seinare formann i 24 år utan avbrot, ein drivande og påpasseleg formann som fekk utruleg mykje gjort. I 1909 var han med å skipa Bondeungdomslaget i Bergen, ja, han vert rekna for grunnleggjaren av laget, og han var formann der i 7 og eit halvt år. Han var med i Norrønalaget Bragr, var med på Norrønaferdi i 1928, sat mange år i Bergen bystyre og var varamann til formannskapet, og han skreiv mykje i blad og bok. Han var stortingsvaramann for Vinstre og møtte på Stortinget nokre gonger.

I Vestmannalaget var han eit fast punkt, han hadde teke vare på arkivsakene og ordna dei greidt, og han var lett å samarbeida med. Han som hadde so lang røynsla og so stor dugleik gjorde det berre lett, og aldri vanskeleg, for ein mykje yngre formann i Vestmannalaget. Eirik Hirth lika seg i det gamle laget sitt, og han kom trufast på lagsmøte og stjornarmøte heilt til han fall i frå, 89 år gamal. Hirth døydde i 1962. Attåt i Vestmannalaget var han heiderslagsmann i Vestlandske Mållag, i Bondeungdomslaget i Bergen og i Noregs Mållag. Og han var heidra med Kongens påskyningsmedalje i gull.

Eg syner her til boki Vestmannalaget i 110 år ved Hanaas, Clausen og Jerdal, Bergen 1978, s. 402-404.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag