YMIST

Upprit frå språknormeringskonferanse i Kristiansand 1998

Lærarane kjenner ikkje valfridomen i normalane. Dette kom fram i ei rad fyredrag på ein språknormeringskonferanse i Kristiansand i november 1998. Lærarane hev ikkje høve til å formidla korleis elevane kann strukturera valfridomen. Valfridomen er ikkje funksjonell og stilistisk,men tilfellelege internaliserte normer. Det viktige er språkhaldningar som vert utvikla utfrå ei internalisert norm. Desse haldningane er med på å sementera språkhaldningane og skapar intoleranse for avvikande former. Dette vart grundigt underbygt i innlegg frå hovudfagsstudentane Celia Berg og Roy Johansen, Helge Omdal og Tore Kristiansen. Celia Berg viste til at dei konservative formene i norskdansken vart nytta i Haugesund av di dei vart knytte til bokmålet. Dialektformene vart stereotypiserte. Dei vart rekna for uhøvelege i skrift. Hovudfagsstudent, Roy Johansen , kunde underbyggja dette endå meir direkte. Han hadde presentert elevar for tekster med avvikande bokmålsrettskriving,og bede dei skriva ned det spontane inntrykket dei fekk av tekstene. Dei negative tilbakemeldingane var klåre og hadde eit stort fleirtal. Språket var bondsk,vulgært osb.

Helge Omdal viste vidare til at haldningane gjer seg gjeldande i upplæringi. Lærarane driv subjektiv rettskrivingsinnlæring. Elevane kann skriva som dei vil i skulen,og treng ikkje å få nokor upplæring i læreboknormalen. Det er likevel læreboknormalen som skal nyttast i offentlege organ. Til sjuande og sist spelar haldningane til kva som er rett språk ei større rolla enn det som er vedteke å vera lovleg. Dette syner oss at det normeringsregimet me hev i dag er utan evna til å styra normeringi,konkluderte Omdal fyrr han sette seg etter innlegget,og vart avbroten av ordstyraren frå Riksmålsforbundet som fastslo at det er sant og visst. Tore Kristiansen viste til den danske målstoda der konformiteten og samanhengslina i rettskrivingi er so stor at det hev dana seg ei talemålsnormering som hev gjenge like ned til detaljar i uttalen. Dei som ikkje greider å uttala slik det vert venta hev vorte sendt til logoped.

Vidare var det ein gjenomgåande tendens at det var fastslege at :
Dei negative språkhaldningane til rettskrivingsavvik frå internaliserte normer fær ein ikkje burt ved å gjera endringar i normalen. Kanskje skapar ein berre endå meir ugreida ved at det vert skapt endå fleire uppfatningar av kva som er rett og gale språk. Folk meiner at rettskriving er det dei lærde i skulen. Lærarane rettar former som det er lov å skriva utfrå det som er rådande former i skriftmålstradisjonen. Formalkunnskapen i grammatikk millom skuleelevane er svært dårleg etter 9.klasse. Dei hev liti evna til å manipulera med grammatiske fenomen.

Desse empiriske funni skulde samsvara godt med dei påstandane som underteikna hev lagt fram i fleire år at språkbruken til folk er styrd av eit normaltalemål eller av eit indre internalisert språk. Det hev eg kalla for det norskdanske daningsidealet. Dette daningsidealet slær fast kva som skal vera stygt og vent. Når skuleelevane reagerar so eintydig som forskarane finn ut her er det synbert at det norskdanske daningsidealet stend sterkt. Verre er det for nynorsken som ikkje hev noko slikt daningsideal.

At sume målfolk kann få seg til å avvisa at nynorsken bør skaffa seg fleire medvitne normaltalemålsbrukarar er uskynleg på meg.

No seinast hevda Oddvar Støme eit innlegg på Internettet mållag :
"... Men vi har og ein annan lov som er enno viktigare enn 1885-vedtaket: vedtaket om den munnlege opplæringa i skulen av 1878: Paa Børnenes eget Talemaal! Her blir pedagogane instruerte om at dei skal bruke barnas eige talemål i undervisninga. Kor mange pedagogar har brote den lova? Vi har altså forbod mot å drive taleopplæring dersom dette ikkje kan gå føre seg på barnas eige talemål. Det er altså berre på norske målføre (dialektar) at talemålstrening kan gå føre seg i det norske språksamfunnet! Har De tenkt på dette, og korleis vil De løyse den knuten? Så langt er det berre ei språkrørsle som har teke følgja av dette: snakk dialekt og skriv nynorsk! ... "

Kva meinte so målfolki på konferansen.
Sume målfolk var uppgjevne yver at det vart nytta so mykje tid på å slå fast dugløysa og uviktige språklege kjensgjerningar. Det er heilt tydeleg at dei såg ei misnøgje i reproduksjonen innanfor norskfagsmonopolet med Omdal,Sandøy, Vikør mfl. Istadenfor å finna løysingar som gjer at ein kann leva med valfridomen og læra elevane å nytta valfridomen, vert tidi nytta til å slå fast at lærarane ikkje kann læra frå seg og at dei internaliserte uppfatningane som folk hev um målstoda er avgjerande for språkbrukskompetansen når det gjeld å vita kva som er lovlege sideformer og valfrie former. Når ein driv og forskar på å få kartlagt kvifor det er slik berre for å ha forsking, vert prosjektet nokso meiningslaust. Roger Lockertsen viste til fleire undersøkjingar som gjekk beint på sak og kartla språkhaldningar og pedagogiske problem som måtte løysast. Me veit kva for problem me hev med nynorsknormalen,skal det gjerast endringar må det gjerast fleire og meir grunnleggjande endringar enn det NS legg upp til,hevda Lockertsen.

Helge Sandøy studde seg til dette synet og heldt fleire gonger fram at det er fordomar at folk trur det er so stor valfridom i nynorsk. Det kann likevel reisast tvil ved den evna Sandøy hev når gjeld å systematisera valfridomen i nynorsken. Det vart mykje diskusjon kring dei 133 ordi som Sandøy vilde gjera lovlege i nynorsken i 1997/1998. Sandøy greidde berre i liten grad å forklåra og systematisera denne valfridomen jmf. tolkingane hans av Venås-tilrådingi som var grunnlaget for framlegget. Eg viser her til anbeheitelse-sida her på heimesidone til Ivar Aasen-Sambandet.

Det var peika på at skulefokuset i målpolitikken er uheldig. Pedagogikk er eit middel og ikkje eit mål. Skulemålsfokuset hindrar at ein legg vekt på offisiell nynorsk utanfor skulen. Eit kollektiv må vera samd um språknormene. Skulen er ikkje nok. Nynorsken er ikkje eit nisjespråk,men eit ålmennspråk. Dette hevda Lars S. Vikør. Elles gjekk Vikør gjenom meiningsskilnadene millom Sandøy og Faarlund. Sandøy vil som kjent ha ein vid normal,medan Faarlund vil ha ein trong normal.

Elles er det verd å nemna at Dagfinn Rødningen kjem med eit arbeid som syner at valfridomen ikkje er viktig. Det vert gjeve ut av Austmannalaget. I millomtidi hev dette skriftet kome. Det var meld i Vestmannen nr. 9 av Sigfrid Tvitekkja.

Martin Skjekkeland tala i si innleiding um skilnadene i bruken av anbeheitelse ord millom Kvinesdal og Bø i Telemark. Trass i at det kunde reisast metodiske innvendingar mot arbeidet som bygde på eigenrapportering,meinte Skjekkeland at det var eit yvertydande grunnlag for å hevda at det var markerte skilnader i ordbruken millom dei tvo bygdene. I kvinesdal var anbeheitelse ordi langt meir utbreidde enn i Bø. Dette må forklårast utfrå kulturelle/økonomiske og geografiske årsaker,hevda Skjekkeland. Han fekk lite tid til å koma inn på slike forklåringar. Men bedehusmiljø,handelssamband med utlandet (Nederland) var tvo lykjelord. Skjekkeland konkluderte med at alle ord gjeng ikkje att i alle dialektar. Vinsten med å sleppa inn anbeheitelseord kann vera forskjellig utfrå geografiske ståstader. Dette vilde eg ha sagt til Sandøy sa Skjekkeland, men Sandøy reiste diverre fyrr konferansen var avslutta.

Gunstein Akselberg hadde gjort ei undersøkjing um nynorskbruken hjå elevane. Han bygde på lærarhaldningar som var rapportert på eit spyrjeskjema. Undersøkjing umfatta berre 12 lærarar på ein skule i Bergen,og fekk kritikk for representativiteten. Lærarane vilde ha fleire bymålsformer og mindre valfridom. Um lærarane vilde ha bokmålsformer eller samnorsk eller kva kom ikkje fram.

So til eit par av dei andre innleggi :
Samnorskmannen Tore Roksvold,rektor på bladmannahøgskulen i Oslo hadde gjort ei undersøkjing som synte at bladmennene var dei som var mest upptekne av at språket i avisone skulde vera einskapleg. Men på same tid var bladmennene ivrige etter å nytta valfridomen. Alle vil ha ei fast norm,men normi skal vera deira eigi.

Det kjende mynsteret med språkpolitiske haldningar i norden teikna seg av i at danskane held strengast på ei fast norm. Interessant var det likevel at svenskane let til å leggja størst vekt på konvensjonar og mindre vekt på kva som vert gjort lovleg.

Svensken, Christer Lauren snakka um ladinsk. Eit språk som vert nytta i Italia og Sveits. Språket vert nytta i sume landsbyar uppe i fjellet. Det hev offisiell status. Ein italiensk student eg kjenner her i Bergen fortalde meg at pengesetlane er på ulike språk,og eit av dei er ladinsk. Det er høve til å nytta både tysk og italiensk i tillegg til ladinsk. Han konkluderte med at det viktige for å vinna utgangspunkt for språkdomene for ladinsk var at eit språk vart nytta heime og millom vener. Jamvel i personlege brev var det mange som ikkje vilde nytta ladinsk.

Lauren var òg innum svensk i Finland. Han peika på at finlandssvensk og svensk hadde vore nytta um kvarandre i delar av finland td. på teatret i Åbo.

Alt i alt må eg konkludera med at konferansen var ei klår stadfesting av at norskfagsmonopolet er utan evna til å reisa interessante ordskifteemne for oss i målrørsla. Dei let ikkje til å ha noko stor tru på ideologi og masseaktivisme. I beste fall kann desse folki slå fast ting me alt veit og som me kann setja i gong å jobba med kva tid som helst. Serleg viktig må det vera å halda seg burte frå ordskifte som ikkje løyser formidlingsproblematikken og berre aukar den meiningslause kunnskapsauken av avhandlingar um rettskrivingsspursmål,praktisk språkbruk osb. som ikkje skal brukast til anna enn å halda uppe professjonsinteressone til norskfagsfolki.

I normeringsdebatten kann det berre vera ein veg å gå, burt frå sjølve detaljordskiftet um bøygningsendingar. Som høgnorskar vil eg avvisa heile ordskiftet med å insistera på høgnorskrettskrivingi.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag