YMIST

Språkdogmi fyrst deretter bokmålsveldet

John Honey hev skrive ei bok som heiter language is power. Boki inneheld mange synsmåtar som hev interessa for målfolk i Noreg. Eg skal syna noko av dette nedanfor. John Honey viser til at dogmet um lingvistikk likskap i boki. Fyrr dette dogmet vart fastslege hadde B. Bernstein utvikla ein språkskortteori. Denne teorien gjekk ut på at ein hadde tvo språklege kodar. Den eine koden var knytt til konkret språkbruk,ein avgrensa kode. Og ein fann denne koden hjå born til lågt utdana menneske. Ein annan kode som ein fann hjå høgt utdana var knytt til abstrakt språkbruk,ein utvida kode. Bernstein meinte at det måtte vera eit mål å få utvikla ein utvida språkkkode hjå born med ein avgrensa språkkode. Denne teorien var akseptert, og vist til fram til kring 1972.

I 1972 skulde det skje eit vendepunkt i sosiolingvistikken. Frå då av utvikla dogmet um lingvistisk likskap seg. Dette dogmet er representert ved fleire lingvistar. Eit hovudpunkt for Honey er å retta kritikk mot Labov. Labov gjorde eit arbeid i 1972 som hev vorte klassisk og dogmekonstituerande. Han let ein arbeidarklassegut,ein 15 år gamal gjengleidar få snakka um fritt um eit emne. Han samanliknar dette med ein gut på same alder som snakka standardengelsk.

Labov konkluderar med at arbeidarklasseguten er ein svært glup samtalepartnar som kann bruka det engelske språket til mange ting. Larry som guten heiter er i stand til å føra fram avanserte argument.

Denne guten vert kontrastert med ein millomklassegut som hev skrive ei utgreiding um trolldom og hekseri. Labov meiner at Charles,som denne guten heiter, i motsetnad til Larry er ein ordgytar som strevar etter å få fram det han vil segja. Charles nytta eit innvikla språk,medan Larry derimot er kvikk,iniativrik og kann gjera seg upp ei meining.

Konklusjonen til Labov vert at dei arbeidarklasseborni ikkje lid av språkskort,dei hev berre eit anna språk enn standardformi av amerikansk engelsk. For skulen må uppgåva vera å måta undervisningi til det talemålet elevane hev,ikkje å pressa nedyver dei ei språkform som i siste instans er framand for dei,trass i at ho er offisiell og offentleg og yverført gjenom lang skriftleg tradisjon. Labov gjeng jamvel lenger han hevdar at denne formi for engelsk, er betre enn vanleg engelsk og meir tenleg. Dei som snakkar arbeidarklasseengelsk er betre forteljarar,argumenterar betre og er betre til å føra ordskifte.

John Honey er sterkt kritisk til metodane til Labov. Honey peikar på at Larry fekk ei rad spursmål fram mot argumentførsla. Charles starta å leggja ut utfrå eit spursmål og resonnerte umkring det. Bakgrunnen for dei intervjui Labov gjorde er ikkje gjort greida for. Kvifor var desse tvo gutane valde ut ? Var dei representative ? Intervjui vart gjorde utan at Labov hadde kotrollert utprøvingane. Poenget hans var nett at kontrollerte forsøk ikkje vilde føra til noko. Med kontrollerte forsøk vilde ein berre koma til å gjera dei same feili som Bernstein. Ein vilde ikkje få fram det geniale aspektet ved arbeidarklasseengelsk.

Utfallet vart :

1 Labovs konklusjonar vart slukt rått. Ei tekstbok frå 1979 uppsumerte at Labovs arbeid hadde vorte godteke utan mykje kritikk. Peter Trudgill førde resultati yver til England i 1975 med boki Accent,Dialect and the school. Denne boki vart helsa velkomen i Times Educational Supplement :" as a salutary antidote to the obsession with standard English which has been a feature of our educational system". Labov vart sett høgt upp på pensumlistone i England etter dette.

2 Bernsteins teori um dei tvo kodane vart uglesette og miste all vitskapleg frægd. Bernstein vart stempla som politisk ukorrekt.

Yverføring til Noreg

Det er ein ting å segja at ulike språk er potensielt like gode til å uttrykkja eit eller anna. Det er noko anna å segja at alle dialektar innanfor eit språksamfund som Noreg er like gode. Og endå noko anna å segja at alle dialektar i Noreg fungerar like godt til å verta nytta til skriftmål.

Skriv som du snakkar eller berre snakk. Me skal ikkje ha nokon normal,alle skal få skriva so nært upp til dialekten sin/talemålet sitt som råd. Dette er talemålspedagogikk som hev vorte ført vidare til Noreg. Dei som fylgjer skrifttradisjonen er berre ordgytarar. Medan dei som skriv breid dialekt er frigjorte,intelligente,gode forteljarar og debattantar. I dag syner det seg knapt at nordmenn er serleg flinkare eller ivrigare etter å uttrykkja seg offentleg. Snarare tvert um er det likt til at svenskar og danskar er like ivrige til å ytra seg.

Kva segjer so folki umkring Språkleg Samling til dette ? Ein vanleg tankegang er at me kann ikkje ha ei fri språkutvikling. Me må ha ei statleg normering. Um ikkje er det bokmålsveldet som fær råda.

Me høgnorsktilhengjarar kann verta skulda for å vera for ivrige etter å kritisera samnorskfolk og ty til kritikk som samstavar med det riksmålssida segjer. Det kann hevdast at me meiner spursmålet for/mot samnorsk er yverordna spursmålet for/mot bokmål, og då meiner sume målreisingi kjem på ville vegar. Det største trugsmålet mot nynorsken i dag er bokmålsveldet, og ideologiprodusentar (både norske og utanlandske) som styd opp om bokmålsveldet høyrer til millom dei fremste motstandarane våre,kann det hevdast.

Her er eg grunnleggjande usamd. Eg er samd i at bokmålsveldet er den største utbydingi. Men skal me koma frametter, meiner eg, at eit viktig delmål på vegen må vera å bryta med rådande dogme innanfor norskfagsmiljøet/sosiolingvistikken. Kritikarane kann meina at eg er for ivrig etter å nå dette delmålet og ikkje greider å halda hovudmålet i sikte.

Generelt sett er eg tvilande til kategoriske framstellingar av kva som er rett/ideelt. Eg meiner at det er viktig å nå fram til sannkjenningar og sanningar på tvers av skjematisk tenkjing. Det som er rett for oss,treng slett ikkje å vera rett for alle andre. Og td. å samanlikna målstoda i Noreg med utlandet kann føra heilt gale av stad. Måltilstanden i USA er vidt forskjellig frå måltilstanden i Noreg.

Labov/Trudgills målpolitiske program hev vore å få fram at dialektane ikkje er dårlegare språksystem enn standardtalemålet, men like gode, og difor har det t.d. vore viktig for dei å kalla standardtalemålet for "a dialect" på line med andre dialektar. Dette hev ført med seg ein aksept for at dialektar og standardtalemål er like gode språk. Det er av det gode for då kann dialektane nyttast fullt ut i skrift og tale,kann det hevdast. Det er eg usamd i.

For det fyrste var dreiingi mot meir dialektbruk på gang ei heil stund fyrr Labov nådde Noreg.

Det hev vore stor variasjon i skriftspråksbruken innanfor nynorsken i alle år. Innanfor skjønnlitteraturen kann det jamvel sjå ut til at dialektformene hev gjenge attende dei siste 30 åri, trass i at dialektane hev vorte sterte framtrekte i målpolitisk agitasjon.

At utviklingi mot meir bruk av dialekt munnlegg gjekk fyre seg uavhengig av framvoksteren av sosiolingvikken vert endåtil slege fast av Språkleg Samling so tidleg som i 1976. Her vert det peika på at det er sosiolingvistikken som er påverka av samfundsutviklingi på den tidi og ikkje umvend.

Eg vil soleis hevda at det er den målpolitiske tenkjingi som hev vorte prega av sosiolingvistikken og ikkje framgangen for dialektane. Framgangen for dialektane hev kome uavhengig.

For det andre vil eg hevda at eit normaltalemål lettar kommunikasjon,at med eit normaltalemål vert det lettare å læra språket frå seg til utlendingar,at eit normaltalemål gjev oss ein nasjonal einskap,eit normaltalemål hev ingi sterk lokal tilknyting og let seg tileigna av folk frå ulike stader i landet. I tillegg hev folk den fordomen at normaltalemålsbruk er noko som er knytt til folk med høg utdaning og høg prestisje. Den kjem dei til å ha lenge enno. Bokmålet profiterar på at me målfolk ikkje vil byggja ut eit standardtalemål i sterkare grad enn i dag. Jamvel i Noreg finst det ei tilnærming til eit normaltalemål, og det er bokmålet.

Bokmålet hev eit standardtalemål. Nynorsken skal ikkje ha det. Det er offisiell nynorsk politikk i tilknyting til store delar av målrørsla. I praksis gjer denne tilnærmingi bokmålet til einestandard. Når ein høyrer språk umkring seg tek ein som regel upp ord og vendingar ukritisk eller ein tek dei i bruk avdi ein ikkje finn alternativ. Men ein gjer det utfrå eit mynster. Ein finn språklege mynster og ideal som ein fylgjer. Det er vel fåe eller ingen som hermar etter dialekttale på fjernsynet når dei skal visa til noko ? Når folk høyrer bokmål derimot då tek dei upp i seg dei språklege utsegnene utfrå det mynsteret dei er vane med. I beste fall knotar folk bokmålet um til dialekt. Når ein vert tvinga til å ha fyrelegg på bokmål og ikkje kann sleppa undan å taka utgangspunkt i bokmålet,kjem bokmålet inn. Det er bokmålsveldet. Når ein ikkje vert drilla i eit levande alternativ til dette,so held ein fram med å knota bokmål,når ein kann sleppa òg, og då kann ein greida å stå i mot bokmålspresset endå lenger enn det ein elles vilde ha gjort. Talemålspedagogikken/alle språk er like gode ideologien hindrar ei uppbyggjing av eit normaltalemål på friviljugt grunnlag. Då fær med ikkje noko nynorsk mynster som kann fremja nynorsken i talemåli.

Gjenom å slå fast at alle språk er like gode hev sosiolingvististane rettferdiggjort at nynorsken hev vorte bokmålisert. Me treng ikkje normaltalemål. Bokmålet hev det,men det er me imot : Snakk dialekt skriv nynorsk. Denne tenkjingi er rett,dersom me tek burt bokmålveldet. For å uppnå det må me gjera noko : Er de samde so langt ? Me vil ha nynorsken inn på alle felt der bokmålet hev domene i dag. Kann me få det utan eit nynorsk normaltalemål ? Eg meiner nei. Difor meiner eg at kampen for at folk skal få tilgang til eit nynorsk normaltalemål er grunnleggjande. Denne kampen må vinnast fyrr me kann vinna kampen mot bokmålveldet.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag