YMIST

Frå det nordiske samarbeidet i 1860-åri

Skal det gå med Braathen og SAFE som det gjekk med THs. Heftye og telegrafkabelen yver Nordsjøen ?

Braathen hev søkt um ny konsesjon for flyruta si. Han hev som Chr. Bjelland og Svend Foyn synt at han eig mannsmot til å reisa ein ny norsk næringsveg utan riksstudnad, berre han slepp til.

Men det ser ikkje vidare ljost ut. Det nordiske samarbeidet stend i vegen, høyrest det ut for.

Eit døme frå slutten av 1860-åri kastar ljos yver hendingane no. Det er i visse måtar eit analogt tilfelle.

I ein artikkel i Morgenbladet for 18 januar 1865 held Ole Jakob Broch fram kor viktugt det var for oss å få eit direkte kabelsamband millom Noreg og Skottland. M.a. synte han kor uvisst det var med telegrafsambandet sudyver. Året fyreåt hadde me havt den dansk-tyske krig og då var alt telegrafisk samband med utheimen avbrote.

5 dagar etter denne artikkelen var skriven vart der på Oslo børs konstituert eit norsk-svensk-engelsk kabelselskap. Kabelen med det som tilhøyrde vilde koma på 60 000 pund St. eller 1.080.000 kronor.

Seinare vart lutlaget brigda til Britisk-norsk selskap, då det synte seg at svenskane heldt seg burte frå lutteikningi.

Då denne saki frettest i Danmark vart det i Kjøbenhavn uro i andedammen. Den store mann direktør Tietgen fekk bladet Fædrelandet til å kunngjera at dei danske no låg i tinging um ein direkte kabel Russland- Danmark og til denne skulde det knytast ein kabel Jylland- England. Den norske korrespondanse vilde naturleg koma i samband med denne ved ei lina Noreg- Jylland.

Frå dansk sida gjekk no alt arbeid ut på å hindra at den norske kabelen Noreg- Skottland vart utlagd. Men me lutteikningi gjekk det ikkje so lett, 15 000 pund var det heile, og derav var 10 000 i Noreg. Då det engelske telegrafselskap skulde skjota til 30 000 pund av dei 60 000, såg det likevel ikkje so verst ut.

Men so kom i 1866 den tysk-austerrikske krigen. Atter synte det seg at der var vanskar med utlandet telegrafisk. Og no gjekk det lettare med teikningi, soleis at den halve lutmidelen var umlag teikna.

Noko lutlag for kabelen Jylland- England var ikkje kome i stand. Men året etter, i 1867, vart skipa ei sendeferd til Noreg med riksdagsmann Mørk i brodden. Denne sendeferdi hadde til uppgåva å få Noreg med på eit "Nordisk telegrafkompani". Mørk fekk og den norske direksjon for Det norsk- britiske lutlag til å samtykkje i utsetjing med nedleggjing av kabelen, so tingingane kunde halda fram.

I januar 1868 vart det so sendt frå København ut innbjoding til lutteikning i ein kabel Jylland- England. Og pengane strøymde inn.

I millomtidi hadde nordmennene halde skoft i arbeidet. På børsmøte 2. juni same år vart det upplyst at alt var greidt med den norske-britiske kabelen. Englands største private telegraflag "Electric and international" ,hadde gjenge med på at dei norske vilkåri. Det skulde leverast kapital for 54 000 pund, soleis at nordmennene skulde leggja 24 000 pund. Og no fekk det norske telegraflaget sine fyresegner på ei generalforsamling 13. juli 1868.

Danskane derimot var berre komne i samband med eit lite ringt selskap, United Kingdom.

No venta dei i Oslo at alt skulde gå i lås ut etter sumaren. Men den 2. september kunde bladi melda at kabelen ikkje kunde verta nedlagd den sumaren,og at det norske laget hadde yverlate den ferduge kabelen sin til det danske laget til nedleggjing i Østersjøen. Til vederlag skulde nordmennen få den danske kabelen som var under arbeid til nedleggjing næste sumar.

Men millom 2 juli og 2. september hadde hendt mykje.

På ei reis til London 1. juli 1868 hadde konsul Ths.Heftye den 16. juli i København kome saman med statsråd C. F. Tietgen. Han kunde fortelja at "vi danske aldeles ingen animositet nærer mot eder", men no hadde det den store fyremun at um 14 dagar fekk dei konsesjon frå russisk sida, som i stor mun vil føda deira kabel. "Men desuagtet hvis I er enig med mig, vil jeg gjøre mine meddirektører et tilbud om at vi slutter oss sammen med eder om at dele indtegterne, så De får 1/3". Men avgjersla måtte, upplyste Tietgen , takast straks. Semja med "International" laut gjerast um att og alt vera greidt til 20. juli. Då skulde den engelske telegrafbill um yvertaking av dei private linone verta lesen i Underhuset. Seinare vart det for seint.

Heftye vilde no likevel ikkje med ein gong binda laget sitt, men heldt fram med ferdi si til London.

Og Tietgen let han fara. Den danske statsråden hadde alt fyreåt sagt frå korleis den norske sendemannen burde verta motteken i London.

Her fann Heftye allting brigda. Dei fortalde han at International vedstod ikkje semja med det norske laget. Dette skulde no vore ein kraftig nok støyt for Heftye. Men det synte seg sidan at dette galdt berre til "billen" var lesen i Underhuset,og sidan var dei like viljuge som fyrr til å vedstå semja.

Men langt verre var det som Heftye fekk vita av andsvarlege danske menn i London. Dei mottok honom med kulde. Dei kunde upplysa at det danske selskap hadde fenge tilsegn frå det britiske postdepartement um at staten -- um han vart eigar av private linor, vilde lata alle telegram nord for Flensborg verta sende på den danske kabel.

Det høyrdest fælt ut, og Heftye trudde det var berre skræmeskot frå danske sida, for ingi britisk regjering kunde finna på noko sovore. Ein fekk då og seinare vis mun um at denne lovnaden berre galdt det vesle "United Kingdom"s korrespondanse når staten hadde yverteke linone til dette laget.

Stutt sagt : Heftye trudde slaget var tapt og at der var ingen ting meir å gjera i England. Ja, han skyna ikkje eingong dei ordi den engelske tingingsmannen, sekretæren i postdepartementet, let falla .
De danske er eders fiender." Og denne same sekretæren upplyste seinare i brev til grosserar J. Ebbel at det britiske postdepatermentet var viljugt til å visa den norske kabelen all naudsynt velvilje.

Men Heftye for frå London som ein slegen mann og skunda seg til København. Han vilde freista å få so rimelege kapitulasjonvilkår som råd var.

Og Tietgen var ein nådig mann som på høveleg vis tok mot ein som tregar det han hev gjort.Det var nok so at Tietgen hadde kravt greidt svar på til 20. juli. Men han var no ikkje verre på det, han kunde vedstå det ymse vilkår framleis. --

Og so gjorde desse tvo på vegner av dei tvo lagi ei semja, dagsett 1278 1868. Etter henne skulde dei tvo lagi samarbeida um utleggjing av tri kablar : Noreg- Skottland, Noreg Jylland og Jylland- England, soleis at 1/3 skulde koma Noreg til gode, 2/3 av innkoma skulde tilfalla Danmark. Danskane kom likevel ikkje til å leggja ut kabelen Jylland - England. Ein engelskmann tok det arbeidet på seg, og etterpå selde han kabelen til Tietgen, sidan engelskmannen vart pengelaus, for rimeleg pris.

Danskane skaut til 65 prosent og nordmennene 35 prosent av lutmidelen. Men der var ein hake med det , som sette nordmennene heilt ut av spelet og brøytte vegen for danssk einevelde nr det galdt telegraflinone. Og den såg soleis ut :
" Alt mellemværende og den hele regning med hensyn til landbefordringen i England så vel så længe denne udføres av The united Kingdoms Telegrafcompany som efter at den engelske regjering måtte overta samme linjer, besørges udelukkende av det dansk- norske-engelske selskap, ligesom dette selskapet også iverksætter alt fornødent med hensyn til traffikens fremme m.v. i England.

De utlægg selskapet derved har godtgjøres samme av det norsk-britiske selskap med 1/2"

I samband med dette kann nemnast at danskane underhand hadde kjøpt upp halvparten av dei luter kabelfabrikant Henby hadde teikna i det norske selskapet med 15 000 pund.--

Men no hende noko morosamt. Hake nr. 2. På denne tid vart Tietgen utnemnd til riddar av St. Olav, og den danske telegrafdirektør Faber som heile tidi hadde vore Tietgens høgre hand, vart kommandør av same St. Olav. -- A. O. Vinje nemner ein stad um å kyssa slavebolten. Biletet høver ikkje so ille her. Rett skal vera rett.

No kann det vera at det norske riksstyre på denne tid ikkje hadde kjennskap til det som hadde hendt. Men det høyrest noko utruleg ut det og. Og i alle høve burdet det ha kjent til ei so ålvorleg sak, fyrr det gjekk stad og fekk låtten yver seg-- og skam med.

Men ein må trass alt sjå med undring upp til denne Danmarks store gåverike forretningsmann og strateg.

Heftye kom no heim til Oslo med kapitulasjonsvilkåri i lumma. Samstundes laut han melda at han hadde yverlate til danskane den nttupp ferduge kabelen til nedleggjing i Østersjøen. Til vederlag skulde nordmennene få den kabelen danskane nyleg hadde tinga. Sjølvsagt var han av mykje betre kvalitet, men kunde fyrst verta nedlagd året etter.

Grosserar Ebbel freista å halda fram med striden og skreiv ein artikkel i Morgenbladet 14. sept.

Same dag vart det halde møte på Oslo børs. Her fann Ole Jakob Broch at det no ikkje var anna å gjera enn å gå med på semja som var gjord. Skulde det no bresta, kunde endelykti verta at me ingen kabel fekk, men laut nøgja oss med eit serskilt telegrafbyrå der burte. Dei andre på møtet sa seg samde med honom. Ein protest frå 118 luteigarar i Drammen ved statshauptmann Schwartz, vart det ikkje teke noko umsyn til. Berre ein røysta imot. Nytt møte vart tillyst til 28. september for å få istand nye fyresegner.

I millomtidi var grosserar Ebbel faren til England. Han vilde få fullgod greida på stoda. Han kunde straks melda heim at International vilde vedstå semja si med nordmennene og at dei i samhøve med lovnaden frå Postdepartementet kunde rekna med den same velvilje som vart synt alle andre liknande telegraflag.

No kom og for dagen dei måtar som danske agentar hadde blanda saman sendingane frå det private telefonlaget United Kingdom med den samla britiske sendingi. Og det var noko heilt anna.--

Nei, frå engelsk side skulde der ikkje verta noko vanskar i vegen for det norske laget.

Men på møtet på børsen den 28. setptember våga likevel ingen taka upp kampen mot danskane. Dei hadde alt fenge eit so sterkt tak på det norske telegraflaget at det vilde verta spurnad etter ny midel. Saksøknader laut ein og vera budd på.

Dessutan trudde dei og på det danskane sa, at kabelen Russland, Finnland , Sverike skulde føda seg sjølv, og då vilde dei tevla tu det norske selskapet.

Og møtet godkjende framlegget frå styret . Det norske laget gjekk upp i Dansk-norsk-engelsk Telegrafselskap som 1. mai og vart smelta saman med Dansk-russisk Telegrafselskap i 1869 og sidan utvida til Det store nordiske Telegrafselskab. Kabelen yver Nordsjøen vart lagd i 1869 - for dansk rekning.

Soleis heng det saman at alt telegrafisk nytt til Noreg gjeng yver København. I fylgje med dette kom det yvertaket København fekk på norsk forretningsliv i Oslo. Byen var vorten hovudstaden i Norderlandi. Og den seinare geheimeråd Tietgen, Danmarks fremste og største forretningsmann, var sjeli i det heile.

Eit strålande døme på korleis den nye skipnaden verka hadde me m.a. i 1909 då Sicilia hadde vore ute for ei landsulukka. Noreg var eit av dei landi som fyrst tok til å samla inn gåvor til folket der nede. Og Sverike fylgde godt etter.

Men i Italia fekk dei inge ting vita um innsamlingi.Men den danske brikte so å segja til yvermål.

Kvifor ? Jau alt nytt gjekk yver København. Og der sat Ritzaus byrå og stogga det heile.

Heller ikkje den svenske innsamlingi fekk sleppa fram. Det lukkast fyrst då dei tok vegen um diplomatiet.

Men Noreg +

Vår konge var millom dei aller fyrste som teikna seg. Men det vart ikkje nemnt. So kom endeleg den danske kongen ei vika seinare. Morgonen etter stod det i italienske blad at den norske kongen hadde teikna ein liknande sum som danske kongen.

Noko av dette same tok seg uppatt frå dansk sida då nordmennene i 1909 vilde skipa si eigi Amerikalina. Straks var danskane der og skulde skipla tiltaket. Då kom dei og med framlegg um samarbeid. Dei hadde sjølve ei Amerikalina, Tingvalla-lina. No galdt det um å få samlig kring henne. Men det skyna dei gjekk ikkje, korkje her eller i Sverike.

Men so synte det seg eit utyske som heitte Birmaplanen, um han samla dei seg med stor samhug. Etter denne skulde svenskane kjøpa 2 gamle danske skip til kostnadspris - 5 prosent i årleg avskriving. Nordmenn skulde og punga ut.

Dessutan skulde det ikkje setjast igang nye rutor på Amerika. Og godstrafikken skulde haldast utanfyre. Det vil atter segja at um honom skulde danskane vera åleine. Vidare skulde København vera endepunktet for lina. Her skulde vera uppleggsplass og umlasting og frihamn for førsla til andre nordiske hamnar og Østersjølandi.

Godsvarone kunde dei so senda med eigne båtar og på eigne rutor til rette vedkomande. Stoppetidi i Bergen, Kristiansand og Oslo skulde vera stutt. Og då laut varone fylgja med til København. Eller var det mykje varor, laut dei liggja yver og gå med danske båtar frå Sambandsstatane. på vestgåande vilde det same henda.

Dette er synbert alt no.

Men denne gongen lukkast det ikkje for danskane å få Birmaplanen i hamn. Fyrst braut svenskane ut og sidan og sidan nordmennene. Men det var etter både lang og kvass strid det lukkast.

Artikkel frå Bergens Tidende laurdag 4 juli 1953


Eirik Hirth, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag