YMIST

Kunsten kann vinna menneskesinni

Kunsten vinn menneskesinnet gjenom språket. Språket kann ikkje styrast gjenom politikk,juss eller økonomi. Dette var eit hovudpunkt for Arnljot Strømme Svendsen i eit fyredrag han heldt i Vestmannalaget nyleg. Arnljot Strømme Svendsen var innum ei rad perspektivdanande faktorar som han meinte kunde underbyggja ein slik påstand.

Han starta i Bergen for 150 år sidan i 1850 då spirane til Den nationale scene grodde fram i Bergen, og i 1852 vart det norske Theater skipa i Christiania. Desse tvo teatri utfordra den rådande målstoda med å spela på eit norskare mål enn det gamle Cristiania Theater. På det norske Theater i Christiania vart det driva eit systematisk uppnorskingarbeid gjenom innsatsen til Knud Knudsen. I Bergen vart det bygd upp eit eige scenemål knytt til bergens uttale. Alt på 1850-talet spela teatret i Bergen Jeppe på Bjerget på sognamål. 1850 vart eit tidsskilje for den nasjonale voksteren.

Ei hopehavssøkjing tok til. Ole Bull var ein frontpilar i dette arbeidet,og han for fram på ein sers uorginal måte. Han fann unge skodespelarar til teatret. Mange av skodespelarane var millom 16-20 år. Dei fekk gode voksterkår i den tid teatret greidde seg. I 1862 var det stopp,og fyrst 14 år seinare vart Den nationale scene skipa som eit trygt og varande teaterprosjekt i Bergen. Teatret feira 100 års jubileum i 1976 og driv godt.

Den tidlege teaterskipingi i Bergen førde med seg at ei rad skodespelarar vart upplærde i og vart vane til å nytta eit bergensk prega talemål på secna. Bergensk fekk soleis status,og ingen bergensarar vart retta til å tala austlandsk. Det viser at språket kunde arbeida seg fram gjenom kunsti.

Språket tilliks med ytringar i musikk og biletkunst fylgjer strenge lover. Dei kunstneriske elementi vert bygde upp på ein måte som gjer at utøvarane vert prega av det same. Grensone for den likskapen ein finn i kunsti kann fylgja eit kulturumråde,ei gruppa av land eller heile verdsdelar. T.d. er austeuropeisk kunst serprega frå vår.

Språk kann ikkje styrast mekanisk. Likevel vil det vera nokre viktige aktørane som styrer mykje av språklagingi i samfundet gjenom verksemdi si: 1. Fagfolk lagar sitt språk, 2. skulen styrer språket ved tvang, 3. pop og mediemenneske spreider språklege ytringar, 4. språkbyråkratar og embetsmenn lagar sitt språk i offentlege dokument og utgreidingar, 5. forfattarar kann skriva so godt at språket deira danar mynster.

I dag kann mange skriva,men det er ikkje alltid at dei fær spreidd det dei skriv. Ein må finna talent og utvikla. Målrørsla må gripa fatt i nye miljø og gjera desse miljø til sine. Strømme Svendsen hadde mange døme på korleis dette hev vorte gjort. Han kom med lovord til Det norske Teatret i Oslo som hev greidd å samla fulle hus og skapa store framsyningar. Styremaktene hadde ikkje noko val når Det norske teatret trong nytt husrom. Det var det beste teatret i Oslo.

Strømme Svendsen var formann for Den nasjonale scene i Bergen fram til 1982. I Bergen hadde me stødt suksess med framsyningar på nynorsk. Dei var sers umtykte. Me lærde mykje av Det norske teatret i periodar. Til dømes var Det norske teatret svært haghendte med barneframsyningar. Her fekk me fleire gode idear.

Målrørsla må vinna menneskesinni gjenom talentfulle kunstprestasjonar. Det vil gjeva perspektiv til arbeidet vårt,avslutta Strømme Svendsen.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag