YMIST

Nynorsk kunst i ei moderne sjølvforståing

Eg vil hevda at målrørsla kann læra mykje av kunst. I eit moderne samfund er tilhøvet millom den indre subjektive verdi hjå einskildmennesket og den ytre sosiale verdi spalta. Me spelar rollor når me tek del i millommenneskelege relasjonar. Pedagogen Erling Lars Dale slær fast at : " Oppdragelse i det moderne tilsier at det i psykens indre opprettes en subjektiv distanse mellom jeg`ets frie handlinger og sosiale rollespill". Ein kann ikkje uppnå ein heilskap millom den måten ein syner seg fram på offentleg og den måten ein danar sitt eige sjølvbilete.

Gjenom å stå fram offentleg og presentera kunstnarleg ytringar skapar ein grunnlag for å utvikla subjektive og personlege uppfatningar um kunsten og um andre ting. Ein utvidar evna til å tolka andre sosiale relasjonar og annan innsikt. Det moderne samfundet gjer det mogleg å få sosiale rollor til å stå fram som det dei er. Dei er framføring av kodifisert kulturell åtferd. Me lærer å gjera oss ein avstand til dei sosiale rollone. Ein spelar ut det psykiske på den yverflata der det sosiale livet gjeng fyre seg. Gjenom upplæring på formelt vis kann ein verta medviten um skilnaden millom det sosiale livet og den indre subjektive identiteten. Ein lærer seg til å plukka ut det som er sosialt akseptabelt eller sosialt relevant. Det som høyrer til god skikk og bruk og det som ikkje gjer det. På denne måten startar ein sjølvkonstruksjon.

Språk er viktig i denne prosessen. Ein kann skapa strukturar for utfalding og endring av sjølvet. Språket er ein formidlingsinstans millom det sosiale og det subjektive. Spårket umset objektiv røyndom til internalisert subjektiv røyndom og umvendt. Språket gjev høve til å objektivera nye upplevingar slik at dei bert røynslor. Språket gjer det mogleg å føra dei inn i eksisterande kunnskapslagre. Personleg røynsla vert tilgjengeleg for refleksjon i form av typifiserte upplevingar. På den måten byggjer språket semantiske tydingssonor som er i rørsla. Via språket evnar ein å klårgjera subjektiviteten slik at dynamikken i det sosiale ikkje fell attende på lausrivne upplevingsfragment.

Å øva upp språkevna er ei uppfostringsuppgåva. Og ein del av denne uppgåva er upplæring i estetisk praksis,kritikk og røynslor. Målet må vera å auka fram menneskekunnskapen vår. Gjenom estetisk kritikk og ved å møta kunstverk kann me verta medvitne um stileigenskapar og estetiske uttrykk som ein del av sjølvframstellingi. Og eit sentralt spursmål vil vera um aktørane i ein film,ein roman,eit drama,eit målarstykkje,ein dans e.l. ytrar og gjev til kjenne dei upplevingane dei hev. Henta med umarbeiding frå Erling Lars Dale,Kunnskapens tre og kunstens skjønnhet.s.179- 183

I stadenfor å konfrontera oss med våre eigne motsetnader millom subjektivitet og sosiale rollor kann me nærma oss problematikken i kunsten. Dei gjev oss høve til å slappa av frå dei konfrontasjonane som det uvilkårleg vil verta millom sjølvet vårt og dei rollone me spelar i mangfaldige sosiale samanhengar. Det er her kunsten hev ein funksjon i eit moderne samfund.

Kva so med nynorsken ? Korleis kjem nynorsken inn i tilhøvet millom subjektivitet og sosial samhandling. Eg meiner at det viktigaste ein kann gjera er å gjeva folk sterke og varande inntrykk korleis språket fungerar i sosiale samanhengar. Di sterkare inntrykk ein kann få,di meir vil ein måta arbeida subjektivt med dei haldningane og uppfatningane ein hev til nynorsken. Det er gjenom sosial samhandling at ein danar seg fordomar um nynorsken og um språklege tilhøve i det heile.

Korleis gjeng ein so fram ? Den organiserte målrørsla kann ikkje alltid i like stor grad gjeva til beste kunstnarleg ytringar som vil gjeva ein varande verknad på folk. Det me derimot kann gjera er å leggja til rette for at dei upplevingane som folk hev vert opna for medviten gjenomtenkjing. Gjenom å visa korleis språklege val gjeng fyre seg og korleis språkleg makt vert uttrykt på ein stilisert måte,kann me få fram målpolitiske poeng.

Dei færraste til gå gjenom ein mødesam refleksjonsprosess der dei må igjenom sitt eige tilhøve millom subjektiv identitet og språkleg samhandling. Folk vil ikkje konfronterast for personleg med at dei gjer språklege val som å skifta frå nynorsk til bokmål. Eg meiner ikkje med dette at ein ikkje skal konfrontera dei med det. Det er i alle høgaste grad eit offentleg spursmål,og offentleg spursmål skal debaterast anten ein likar det eller ikkje. Det ligg som ei drivkraft attum demokratiet. Det ein derimot ikkje kann gardera seg mot er at ei politisering åleine verkar negativt.

Ein ytre konfrontasjon med nokon som folk ikkje kann få distansert seg til gjenom kunstnarlege eller distanserte framstellingar,kann lett føra til at avsendarane me i målrørsla,vert tillagde andre motiv enn dei med i røyndi hev. I stadenfor å verta knytt til idealistiske motiv og ynskjemål um språkleg sjølvstende og sjølvstendig identitet kann målfolk fort verta knytte til noko marginalt,irrelevant og moralistisk. Dette er noko som vert signalisert gjenom at so mange kunstnarar og kulturpersonlegdomar utanfor mållaget er skeptiske til mållaget. Dei kjenner ikkje mållaget som noko sakssvarande for det dei arbeider med.

Det gjer at ein må revidera det som vert tillagd vekt i målrørsla. Me må tenkja gjenom um den navleskodande interessa for å driva rettskrivingsstudium og målrørslegranskingar gjev oss høve til å fange den moderne identitetsdaningi. Og me må vera kritiske til oss sjølve når me kritiserar den amerikanske massekulturen. Dersom folk finn fram til filmar som gjev dei høve til å utvikla kunnskapsproduksjon i spennet millom sosiale relasjonar på film og samhandling med andre kring filmane og danar seg subjektive fyrestellingar som er viktige for deim i denne konfrontasjonen,vil det vera eit sjølvskot for organiserte målfolk å koma med eit tilbod som verkar totalt avvisande til denne identitetsdaningi. Det fører ikkje berre til at me ikkje når fram. Det fører med seg at me vert sett på med skeptiske og vaktsame augo. Um me ikkje er istand til å tematisera og nytta nynorsk kunst og litteratur som eit produktivt element i målpolitisk verksemd kjem me ikkje til å nå fram med tyngd i målarbeidet. Det var kunsten og dei kunstnarlege ytringane som stod i fremste rekkja då den norske nasjonen vart bygd og nynorske kunstnarar og kulturpersonlegdomar stod i fremste rekkja i dette arbeidet. Det var det som skapte framgangen for målrørsla. Gjenom sjellaus propaganda hev målrørsla liti gjenomslagskraft. Og dersom me itillegg avviser den massekulturelle framvoksteren avviser me det som finst att av identitetsskapande ytringar.

Målrørsla vert fyrst målpolitisk gjenom at me byggjer upp ein medviten dramaturgi millom den sosiale konteksten me ynskjer å skapa og setja målrørsla inn i og den refleksjonen me ynskjer å opna upp for at einskildmenneske kann ha. Me kann ikkje styrer den subjektive refleksjonen til einskildmenneske,men me kann leggja til rette for at det i det heile kann gå fyre seg ein subjektiv refleksjon. Eg ser fyre meg ein refleksjon yver den nynorske kunst-og litteraturverdi. Kann me skapa ein refleksjon yver denne vil det vera ein spire til målpolitiske gjenomslag.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag