YMIST

Målpolitikk på breid front

Roger Lockertsen skriv i Dag og Tid 10 juni um noko han kallar dei fatige kvite. Umgrepet er visst nok henta frå USA. Lockertsen skriva at dei fatige kvite i USA stend på grensa til å falla utanfor i samfundet. Dei kann sirklast inn gjenom ideologisk identitet haldningar til rase,kjønn og språk. Desse er dei fremste spreidarane av frykt,angst og redsla i samfundet. Dei fatige kvite si frykt er òg politikk. Dei fryktar for å falla ned millom dei arbeidslause,innvandrarane og afroamerikanarar.

Dei fatige kvite er ei nemning som kann nyttast i USA. Men Lockertsen vil yverføra umgrepet til Noreg. Kva motiv hev han for å yverføra dette umgrepet ? Dette vert ikkje klårt med det fyrste. Han skriv fyrst um kva andre umgrep han kunde ha nytte til å framstella dei fatige kvite i Noreg. Dei fatige kvite kunde verta knytt til husmannsånd,men det held ikkje. Dei spelar på det bondske og brukar skjellsord knytt til det. Han vil altso i fyrste umgang knyta dei fatige kvite til dei som er mot bønder og landsbygd. Her fyreset han at den amerikanske samfundsstoda kann analyserast på same måte som den norske.

Vidare slær han fast at dei fatige kvite er mot nynorsk. Dei nyttar usakleg vulgærargumentasjon. Den viktigaste argumentasjonen for dei fatige kvite er Vestlandsmål,bondemål,akademikarmål osb. Men korleis vil Lockertsen definera dei fatige kvite. Dei ulike sidone ved dei fatige kvite kjem serleg godt fram i den norske språkstriden,skriv han. Javel, dei hev altso fleire sidor enn den språklege i Noreg tilliks med i USA.

Lockertsen dreg parallellar millom ulike typar av fordomar. Fordomar mot nynorsk,liksom fordomar mot kvinnor,homofile,farga og jødar vert reproduserte gjenom frykt. Frykt for represaliar mot dei som er positive til nynorsk. Av dette fylgjer det vel at målrørsla skal vera ein språkleg frigjeringsorganisasjon som skal kjempa mot dei fatige kvite. Det meiner eg er heilt feilslege,og eg vert endå meir yvertydd når eg fær høyra motivet for å nytta umgrepet dei fatige kvite.

So langt manglar me eit motiv for å nytta umgrepet dei fatige kvite,men under underskrifti Bokmålsforeningen kjem fylgjande kraftsalve : " Bokmålsforeningen i Bergen er i dag det klaraste organisatoriske utrykket for dei fattige kvite i språkstriden."

Poenget med umgrepet dei fatige kvite er altso å hengja ut Bokmålsforeningen. Eit lag som for det meste er representert med ein skribent. Istadenfor å arbeida mot dei som er tolerante til nynorsken og spreida kunnskapar um nynorsken,vil Lockertsen gjera Bokmålsforeningen til ein hovudaktør i språkstriden. Istadenfor å gjera målrørsla til ei kulturrørsla med vekt på daning,kunnskapstileigning,saklege ordskifte og aukande aktivisme,snevrar han inn målstriden til berre å verta eit einspora ordskifte med nokre einskildpersonar. Tanken um at nynorskbrukarane og nynorsksympatisørane er undertrykte, kann lett verta sjølvuppfyllande.

Det er ikkje slik. Eit heilt folk kann skifta språk utfrå ei rad yvertydingar. Det er berre fantasien som set grensor for grunnar til å skifta til nynorsk. Men kann dei det utfrå analysen um og kritikken av dei fatige kvite ?

Nei,meiner eg. Den vert for statisk og einsretta. Ja visst skal me taka Bokmålsforeningen ålvorleg. Like ålvorleg som alle andre som ytrar seg um norsk språk. Men skal me vinna nye målfolk og nye nynorskbrukarar vinn me vel dei m.a. gjenom å visa at ein kann læra noko gjenom å nytta nynorsk og at ein kann ha gleda av språket. Og kanskje framfor alt gjenom å få folk til å finna grunnar for at nett dei skal nytta nynorsk. Finn folk fram til sterke personlege grunnar for å nytta nynorsk, gjev dei ikkje upp for agitasjon frå Bokmålsforeningen.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag