YMIST

Kva bør me venta å få fram no ?

Eg meiner at det er mange ting som me høgnorskvener bør venta oss av målordskiftet frametter. Dialektar og dialektreising må få eit nytt innhald som me er meir samd i. Me må kunna venta at riksspråket og målsystematikk vert sterkare fokusera. Eg meiner at me må arbeida for at dialektumgrepet skal verta knytt til andsvar for å fremja eit nasjonalspråk. Det er dette andsvaret som gjev legitimitet attum målreisingi. Og sjølvrespekten til kvar einskild målbrukar må knytast til at ein skal fremja nasjonalspråket i samkvem med andre.

Me meiner at det må vera klåre normer for målbruken. Dei som er mot normer i det heile teke hev ei onnor uppfatning av dialektane og dialektumgrepet enn oss. Den norskdanske måluppfatningi styrer formbruken millom dei dialektbrukarane som skriv norskdansk. Der er det normer. I motsetnad til dette hev rådande ideologi millom mange målfolk vore at me skal dana ei motmakt til normer i språkvegen i det heile. Nynorskbrukarane er undertrykte vert det sagt. Men det vert ikkje sagt kva nynorskbrukarane kann gjera. Å bruka nynorsk er ei frigjering,og dimed er det meste fastsett for sume målfolk.

At nynorskbrukarar er undertrykte kann ein segja til innvertes bruk. Men er det eit mål å vera undertrykt og berre protestera i det stille med å bruka nynorsk ? Ja, på det personlege planet kann det so vera. Men ein kann ikkje etter mitt syn vera so smålåtne i lagssamanheng. Då må ein segja frå kva for ideal ein vil setja i høgsetet. Det er eit spursmål um verdiar og umgrep. Me må skapa våre eigne verdiar knytt til umgrep som hev tyngd andsynes bokmålsbrukarane. M.a difor er eg for eittspråkslina. Og for ei nasjonal grunngjeving i målstriden.

Undertrykkjingstanken kann kanskje ha noko fyre seg. Men vel ofte er det nok dessutan snakk um redsla for å markera seg. Verksemder i nynorskumråde torer ikkje å nytta nynorsk av di dei ikkje vil stikka seg ut. Nynorskfolk i leidande yrkjespostar torer ikkje å markera seg på nynorsk. Er Harald Stanghelle og Olav Versto undertrykte ? Ja,kanskje av eigarane. Men kva med Jens P. Ekornes ? Han er jo tjukk i pengar. Men torer ikkje å nytta nynorsk. Han skal vera pragmatikar.

Når me vil reisa umgrep og spreida verdiane våre kann me ikkje utelukkande sjå fyre oss nynorskbrukarane som undertrykte og vanlege trauste menneske. Det er òg ei rad personar som hev mykje makt. Dessutan gjeld det ikkje minst å visa at dei verdiane me stend for hev ålmenn interessa. Med å samla folk um konkrete tiltak istadenfor å venta på at ting skal gjera seg sjølv og klaga når dei ikkje gjer det,kann me setja fram nynorsken som noko sjølvsagt.

Det same gjeld for høgnorsken og i-målet. Det hev synt seg at når universitetstilsette som nytta bokmål,men hadde nynorskbakgrunn vart uppmoda um å nytta nynorsk,so gjorde dei det. Det er ikkje alltid so mykje som skal til. Men nokon må meina at nynorsken skal fram på alle umkverve fyrr han kjem fram på nokre umkverve. Sameleis må me meina at høgnorsken skal fram på alle felt. Me må altso avvisa undertrykkjingsideologien. Det vil vera til hjelp for høgnorsken og for i-målet.

Å tematisera kvifor språk er viktig for folk i ymse samanhengar er ein fyrste innfallsvinkel og eit grunnlag for målarbeidet. Språk er viktig i arbeid og frittid for alle nordmenn,men dei tenkjer berre ikkje yver det. Det er som ein segjer i psykologien automatisert. Ein nyttar språk utan å tenkja seg um heilt til ein kjem til noko uvant. Noko ein stussar på. Det er vår uppgåva å gjera folk språkmedvitne og nyfikne på nynorsken. Då kann me argumentera for nynorsk.

Dersom me byrjar å reisa spursmål med bokmålet og upphavet til bokmålet vil me tvinga bokmålsbrukarane til å måtta argumentera for sitt mål. Det er det som skjer når me inviterar bokmålsfolk til å tala i Vestmannalaget. Då byrjar dei å orsaka seg for at dei ikkje nyttar nynorsk og ikkje alltid hev like god greida på mål og målsak. Ingen fyredragshaldar kann koma til Vestmannalaget utan å vera klår yver kva laget stend for. Og alle eg hev høyrt tala hev synt age for laget.

Me må reisa ei nynorsk daning. Mange nynorskbrukarar hev uppfatta det som mest udanna å nytta nynorsk i bokmålsumråde. Dersom ein derimot er knytt til ideal innanfor ei nynorsk ålmenta td eit miljø som Vestmannalaget er det nynorsken som hev prestisjen. Då må ein forsvara seg um ein ikkje nyttar målet i samsvar med dei ideali og den kulturen som laget stend for.

Me som nyttar høgnorsk vert utfordra med at me ikkje hev legitimitet attum målet vårt,at målet vårt ikkje er eit realistisk bruksmål og at det hev negative fylgjor for andre målfolk at me held fram høgnorsken som eit bruksmål for oss sjølve. Me høgnorskfolk vert kritiserte som um me vilde innføra høgnorsk med statstvang. I realiteten er det høgnorsk som er fjerna med statstvang. Eg vil ikkje tvinga nokon til å nytta høgnorsk. Derimot argumentera for det. Kvart einaste år kjem det til nye skribentar som skriv høgnorsk eller sympatiserar med målet,meiner motstandarane våre at me er fårlege for nynorsken ? Grunnen til at i-målet ikkje vinn ålmenn fagnad er at desse fordomane ovanfor sit so fast i folk at dei sluttar å tenkja. Dei høyrer ikkje på vituge innspel frå oss. Det vert viktigare å slå fast det dei meiner er det rette.

Eg trur den grunnleggjande usemja millom me som vil ha høgnorsk og dei som vil ha offisiell nynorsk gjeng på dei svari me hev på kvifor me skal nytta nynorsk. Eittspråksstragien og idealtenkjing er viktige grunngjevingar for meg. Dessutan legg eg mykje vekt på målestetikk. Det viktige for meg er ikkje i og for seg høgnorsken i seg sjølv. Målet kann dei som vil tileigna seg yver tid og med rettleiding. Det viktige er kva svar ein hev på kvifor-spursmålet,og kva praktiske konsekvensar ein tek av det. Det vil segja kva ein gjer av konkret målarb. Men sjølv um folk hev andre svar på kvifor spursmålet enn meg, kann dei naturlegvis gjera mykje godt målarbeid av den grunn. Jamvel um dei er usamde i noko eller i alt eg og mange andre målfolk er samde um.

Kann me syna at me som vil ha høgnorsk og i-mål er interesserte i å samarbeida med målrørsla elles og at me kann argumentera godt og logisk fyre oss er det vel og bra. Men viktigare er det at me kann få med oss flest mogleg på den tanken at dialektane skal arbeidast med og at nasjonalspråket nynorsken skal haldast i age. Då trur eg me hev kome langt.

Me må yvertyda målfolk um at den kunnskapsproduksjonen me høgnorskfolk arbeider oss upp, kann vera til gagn og til gleda for målrørsla ålment. Det gjer me med å fylla alle dei funksjonane som opnar seg upp for oss. Me må møta dei fremste kritikarane våre med ei utstrekt han og spyrja dei kva dei er usamde med oss i,finna fram til kva dei meiner og yvertyda dei um at det er råd å tenkja onnorleis. Gjenom å markera i-målet vil me finna ut kven som er til å samarbeida med og kven med må diskutera meir med for å koma fram til ein samlande plattform.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag