YMIST

Frisindet misbruk av Chr. Michelsen og andre hovdingar

"Morgenavisen" og frisinnede Venstre reklamerar i desse dagar svært med visse hovdingenamn. Særleg må Chr. Michelsen sitt namn gjera tenesta. Men ogso Nansen og Abraham Berge stend høgt i kurs.

"Stem med Michelsens og Nansens og Abraham Berges parti",sa dr. Rolf Thommessen i Eldorado nyleg.

Og Morgenavisen fyl trufast i kjølvatnet og ikkje minder desse som nyttar høgtalaren burte på Torget.

Merkeleg nok gløymer dei eit anna godt namn, Wollert Konow på Stend. Men dette hev vel sine særskilte grunnar.

Um desse menn som longe ligg i sin grav- Abraham Berge undanteke -- kunde standa upp og sjå på kva namni deira vert nytta til, bad dei seg gjerne fortikne fyr æra, som vert synt deim.

Når soleis riksmålsfolket og dei som i dag fører det store ord i frisinnede vinstre vil bruka deim til å bera ved og vatn år seg, tek dei nok storleg imist. Til det var desse menn for vidsynte og nasjonale. Det syner deira offentlege ferd og det vitnemål me hev frå deim.

Eg skal freista syna dette.Då skulelovi var fyre i Stortinget i 1889 vart framlegge um å læra lesa båe mål nedrøysta. Saki kom framatt i 1892. Vedkomande paragraf fekk då denne form:

"Skolestyret bestemmer om skolens lære- og lesebøker skal være avfattet på landsmål eller det almindelige bokmål og i hvilket av disse mål elevenes skriftlige arbeider i almindelighed skal avfattes. Dog skal elevene lære å lese begge mål."

For paragrafen røysta Chr. Michelsen og dei andre vinstemennene på Bergensbenksen Prahl, Krohn og John Lund.

I 1906 vart det gjort krav um ein særskilt skriftleg prøve i landsmål til studenteksamen.

Det Michelenske riksstyre sette fram propoisisjon um saki, og me fekk den stilen som det like til det siste hev stade slik strid um.

Kva sa so Chr. Michelsen um denne stilen i Stortinget ? Det kann vera forvitnelegt å høyra det i desse dagar då Michelsen skal manast fram or gravi :

"Med hensyn til undervisningen i morsmål i skolene er regjeringen ikke i tvil om at der må sikres ungdommen fyldesgjørende kunnskaper både i norsk og landsmål og norsk-dansk bokmål, men uten at det øves nogen uberettiget tvang med hensyn til den sprogform som det faller den enkelte elev naturlig å bruka i skolen. Men det må kreves at enhver som skal bestå studenteksamen godtgjør ved en skriftlig prøve at han har kunnskap i begge sprog" Michelsen 1906).

---- " Det var i regjeringen likesom i denne forsamling og innen venstre to fraksjoner som begge var enige om at nu var tiden inne til å ta et ordentlig løft i målsaken. Hvor langt eller hvor kort man skulde gå (lettere stil eller gjenfortelling) derom var der nogen dissens.--

Målsaken blev endelig løst ved et kompromiss gjennem et forslag fra rektor Horst, som Odelstinget vedtok med stort flertall, og Lagtingets beslutning var enstemmig. Resultatet var i det vesentlige nettop hvad regjeringen ønsket"(Michelsen i Storthinget 1907)

Ja, dette var Chr. Michelsen si stoda til artiumstilen som riksmålsfolket hev harmast so mykje yver. --

I det siste store politiske fyredraget han heldt i Bergen fyre valet i 1924, kom han ogso inn på målsaki. Han fann grunn til å segja høgre og frisindede vinstre eit sanningsord som høver likso godt i dag som den gong :

--- Denne kultur (bondekulturen) representerer en ubrutt linje i vårt folkeliv.--

Når vårt riksmålsfolk i snevert trangsyn efter min mening ---unskyld at jeg sier det -- driver en agitasjon imot landsmålets store kulturelle betydning, da er det å bringe splittelse inn på et område, hvor den absolutt ikke hører hjemme" ...

Det kann ogso vera grunn til å nemna kva ein annan av hovdingane fyr det frisinde vinstre Woler Konow sa i si tid :

" Fra min første ungdom har jeg følt mig varmt og sterkt og inderlig knyttet til landsmålsbevegelsen. Jeg har vært og er og vil alltid vedbli å være takksom i min innerste sjel, fordi jeg engang blev knyttet til denne; Ingen opportunistiske politiske hensyn skal formå mig til å fornekte den opfatning, at målsaken har vært den sak som sterkest har båret det norske folk frem i det siste halve hundreår. Det fanatiske hat mot denne bevegelse vil nok bli lagt ned om ikke så mange år som maktesløst og ørkesløst"

Dette var i 1912 som kann henda sume hugsar og "Morgenavisen" med.

At Abraham Berge er og hev vore målmann kjenner visst dei fleste til. Likevel kann det vera på sin plass å minna um kva han sa i Stortinget i 1906.

"Hvad der i denne sak gjør forholdet uklart og forvirrer begrepene er det nære slektskap mellem sprogene, mellem landsmål og det såkalte skriftsprog, og frem for alt den omstendighet, at man uten videre har tillatt sig å kalle det innførte danske skriftsprog for norsk. At dette var og er en usannhet, burde nu alle innse og erkjenne. Mange innrømmer det også , men de vedblir ikke desto mindre å bruke den falske betegnelse, og mengden følger det, så at vi her står ansikt til ansikt like overfor en usannhet som ikke kan virke heldig på selve nasjonens karakter."

Um Fridhtjof Nansen nokon gong offentleg hev uttala seg um målreisingi kjenner eg ikkje so visst til. Men eg hev liggjande fram fyre meg ei eldre innbjodorslista til ein stor målmarknad i hovudstaden, der innkoma skulde ganga til Målkassa, og millom innbjodarane til den marknaden stend ogso Nansen.

Etter den stilling han hadde i Fedrelandslaget vilde han vel og vore ein grand varsam med å lata seg bruka mot ei national og kulturell sak som målsaki, allvisst sidan laget er nøytralt på det punkt.

Som ein ser hev "Morgenavisen" og frisinde vinstre all grunn til å vera ein grand varsame med å bruka sine gamle hovdingenamn etter den stoda partiet iår hev tek til målreisingi.

Bergens Tidende 16.10 .1930


Eirik Hirth, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag