YMIST

No er det åndsfridomen i landet det spørst um

Det er prova av professor Liestøl at rettskrivingsnemndi hev gjenge mykje lenger enn mandatet gav høve til . Då nemndframlegget låg fyre, skreiv han m.a. :

" Fleire av dei brigde som er gjorde ligg ikkje berre utanfyre råma for reformen i dag, men er tvilsame i seg sjølve og hev møtte motburd frå dei fleste kantar ".

"Det vart sagt greidt ifrå i Stortinget at det var ikkje meiningi å reisa heile rettskrivingsspursmålet i si fulle breidd og dryfta um ein skulde leggja heile rettskrivingi i båe måli um. - Ingen vil kunna tolka mandatet onnorleis enn at det ligg heilt utanfyre når det no vert kravt at ein skal taka på å brigda båe måli der det alt er einskap, når dette ikkje er fylgje av andre brigde ein gjer".

Og professor Sigurd Kolsrud provar det same i den framifrå klåre artikkelen som no gjeng i Gula Tidend, at nemndi hev ikkje fylgt mandatet.

So kjem kyrkjenemndi i stortinget og klagar yver at ho hev ikkje fenge tid til å setja seg inn i saki. Ho kjem med framlegg um utdrygjing. Heller ikkje hev ho fenge tid til å saumfara dei mange resolusjonar og fyreteljingar som hev strøymt inn, eller sjå på grunngjevingi for desse.

Under vanlege vilkår vilde saki vorte samrøystes utdrygt.

Men etter som det lydest skal ho fram til avgjersla likevel, til realitetsavgjerd. Kva bryr utanriksministeren og hans parti seg um Kyrkjenemndi i denne sak. Når han hev arbeidt seg fram til eit standpunkt og eit sosialistisk mindretal i nemndi hev strøytt sand på, er alt greidt nok.

Men her skal me merka oss tri ting.

For det fyrste "sette Koht veto mot at visse andre" kom med i rettskrivingsnemndi. Han avgjorde med andre ord kven som kunde koma med, iminsto i den nynorske deildi. Dette er no offentleg av professor Kolsrud.

Dinæst sett nemndi so stutt tid for kven for deim som hadde merknader å gjera til nemndarbeidet, at det var mesta uråd å få sett ei gransam etterrøkjing til. Det er radt eit sersyn at nemndi åt Noregs mållag kunde frå gjort so mykje på so stutt tid og under so vande høve, som ho verkeleg gjorde.

Når so saki kjem fram fro stortinget, skal heller ikkje kritikken og sakkunna sleppa til på vanleg vis, -- ikkje ein gong den andsvarlege Kyrkje- og skulenemndi skal frå tid eller høve til å saumfara dei mange vande og innfløkte spursmål.

Og dette er ting som vedkjem kvart menneske i landet. Det er ein av hyrnesteinane for vår kulturelle vokster no og i framtidi det gjeld.

Når dei so gjeng fram på den måte som det er gjort i denne saki, vert det eit spursmål um sjølve åndsfridomen i landet. Det vert ikkje berre ei vanleg rettskrivingssak. Det vert noko mykje meir.

At stortinget etter full utgreiding segjer seg samd i Stort. med. nr. 31 er ei greid sak. Ingen kann formelt påtala det. Men når ein vil tvinga ei so vidsveimd sak igjenom utan å sleppa vitskapen til, då vert det eit brot på sjølve åndsfridomen i landet. Administrasjonen gjev seg til åndeleg formyndar.

Er det ikkje nett dette same dei gjer i våre diktatorstatar ute i Europa i dag ? Er det ikkje kritikken dei mulebind ? Det frie ord slepp ikkje til.

No fær ein vera budd på at det vert lova gransking etterpå, når kyrkjedepartementet hev fenge den fullmakti det krev.

Men brigdar dette stoda i nokon større mun ? Kven fær tiltru til denne saumfaring etter alt det merkelege som til dessar hev hendt ? For det kann ein vera viss på, at styringsverket syter nok for å få tak i sine folk, folk som er høveleg beinksame.

Men gjev det trygd til den store ålmenta?

23. 06. 1937


Eirik Hirth, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag