YMIST

Noregs Mållags prinsippløysa

Hovudemnet på landsmøtet til Noregs Mållag vert normeringspolitikken til Noregs Mållag. Oddmund Hoel hev skrive eit normeringsnotat som munna ut i eit framlegg til vedtak for landsmøtet. Normeringsnotatet vart skrive i samråd med ei referansegruppa der ulike målpolitiske syn hev vore representerte. Dei som hev vore med i referansegruppa er Endre Brunstad, Aud Søyland, Ingeborg Donali, Erik Haugan og Ola Breivega.

Det hev kome innspel med alternative vedtaksframlegg. Eit frå Endre Brunstad og eit frå Donali og Søyland. Bakgrunnen for utspelet er at Norsk Språkråd arbeider med ein gjenomgang av nynorsknormalen fram til år 2000.

Vestlandske Mållag tykkjer alle framleggi er for moderate. I ei tid då Norsk Språkråd ved fagnemndi hev makt og mynde til å avgjera viktige drag i målet er det på tide at Noregs Mållag held ei kvass lina andsynes språkrådet. Notatet til Oddmund Hoel vert fleire stader for laust. Eg skal peika på nokre døme :

"Noregs Mållag meiner at ei noko meir einskapleg norm enn i dag ville tena nynorsken, men har lita tru på at ein oppnår særleg mykje gjennom ei innstramming som reduserer valfridomen."

Dette er me usamde i . Nynorsken vil tena på at dei norskdanske bokmålsformene i ei rad ord vert strokne. Det vil snarare gjera nynorsken lettare å læra. Eit ord som t.d. rekkjefylgja kann i dag skrivast på meir enn 10 ulike måtar. Det tener ikkje nynorsken.

"Når det gjeld spørsmålet om kva nye og gamle lånord som bør stå i ordlistene, m.a.'anbeheitelse-ord', ber Noregs Mållag Språkrådet leggja større vekt enn før på å normera heile ordgrupper framfor å opna for eitt og eitt ord. Eit sentralt kriterium for dei orda/ordgruppene som vert tekne inn, at det er bruk for dei, er at gode avløysarord ikkje finst eller ikkje har slege gjennom."

Dette meiner me vert altfor rundt. Kva for nokre ordgruppor. Me er skeptiske til å normera heile ordgruppor,dersom det fører til meir norskdanske former. Me meiner dessutan at det er heilt feil å opna for at språkrådet kann få tillata framandt målgods. Er ein i beit må ein nytta framandordi,men me kann aldri gjeva upp nyskapingi av ord. Me meiner det er på tide at Norsk Språkråd evt. Noregs Mållag sjølv m.fl. sakkunnige folk set seg saman um å plukka ut framandt målgods som ikkje hev samsvarande ord på nynorsk. Mållaget kann gå i bresjen for å lysa ut tevlingar for å finna nyord. Det vilde gjera nynorsk til eit diskusjonsemne millom folk.
Det nyttar ikkje å vera ettergjevande her.

Ikkje minst kann ein klandra vedtaksframlegget til Oddmund Hoel for å vera for lite konkret. Det er ikkje nemnd kva for nokre fylgjor ulike framlegg vil ha . Vil det t.d. verta lovleg å skriva meir tradisjonelt i statleg målbruk,dersom framlegget til Hoel skulde vinna fram andsynes Norsk Språkråd.

"Derimot meiner Noregs Mållag at praksisen i skuleverket bør mjukast opp. Andsynes elevane bør det strekast mykje klårare under enn det er gjort i dag at elevane i prinsippet står fritt til å nytta kva ord dei ynskjer, og at ordlista ikkje set grenser for "lovleg" ordtilfang. Elevane må òg lærast opp til å sjå ordval i samanheng med stil og sjanger."

Dette er eit eit heilt feil signal å gjeva til skuleverket. Lærarane hev i alle år havt vanskar med å skilja millom det som vert diskutert og det som vert vedteke. Soleis kjenner me til at fleire elevar hev vorte burtimot tvinga til å skriva nærare upptil norskdansken enn det som er lovleg norsk. Lærarane treng å få høyra at mållaget vil halda på det sernorske. Fær dei fleire konsesjonar spørst det um dei fær elevane til å skriva nynorsk i det heile teke. Gjeldande praksis er liberal nok. Å gå lenger er di meir ei ettergjeving andsynes Norsk Språkråd,og det i ei tid då rådet freistar seg med fri flyt av unorsk måltilfang.

Det er viktig at Noregs Mållag er på bana andsynes Språkrådet. Difor bør mållaget markera klår avstand til Norsk Språkråd. Noregs Mållag bør gjera eit klårt vedtak. Iallfall eit klårare vedtak enn dei vedtaksframleggi som hev kome fram til no. Utan eit klårt utspel frå mållaget no,vil språkrådet ved fagnemndi halda fram i same sporet som fyrr.Det er for seint å koma med kritikk når den nye normalen ligg fyre. Røynsla frå 1938 og 1959 borgar eintydig for at mållaget bør uttala seg straks. All bokmålisering av nynorsken må avvisast.


Lars Bjarne Marøy, 20040623

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag