YMIST

Språkleg sjølvstende og modernitet

Det ergrar meg at språkvitarar generelt sett er fylde av ein altumfemnande forklåringsmani. Dei hev denne manien til alle språklege fenomen. Det gjeld målfolk tilliks med Finn Erik som nyleg var på radioen og debaterte sidemål med leidaren i Noregs Mållag. Ein viktig del av språkupplæringi gjeld slett ikkje å læra seg grammatikk og andre formelle språkstrukturar som språkvitarane kann formidla til oss. Det viktige er derimot å læra seg tydingsinnhaldet til ordi. Kva mentale fyrestellingar som vert knytte til ordi.

Når ein skriv engelsk eller tysk stil må ein finna fram til kva for tydingsinnhald og kva for ein bruksmåte kvart einskilt ord hev i språket. Ei mekanisk umsetjing hjelper ikkje. Ein må øva seg upp ei medviten språkkjensla. Å arbeida med å øva seg upp i å finna dei gode og råkande avløysarordi på eit språk er ein tame som hjelper fram den generelle språkevna. Det kjem ein til gode når ein skal læra andre språk.

Skodespelarar som nyttar båe måli må trena seg systematisk i å få yverført fyrestellingar av ord. T.d. vil ein bokmålsskodespelar assosiera ordet mjølk med gardslivet og melk med kjøkenbordet. Vedkomande hev havt ulike språkmøte med tvo ord for det same fenomenet. Då krevst det ein mental prosess å få ordet mjølk til å verta det rette ordet ved kjøkenbordet på scena. Desse prosessane kann ein berre øva upp gjenom at ein hev forpliktande munnleg (pugging til scena) eller skriftleg trening i å skriva nynorsk.

Lingvistar som meiner at alle språk er like gode,trur at det er nok å yverføra grammatikken og at ordtilfanget er underordna. Korleis kann det då ha seg at t.d.attgjevingi av rimmynsteret i diktumsetjingar vert fråvike i mange umsetjingar. Det er sers vanskeleg å yverføra dei mentale fyrestellingane millom språki. Korleis skal ein til dømes forklåra ein svenske kva ein stril og ei rad andre stadbundne fenomen er for noko ? Resultatet er fotnotar og ei lite lesarvenleg form.

Ein kann taka inn nye ord og integrera dei i ordtilfanget,men tydingsinnhaldet vert endra. Ein må taka umsyn til språket i bruk. Å argumentera med nasjonal kulturarv vert lett ein redundant argumentasjon. Greider ein ikkje å knyta upp nynorsken til levande språkmøte/språkbruk kjem ein skeivt ut.

Nynorsken er eit riksmål som gjev oss tilgang til mentale fyrestellingar og upplevingsfellesskapar som kann auka evna til å taka upp i seg nye ovringar,fordi me må tenkja medvite gjenom dei mentale fyrestellingane me hev til nye fenomen. Det er dette som kjem til å gjeva nynorsken voksterkraft i framtidi. Dette kann skuleelevane verta ein del av gjenom skriftleg sidemål.

Hovudtankane i ein moderne tankegang er knytt til m.a. subjektivit identitet og intensjonalitet. Mentaliteten til moderne menneske er prega av deira typifiserte upplevingar i sosial samhandling/språkmøte. Desse typifiserte språkmøti vert yverførde til ei sjølvuppfatning og eit sjølv. Yverføringi skjer gjenom språket,og dei mentale fyrestellingane me hev og danar oss av ord og umgrep er avgjerande for kva for yverføringar som ber til.

Dersom nynorsken ikkje når fram gjenom språkmøte og ikkje danar typifiserte upplevingar hjå den einskilde målbrukaren eller dersom dei typifiserte upplevingane vert negative,når me ikkje inn i den subjektive identiteten til folk flest. Dei vert verande likesæle til oss. Dersom nynorsken heller ikkje vert knytt til ei viss målretta endring/intensjonaliet,men til statiske og sjølvreferande tankegods vert målrørsla ei umoderne rørsla.

Det er det som skjer når NMU snakkar um levande lokalsamfund,ungdomskulturelle ideal og um å knusa urbanismen. Eller når språkvitarane legg vekt på at det skal vera mest mogleg samsvar millom skrift og tale. Eller når dei segjer at alle språk er like gode til alt. Resultatet vert at språket vert underlagd nytteumsyn og økonomiske umsyn gagnar ikkje nynorsken,snarare tvert um. Den kunnskapsproduksjonen som likskapsdogmet opnar for er ikkje ein argumentasjon for minoritetsspråk,slik språkgranskarar vil at det skal vera. Snarare tvert um fører det til at den engelsk språklege litteraturen breider um seg. Hadde ein derimot sagt at alle språk hev sine avgrensingar og at dei ikkje kann dyrkast fram til kva som helst utan umsyn til den generelle samfundsutviklingi og dei samfundskonstituerande institusjonane i ein språkkutur,vilde ein ha opna for ei sjølvstendig utvikling. For då kunde ein sleppa fri frå nytteumsyni. Engelsk språk er ikkje like godt som norsk til å uttrykkja diverse livsumkverve,og kann aldri verta det og umvendt. Men språkforskarane stend på sitt. Intensjonaliteten vert burte og immanensen tek yverhand.

Miljøvernarar demonsterar for å berga miljøet,fråhaldsrørsla og di like mot rusgift,dei kristeleg for kristendom,men målrørsla strid for landsbygdi,for ungdomskulturelle ideal,ungdomen skal altso ikkje berre ha ideal,men dei skal vera ungdomskultuelle og mot bydaningsovringar. Kva er det siste språklege utspelet frå NMU/NM som gav folk la vekt på det reint språklege og som sette det språklege på dagsorden. Dei andre rørslone eg nemnde hev klåre verdilada ord og umgrep som gjeng inn i kvardagsspråket til folk. NM og NMU produserar klisjear til eige bruk jamfør verveaksjon 2000 og minoritetsargumentasjonen og blankpussar medlemslistone. Og språkforskarane skriv nekrolog yver det nynorske målet. Viktige delar av målrørsla som knyter verdiane sine til at folk skal snakka dialekt og skriva nynorsk og at alle skal få nytta dialekten sin, og som let dette styra kunnskapsproduksjonen i rørsla, er på bærtur.

Det er berre gjenom skriftleg og munnleg nynorsk at me kann halda uppe ein meingingsfull kunnskapsproduksjon. Nynorsken må vera synleg innanfor ein intensjonalitet i samfundet,og tilhengjarane sameleis. Me segjer nei til språkleg likesæla. Me vil ha språkleg sjølvstende. Me vil at alle nordmenn skal gjera seg upp ei reflektert haldning til nynorsken og velja nynorsk. Då vert dei språklegt sjølvstendige.

Kva skal målrørsla med eit meir attendeskodande nasjonalt tradisjonalistisk,minoritetsspråkleg,mangfelde og toleranse språksyn. No må målrørsla verta moderne.

For Vinje derimot og for dei fleste lingvistar er dei mentale fyrestellingane lite vektlagde, og dei vert nedvurderte. For oss må dei vera ei hovudsak. Me må tematisera dei,um ikkje vert me ei tradisjonalistisk grøftegravarrørsla.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag