YMIST

Færøy-folket i strid for livet

Danskane sit ikkje godt i det for tidi. I sud hev dei ein tysk folkesetnad som dei fekk kara til seg ved Versailles-semja i 1920. Det var i ei vanmaktstid for Tyskland det hende. No når det er kome på føter att, melder nasjonalitetskravet seg på ny med meir tyngd. Der stend og hev stade ein stendig strid kring denne sudgrensa millom dansk og tysk og gjer grenseskilet utrygt.

I boki "Nordisk samarbeid" gjev dr. Gustav Smedal ei framifrå skildring av dansk mentalitet i samband med den saki. Kvar gong det hev knipe ved sudgrensa, var det ropa på "Nordens grensa". Då var me gode å taka til, både Noreg og Sverike. Men der imillom sparde dei korkje på dei sterke adjektivi eller knipi sine som me kjenner so godt, og som dr. Smedal hev sett under ljoskastar.

Samstundes med uroi kring den danske sudgrensa, reiser fridomsstriden på Færøyane for ålvor hovudet, ser det ut til, etter færøyske blad å døma.

Færøyane er gamalt norsk land som danskane urettvist eigna til seg i 1814. Utan heimel etter folkeretten hev dei site med dette folket og dette landet som eit anna amt med dansk folkesetnad. Dansk vart styringsmål og skule- og kyrkjemål.

At færøyfolket var eit serskilt folk med sin eigen sermerkte kultur og sitt eige nedervde mål, galdt ingen ting for danskane her. Det var berre dei som budde sud for grensa i Sørjylland som hadde krav på kulturell fridom.

Men so hende det utrulege at danskane ikkje var nøgde med berre kulturell og politisk trælking. Dei måtte ogso verta eigarar av den færøyske jordi - i alle høve kongsjordi. Og elles var alt som er under grastorva der burte. Alt dette vilde den danske staten eigna til seg utan vederlag.

Fatigt er landet og folket, sa folketingsmannen Nielsen til bergenske bladmenn. Og fatigare vil me gjera det, kunde han lagt til.

Men no vakna færøyingen og. Å taka jord frå odelsbønder er det same som å skjera i livande kjøt. Soleis er det her, og soleis er det på Færøyane. No skyna dei at striden laut takast upp for ålvor på breid front. Og no stend dei samla, kongsbønder, odelsbønder og andre jordeigarar i sine krav.

Men å prosedera på grunnlag av dansk lov, veit dei fører snaudt fram. Då kan dei verta skulda for upprørsfolk og anna sovore. Der er døme på det og.

Men no er det heller ikkje i samsvar med dansk lov det sit kongsbønder på Færøyane eller er odelsbønder der burte, men etter norsk lov. Øyane var ein lut av det norske riket - ikkje Skottland - og låg under norsk lov og den norske kongen. Lagtinget var noko heilt anna og meir enn det er i dag. Ja, Håkon den 5. Magnusson gav i 1298 ei serskilt rettarbot, "Saudabrevet" som ho er vorti kalla. (N. G. L. band 3, side 83). I 1313 gav han ei rettarbot som galdt heile Noreg, ogso Island og Færøyane. Gjenom heile unionstidi var øyane rekna for norske som ogso alle kongebrevi syner, soleis kongelovi frå 1665.

At Fredrik den 6te i Kiel snytte Karl Johan og heldt att Færøyane, var ikkje bindande korkje for Noreg eller Færøyane. Dei hev ikkje vore spurde eller hev gjeve noko samtykke. Korkje folkerettsleg eller statsrettsleg hev dei soleis heimelen til Færøyane. Dei vantar heimelsdokumentet, skøytet um du vil kalla det so, og då hev ikkje Danmark de jure fått Færøyane. Det vantar suverenitetsretten den dag idag. Eg viser her til cand. jur. H. Hoch-Nielsens bok "Færøyfolket andsynes nasjonane" (Oslo 1932).

Men då er det greidt at det er uturvande for færøyiske kongs- og odelsbønder å prosedera ei sak for dansk rett, eller på grunnlag av dansk lov. So lenge dei der nede ikkje kan skaffa til vegar eit nytt og brukeleg rettsgrunnlag, kan færøyingane trygt sitja på sine eigedomar. Dei tarv ingen ting gjera, berre halda fast på sin rett. Provskylnaden (bevisbyrden) påkviler Danmark. Deira rett til jordi er langt eldre enn den som danskane ved ei lov frå ifjor meinast kunna taka frå dei.

Og det er andre enn færøyske bønder som hev skote seg inn under gamal norsk rett. Endå so seint som i 1903 hevda ein orknøying retten til fiske etter norsk lov so ålvorleg at dei engelske styresmakter laut venda seg til det norske universitet, til professor Taranger for å få spursmålet greidlagt.

Det var noko av det same dei gjorde på Island og under fridomsstriden sin. Dei vilde ikkje gå med på at danskane hadde rett til å gjera lover for Island, at den danske grunnlov var bindande for deim og at alltinget vart som eit av dei andre amtstingi. Islendingane var eit folk og krov rett til sjølve å avgjera sin riksskipnad samhøvt med folkeviljen.

På eit alltingsmøte i 1851 krov amtmannen tinget uppløyst då han skyna han ikkje vann fram med sitt danske syn. Då var det Jon Sigurdsson, Islands fremste fridomsmann, reiste seg og sa desse historiske ordi:

"I kongens og folkets navn protesterer jeg mot denne fremgangsmåte og forbeholder tinget rett til å klage til kongen over den lovløshet som her er bragt i anvendelse".

Og alltingsmennene la til:

Vi protesterer". Og dei vann fram til slutt. Danskane hev stor umsut for sine frendar i Sørjylland, på den tyske sida av grenseskilet. Det hev dei ogso for villmannskulturen på Grønland. Men det vesle færøyfolket kan dei både politisk og kulturelt trælka, ja krev eigedomsrett til jordi deira med. -

Færøyske bønder hev reist same motmælet som Jon Sigurdsson gjorde i det islandske allting. Og heile færøyfolket bør slå ring um bondefylkingen til dei vinn fridomen sin. Folkemeiningi i Noreg kan dei lita på. Vår samhug eig dei, utan minste tanke på gamalt rettskrav.


Eirik Hirth, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag