YMIST

Innspel i tuftordskiftet åt NMU

Eg les um tuftordskiftet i Motmæle,bladet til Norsk Målungdom. Eg tykkjer tuftdebatten hev vore svært historisk orientert og knytt til dogmatiske standpunkt. Difor kjem eg her med eit innspel i ordskifte kring tufti. Eg kjem ikkje med nokon kommentar. Eg berre legg fram eit sjølvstendig tuftframlegg som kvar einskilt av dykk kann vurdera og kommentera. Eg tykkjer NMU no skal kasta firehundreårsnatti på båten,og tenkja nytt. Det fær då vera måte på å tyggja upp att på det same historiske tankegodset.

Målstriden i Noreg er ein strid millom det norske målet som Ivar Aasen la grunnlaget for og det uppnorska danske målet i Noreg. Det uppnorska danske målet i Noreg hev i dag hegemoni i samfundet. Dette kallar me bokmålsveldet. Det norske målet,nynorsken, er eit alternativ til bokmålsveldet. I denne striden ynskjer Norsk Målungdom å yvertyda alle nordmenn til å nytta nynorsk.

I målstriden må me motverka at bokmålsveldet fær prega språkføringi og dei språklege ideali til folk. Det gjer me gjenom måldyrking, gjenom å reisa ordskifte um språk og samfund og gjenom å spreida nynorsk lesnad og nynorske kulturupplevingar.

Fyrr me kann skapa målordskifte må me i det heile få sett språk på dagsetelen. Dette vil Norsk Målungdom gjera i skulen, på dei høgare lærestadene og elles i samfundet. Me vil knyta nynorsken til generelle samfundspursmål som gjeld upplæring på alle plan. Me vil at medlemene i Norsk Målungdom skal vera flinke til å kombinera interessa for nynorsk med dei skulefagi dei hev, dei universitetsstudiumi dei tek eller med det arbeidet dei hev kome inn i.

I alle språksamfund vert det skapa litteratur og i alle språksamfund av ein viss storleik vert det umsett litteratur frå dei store verdsspråki. Norsk Målungdom er uppteken av at flest mogleg folk skal få høve til å halda upp ein eigen språkkultur. Difor vil me når det er tenleg skulera oss på språklege stridar kring i verdi, og trekkja ålmenne lærdomar av deim. Når me ser at det er sterke saklege grunnar for det kann me òg koma med støttefråsegner til språklege organisasjonar som arbeider med å fremja språklegt sjølvstende innanfor ein stat eller ei minoritetsgruppa. Relevansen til den norske målstoda må vurderast i kvart einskilt høve.

Norsk Målungdom er uppteken av massekulturen. Me tykkjer det er viktig at ungdom fær yverordna språklege ideal i nynorsken, slik at dei kann møta kulturuttrykk frå massekulturen og frå umverdi på ein open og fordomsfri måte og vurdera dei utfrå at dei er vant til å ordskiftast um språk og samfund og um å dela rike upplevingar dei hev havt gjenom språklege formidlingar. Me hev tru på at det nyttar å arbeida for å skapa eit lærings- og daningsmiljø kring arbeidet vårt som kann førast vidare til andre nynorskbrukarar. Dette miljøet meiner me vil vera sterkt nok til at kvar einskild vil kunna utvikla gleda,kunnskapar og interessa for språk. Eit slikt miljø vil kunna fungera samfundsgagnleg og motverka yverflatiske og populistiske ytringar i den politiske debatten.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag