YMIST

Å hava norske ideal for talemålet sitt

I ordskiftet um ny tuft for målungdomen hev det kome upp ulike meiningar um det å normera talemålet sitt mot norskt skrift- og talemål (betre kjent som nynorsken og målføri). Jamvel um striden mest hev stade um kva me reint konkret skal meina um bruk av målføre og nynorskt normaltalemål, hev han vel på eit djupare plan gjenge ut på um ein kann stella krav til talemålet åt folk. Sume meiner at det ikkje er råd å meina noko serskilt um talemålet åt folk, men at me berre må godtaka alt mål som like godt. Andre tykkjer at det helder ikkje tener målreisingi å uttala seg um talemål. Talemålet er ikkje avgjerande for um ein skriv nynorsk elder ikkje, kann desse segja. Til dette vil eg segja at alt (tale-)mål ikkje er like like godt og at me bør fremja ideal um norsk måldyrking òg for talemålet.

Talemålsideal

Jamvel um dei fleste vel hev ei sams uppfatning um kva som ligg i umgripet talemålsnormering, skal eg freista meg med ein definition: Talemålsnormering er å vera medviten um talemålet sitt og setja seg eit ideal for korleides ein ynskjer å tala, og so arbeida for å koma so nør dette idealet som råd; ein legg seg etter å tala idealnormi ein hev sett seg fyre.

Eg ser ingen prinsipiell skilnad millom skrift- og talemål i målsakssamanheng. Like eins som målrørsla kjempar fram norskt mål i skrift, må ho òg kjempa fram norskt mål i tala. Dette hev målrørsla vore uppteki av heile vegen, men serlegt viktugt hev det vorte dei siste tiåri då unorskt mål hev fenge stendigt vidare rom i talemålet åt folk. Me ynskjer å vinna folket for det norske målet, og då kann me ikkje lata framandmål få tyna godt norskt mål, korkje i skrift elder tala. Me lyt arbeida for at det norske målet framleides skal hava fyreretten i Noreg.

Tusund års rot

Det norske målet hev vorte nytta og utvikla i Noreg av nordmenner gjenom fleire tusund år. Det er ein verdfull arv som me pliktar Det må ikkje døy ut på grunn av at ættleden vår ikkje såg verdet av eit eige norskt mål og eigne norske målføre. «Tusund års rot det hev i landet, tusund år til so skal det stande». Dersom me lèt det norske målet rotna på rot, tek me frå etterkomarane våre høvet til å uttrykkja seg på eit nationalt mål. Det må me ikkje gjera. Den språklege arven lyt takast vare på og førast vidare.

Tilknyting

Det er ei vanleg uppfatning millom målgranskarar at alt mål er like godt. Dette meiner eg er rangt. Det er ikkje nett det same um hallingarne svallar hallingmål elder norskdansk. Hallingmålet hev vokse fram saman med hallingen frå dei eldste tider og fgram til i dag, og det hev fenge ein svip av kvardagen hans. Det er m.a. mykje betre tilmåta lokale seder og tradisjonar, folkelyndet og naturtilhøvi. Det same kann ein segja um tilhøvet millom norsk og norskdansk. Eit anna viktugt verde som målet ber med seg, er at det knyter oss til ein serskild stad; Hallingmålet knyter ein til Hallingdal, medan norskt mål knyter ein til nationen Noreg. Dette fremjar hopehav og samhandling. Når eit folk misser målet sitt, kann ein tala um eit stort kulturelt tap; det misser samstundes ein viktug deil av seg sjølv.

Norskt mål avvikla

Talemålsstoda i dag er i stutte rit at norskt mål vert trengt undan av norskdansk på stendigt fleire umkverve. Sume gjeng beinveges yver til å tala norskdansk, medan det vanlegaste er at talemåli vert vatna ut litt etter litt med danskt måltilfang. Det gjeng fyre seg ei tyning og øyding av det norske målet som me aldri fyrr hev sèt maken til. Det kann vera god grunn til å setja spursmålsteikn ved bruken av umgripet «den norske språkutviklingi», som mange segjer hev akselerera dei seinste tiåri. Eg vil segja det slik: Det er ikkje utvikling, det er avvikling. Vakna upp, det norske målet ligg på sotteseng!

Den beste måten me kann motverka denne avviklingi på, er å normera talemålet vårt mot reint norskt mål, anten det er heimlege målføre elder det norske skriftmålet. Eg hev ofta høyrt sagt at ved å velja å skriva norsk kann ein halda uppe dei norske dragi i talemålet, då norsken styd upp um desse. Dette er likevel ikkje heilt sant. Ein kann godt skriva nynorsk, men likevel henta ideali for talemålet sitt frå norskdansken. Å skriva norsk må ikkje verta ei soveputa for å for å lata vera å tala norsk med. Skal det gjera nokon skilnad til eller frå, lyt ein vera viljug til å arbeida med talemålet sitt. Det er den minste vyrdnaden me kann syna deim som hev gjenge fyre og deim som kjem etter.

Henta fram norske ord

Det fyrste talemålet ein lærer seg, er ikkje heilagt. Mål kann brigdast, og me råder sjølve fullt og heilt yver korleides me talar. Me tileignar oss målet gjenom heile livet, og det er inkje som stend i vegen for å læra seg reint norskt mål. Me lyt henta fram gode norske ord i staden for å låna av andre. Me lyt halda upp den leduge norske setningsbygnaden, den norske vokaltriklangen og det rike norske formverket. Me lyt læra av dei gamle, røynde målbrukarane, dei som hev nytta målet lengst og som hev slipt det kvast og godt. Gjenom medviti målodling kann ein få eit stødugt talemål som gjer ein trygg på seg sjølv i møte med andre talemålsbrukarar, og som ein kann vera byrg av!

Taka konsekvensen

Heilt til slutt vil eg segja at det er til liti hjelp å slå fast at folk må hava norske ideal for talemålet sitt dersom ikkje ein gong dei mest ihuga målfolki bryd seg med å taka konsekvensen av det dei meiner. Mange aktive i NMU hev vel eit slags medvit um korleides dei talar, men det er fåe som gjer noko aktivt for å brigda talemålet sitt i norsk leid. Dette må me gjera noko med, og ei god byrjing kann vera å ordskifta um målføre og normalmål i NMU frametter. Me lyt taka dei brigdi me ser i den norske talemålsstoda på ålvor og dryfta kva konsekvensar dei hev for målsaki. Dersom medvitne målfolk ikkje evnar å ganga fyre i kampen for målføri, kven skal gjera det då?


Klaus Johan Myrvoll, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag