YMIST

Eit kritisk blikk på Aasen-tunet
Ivar Aasen-tunet er gjenomført uromantisk både utvendes og inne: kaldt, daudt og ikkje lite brutalt med desse store flatene med upussa betong. Men òg eit framifrå døme på kor gale det er å fantasera om ein eigen nynorsk kultur. Han er ein meiningslaus konstruksjon, same kva Garborg og direktør Grepstad hev mælt og skrive om emnet.
Publisert: 20040724 K.E. Steffens

Lat oss reisa ideali
Nyleg kom det upp eit ordskifte um kva slags nynorsk det er Ivar Aasen-senteret i Hovdebygda skal stå for. Der ynskjer me i Norsk Målungdom (NMU) å få eit ord med i laget, Ulikt samnorskarar av ymist slag tykkjer me ikkje at me hev autoritet nok til å setja oss yver dei prinsippi Ivar Aasen tufta målreisingi på, og det er korkje alderen eller vantande faglege titlar som fær oss til å slå fast det.
Publisert: 20040723 Rune Lystad og Åsmund Fannemel

Korleis skal Aasen-tunet syna fram Aasen ?
Folk flest må få tolka Aasen som dei vil, og framstella han som dei vil. Men for ein institusjon som Aasen-tunet må det vel vera avgjerande å få fram kva Aasen stod for, og kva han arbeidde for då han levde.
Publisert: 20040723 Lars Bjarne Marøy

Ivar Aasen i kvardagslaget
Sunnmøre Vestmannalag reknar med at Aasen-tunet vil lyfta seg yver dei teknokratiske samnorsktankane og presentera Aasen slik som han stod fram.
Publisert: 20040723 Olav Torheim

Aasen ein ressurs
Grepstad må gjerne kritisera Aasen, men Aasen må få koma klårt og greidt til syne der det er sakssvarande at Aasen vert høyrd. Det gjeng ikkje an å avvisa Aasens syn som "uviktig" og "uinteressant" slik som Grepstad hev gjort i dette ordskiftet.
Publisert: 20040723 Olav Torheim

Artikkelindeks

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag