YMIST

Merknader til tufti - ­ordskiftegrunnlaget

Eg kjem her med nokre merknader til den tufti som vart vedteki som ordskiftegrunnlag på landsstyremøtet i Oslo 12. september. Eg ynskjer å peika på sumt eg er usamd i og sumt eg er misnøgd med, attåt at eg vil grunngiva nærare dei tvo bolkarne som vart tekne med etter framlegg frå meg. Dette gjer eg av di eg vil at ikkje berre dei som hev lese notatet eg skreiv til landsstyremøtet elder som høyrde argumentationen min på sjølve møtet, skal skyna kvifor eg vil at NMU skal segja eitkvart um nett desse emni i tufti vår. Det var òg noko usemja på landsstyremøtet um me skal hava med noko um desse spursmåli, og i tilfelle kva me skal skriva. I mangt kjem dette notatet til å likjast det fyrste.

Nynorsk som einaste riksmål?
I fyremålsparagrafen heiter det: "Norsk Målungdom arbeider for at folket i Noreg skal skriva nynorsk i staden for bokmål, og [mi utheving] arbeider for å vinna folket for den norske målreisingstanken. Til grunn for målreisinga ligg ein breiare kulturstrid for norskdom og folkedaning. Norsk Målungdom vil organisera ungdom til å føra denne striden."

Fyrst: Bindelekken og er her sers dårleg. Etter det som stend her kann det sjå ut som um arbeidet for at nordmennerne skal skriva nynorsk og arbeidet for å vinna folket for den norske målreisingstanken er tvo åtskilde arbeidsumkverve. Det er vel so at folket skal skriva nynorsk i staden for bokmål som ein konsekvens av at det vert vunne for den norske målreisingstanken, ikkje at me skal "vinna" det for båe deiler.

Det er elles mykje å innvenda mot den fyrste setningi, der det heiter at me skal arbeida for at folket i Noreg skal skriva nynorsk i staden for bokmål. Ho er tvitydig. Ein kann tolka ho som at me arbeider for at heile det norske folket skal skriva nynorsk, men ei onnor tolking er òg mogeleg: Me arbeider for at folk i Noreg skal skriva nynorsk i staden for bokmål, men det er ikkje so fårlegt kor mange det vert. Dette vert soleides reinhekla tvospråkstenkjing, noko NMU ikkje kann vera kjent med. Eg hev ofta fenge høyra at det ikkje er formuleringarne som er det vigtugaste, men intentionarne som ligg attum. Dette tykkjer eg er berre tull; det må vera eit mål at personar som ikkje veit noko som helst um NMU frå fyrr skal kunna skyna heilt klårt kva me meiner. Sjølvsagt set dette høge krav til formuleringsevna, men so er me òg målfolk og skulde hava dei beste fyresetnaderne til å løysa nett den uppgåva.

Setningi er òg ulagleg på mange vis; ho ber preg av å vera ei dårleg umskriving av "nynorsk som einaste riksmål"-fyremålsparagrafen. Det er ikkje heilt det same å arbeida for at folket i Noreg skal skriva nynorsk i staden for bokmål som å arbeida for at nynorsk skal verta det einaste riksmålet i Noreg. Som Håvard Tangen peika på på møtet, er definitionen av ’riksmål’ i Nynorskordboka denne: "mål(form) som blir brukt (som norm) overalt i eit land; offisielt språk, riksspråk, til skilnad frå dialekt / dei to r-a nynorsk og bokmål"

’Riksmål’ er soleides ei sers dekkjande nemning for det me ynskjer nynorsken ein gong skal verta. Ved å segja at me arbeider for å gjera nynorsk til einaste riksmål, segjer me altso at me vil gjera nynorsk til det målet som vert bruka yveralt i det norske samfundet. Same kva lyte framlegget til fyremålsparagraf som ligg fyre hev, uttrykkjer den me hev no det langsiktige målet vårt mykje klårare og greidare, utan å ganga umveger: "Norsk Målungdom vil vinna folket for den norske målreisingstanken. NMU vil soleis arbeida for at nynorsk skal verta det einaste riksmålet i Noreg."

Eg tykkjer utsegni "nynorsk som einaste riksmål" er ein framifrå måte å formulera fyremålet vårt på. Ho syner at me tyrr meina noko ved heilt klårt å velja sida i den norske målstriden, og ho set fram bodskapen vår beintframt og utvitydigt, utan noko "ganga-kring-grauten-prat". Eg gjeng difor inn for å halda fast ved dei tvo fyrste setningarne i fyremålsparagrafen me hev no, slik dei er attgjevne ovanfyre.

Nationalt sjølvstende same kva?
I tuftordskiftet i landsstyret hev det vore usemjor um kva som skal standa i tufti um det å stydja andre nationar som strid for national og språkleg frigjering. I hovudsak hev me vore usamde um me styd alle nationar i kampen deira for nationalt sjølvstende, elder um me skal taka atterhald og segja at me kann stydja deim. Jamvel um det som stend i det vedtekne ordskiftegrunnlaget representerar tollegt godt syni mi på dette umkvervet, ynskjer eg å koma med nokre kommentarar.

Eg tykkjer heilt klårt me skal taka atterhald i slike spursmål. Me lyt taka atterhald for korleides og kvifor dei ulike kamparne og stridarne vert førde. Det er ein avgjord skilnad på å kunna stydja nokre og å stydja alle. Tufti me hev no opnar òg for å taka atterhald i slike spursmål.

Nationalt sjølvstende og sjølvråderett må ikkje verta rosord me sluttar oss til same kva innhald dei fær, og utan nokon som helst reservation. Eg er ikkje so viss på um nationalt sjølvstende allvegen er det beste. Me må i kvart einskilt tilfelle vurdera kor relevant saki er for den norske målstriden og kampen me fører for språklegt sjølvstende, og um det gagnar oss å meina noko um nett den saki. Um det dreier seg um språkleg frigjeringskamp kann vera ei god rettesnor. Nordmennerne hev synt at det slett ikkje er umogelegt å hava nationalt sjølvstende med eit unationalt språk! Kor lenge det heile held fyrr det raknar, er ei onnor sak.

Dersom me skal hava med eit punkt um dette emnet i tuft vår, bør det koma greidt fram at me ser striden for norskt mål i Noreg i samanhang med strid for nationalt og språklegt sjølvstende andre stader i verdi. Soleides fær lesararne (dei passive medlemerne?) ei liti grunngiving for kvifor me meiner noko um nett slike spursmål. I mange av dei ulike tuftframleggi som hev vorte fremja fram mot vedtaket på ordskiftegrunnlag hev dette kome dårlegt fram. Dersom me ikkje segjer klårt ifrå um samanhangen, kann det for ein lesar som er ukjend me politikken åt NMU sjå ut som at dette er eit umkverve me hev valt å interessera oss for berre av di me privat tykkjer det er slik ei god sak.

So til dei bolkarne som kom med i ordskiftegrunnlaget etter framlegg frå meg:

Ikkje berre meir nynorsk, men ogso betre!
I tufti som vart vedteki til ordskiftegrunnlag er det eit eige punkt 3.3 Språknormering som lyder slik:
"NMU er usamd med den statlege språknormeringspolitikken og arbeider for ein oversynleg og fylgjestreng norsk [skal vera ’nynorsk’] som tek opp i seg dei samlande draga og det rike norske ordtilfanget i målføra. Dette inneber strid mot bokmål, samnorsk og anglonorsk."

NMU arbeider heilt klårt for meir bruk av nynorsk. Me segjer endåtil at me ynskjer berre nynorsk i Noreg. Attåt hev NMU uttala seg um at me ynskjer ogso betre nynorsk. Dette ser eg på som eit sers vigtugt arbeid. Nynorsken hev i dag på mange måtar fjerna seg frå grunnsystemet i målføri, og samstundes gjort store deiler av skrifttraditionen sin framand for unge brukarar. Dette hev vorte gjort for å nærma nynorsken bokmålet og for å uppnå yverflatleg talemålsnærleik med utvalde målføre. Med denne offentlege politikken hev det uppstade ei tru på at nynorsken lyt vera so talemålsnær for at han skal høva for folket i dag. I dag fører denne tenkjingi til at folk stiller stendigt høgre krav til å finna att talemålsformerne sine i nynorsken, og når nynorsken ikkje kann uppfylla desse kravi, giv dei honom upp. Dessutan hev denne innføringi av "folkemålsformer" i aust og vest ført til at normi i nynorsk hev vorte sers vid og uyversynleg. Dette gjer òg sitt til at folk giv upp og byter til bokmål. Me skal ikkje lura oss sjølve til å tru at nynorsknormalen hev inkje elder lite å segja for talet på nynorskbrukarar i Noreg. Stutt uppsumera: For å få meir nynorsk, lyt me òg få ein betre og norskare (i systemet) nynorsk. Men det er ikkje berre praktiske grunnar og voni um å få fleire nynorskbrukarar/halda betre på deim me alt hev som gjer at me bør arbeida for ein betre nynorsk. Det er òg nationale grunnar som talar for det. Dersom nynorsken skal vera eit høvelegt nationalmål lyt han hava ein vyrdeleg bunad som magtar å samla dei ymsande talemåli kring um i landet inn under ei skriftnorm. Dette var eit vigtugt normeringsprinsipp for Ivar Aasen, og må vera det den dag i dag. Me skal ikkje setja inn alle krafterne på å selja eit produkt utan å ansa på kva innhald det hev. Dersom me skal lata Norsk språkråd og nynorsknormi sigla sin eigen sjo, ottast eg at det til slutt vert einast sjølve nynorsknamnet me gøymer oss attum; ein nynorsk utan røynlegt innhald.

Dette er dei vigtugaste grunnarne til at eg fremja bolken um språknormering. Heile teksti er saksa frå tufti me hev no, so eg ser ikkje burt frå at ymist kann formulerast onnorleides og soleides gjerast betre. Elles kann det høva å samla bolkarne um språknormering og talemålsnormering (sjå nedanfor) til eit eige punkt kalla "Nynorsken og målføri" elder dilikt. Same kva plassering han fær, bør vel yverskrifti brigdast frå "Språknormering" til "Nynorsken".

Til slutt vil eg minna um at det er greidt ut godt og vitugt for mange av desse tankarne i programet "Nynorsken og målføra" som vart vedteke på landsmøtet i 1991.

Nynorsken og målføreutviklingi
Under punkt 3.1 Norskdom stend det i andre avsnittet: "Norsk Målungdom tykkjer at folk skal vera medvitne om talemålet sitt, og ser friviljug talemålsnormering mot nynorsk og heimlege målføre som ein stønad både for skriftmål og målføre. Det er viktig for folk får tala nett slik dei vil, og oppgåva vår er å fylla denne viljen med norsk mål."

Denne bolken vil eg hava med av di eg trur at den bokmåliseringi me ser av målføri i dag kann hava mykje å segja for utviklingi åt nynorsken. Jamvel um talemålsnærleik ikkje allvegen hev so mykje å segja, vil eg tru det er lettare å yvertyda ein nordmøring um å skriva nynorsk enn ein frå Oslo vest. Dersom alle i Noreg ein dag talar bokmål, trur eg det er få som av reint idealistiske grunnar vel å skriva nynorsk. Då kann ein ikkje ein gong syna til ein folkehop som talar det nedervde norske målet i form av ulike målføre. Eg tykkjer å få stogga bokmåliseringi av målføri bør vera ei vigtug uppgåva for målrørsla i tidi frametter. Forsvinn målføri, forsvinn det språklege grunnlaget vårt i tala med, og då hev me berre skrifttraditionen å klamra oss åt. Difor bør me i tufti setja fram alternativet vårt, medviti talemålsnormering mot traditionelle, heimlege målføre og mot det nynorske skriftmålet. Dette alternativet er meint å ryma både det å halda på/læra seg det heimlege målføret og å nytta nynorsk normaltala.

Plasseringi av denne bolken er litt uheldig. Han vart trengd inn millom tvo avsnitt som stod under pkt. 3.1 Norskdom frå fyrr, og slik som det stend no skil han deim frå einannan og viser helder liten samanhang med deim. Som eg skriv ovanfor under språknormeringsbolken kann det vera aktuelt å plassera desse tvo bolkarne saman under eit felles punkt "Nynorsken og målføri". Elles hadde bolken um talemålsnormering passa godt inn under 3 Målreisinga i dag, slik at det i fyrste avsnittet hadde stade:
"Dialekt og lokal kulturforankring knyter folk til ein heimstad, og kan gje dei ballast og sjølvstende til å utvikla sin eigen identitet. Nynorsken er det beste skriftlege uttrykket for dei norske dialektane og den norske kulturen, og det er dugande på alle samfunnsområde. Bokmålet rår i dag, og vert difor rekna som det nøytrale og naturlege, og ord og former frå bokmål trengjer vekk norsk mål, både i skrift og tale. Norsk Målungdom tykkjer at folk skal vera medvitne om talemålet sitt, og ser friviljug talemålsnormering mot nynorsk og heimlege målføre som ein stønad både for skriftmål og målføre. Det er viktig for folk får tala nett slik dei vil, og oppgåva vår er å fylla denne viljen med norsk mål."

Som de ser, hev eg her fjerna setningi "Nynorsk normaltalemål og normering mot heimlege målføre kan vera eit ryggstø for dialektane." då ho vert lappa yver av den tillagde bolken um talemålsnormering. Dessutan tykkjer eg denne setningi er sers dårleg. Eit normalmål kann vel ikkje vera noko ryggstyd for målføri? Dersom det hadde stade ’nynorsken’ i staden for ’dialektane’ til slutt, hadde ho gjeve meining.

Eg vonar desse merknaderne kann klårna upp i eitkvart av det som stend i tufti, og at de tykkjer de hev fenge grunngiving god nog for dei tvo bolkarne um normering av nynorsk skrift- og talemål.

Godt ordskifte!


Klaus Johan Myrvoll, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag