YMIST

Nynorsk ingen kunst?

Dei fleste er likesæle til språk og til språkstriden millom bokmål og nynorsk. Korleis kann me få dei til å tenkja yver språkstoda ? Med nokre grove termar kann me dana oss uppfatningar um tilstanden for meiningsdaning og politisk påverknad. Det moderne samfundet kann segjast å skilja seg frå det det tradisjonelle samfundet. I det tradisjonelle samfundet la ein vekt på konvensjonar og på faste relasjonar millom menneske. Menneski hadde ikkje serleg stor valfridom og tilbod um sosial samhandling band seg upp til rigide normer.

I eit moderne samfund er menneski prega av at dei hev stor valfridom og mange tilbod um relasjonar til andre menneske. Endring vert uppfatta som noko positivt noko ein vil fremja. På same vis vert me i målrørsla vurdert utfrå kor gode me er til å fremja endring.

Innanfor kunsten hev dette gjeve seg mange utslag moderniseringi gjeve seg mange utslag. Når det var vanleg å få prenta kunstverk som teikningar,illustrasjonar i masseupplag og når fotografi vart enklare å prenta fekk massane tilgang på store mengder kunstnarlege ytringar. Evna til å taka upp i seg og gleda seg yver desse godi var ikkje og er ikkje like velutvikla. Mengdi av bilete i bøker og avisor er stor og ho veks. Levande bilete på fjernsyn kann vera enkle å tolka og kann gjeva oss utfyllande informasjon heile tidi,men litteratur og kunst gjev ikkje det same høvet. Dei må tolkast og arbeidast med aktivt av den som komsumerar deim. Det gjer at det vert vanskelegare å legitimera kunst og litteratur,og sameleis nynorsken.

I økonomien legg ein vekt på konsumsuverenitet. Konsumenten avgjer gjenom sitt forbruk kva som skal verta tilbydd på marknaden. Men økonomane hev innført eit umgrep som dei kallar gagnlege gode. Desse godi knyter seg ikkje til konsumentsuverenitet,men til ei alternativ norm. Ein person vil ofte akseptera visse samfundsverdiar og kollektive preferansar,endå um dei ikkje fullt ut er hans eigne. Trass i at ein ikkje gjeng på museum,nyttar offentlege parkar,historiske kulturanlegg,teatre,opera eller nynorsk,godtek ein at sume andre gjer det og er med på betala for godi.

Nynorske kulturtilbod tilliks med bokmålskulturprodukt vert rekna for gagnlege gode som vert verna for marknadskreftene. Det er fyrst og fremst eit gode for dei som hev valt og nyttar nynorsk. Me som nyttar nynorsk er viljuge til å betala ein heile del for å få dei hjelpemidlane og den litteraturen me ynskjer på nynorsk. Men er me viljuge til å betala so mykje som

krevst ? Nei,utan statlege subsidiar,innkjøpsskipnader og liknande vilde nynorsken ha stade munalegt veikare. Utan innkjøpsordningi vilde det vel knapt løna seg å gjeva ut storparten av den nynorske litteraturen. Utan statlege yverføringar til Det Norske Teatret, vilde teatret ha måtta trappa ned drifti. Utan serstudnad frå staten måtte Dag og Tid ha lagt inn årane.

Me er avhengige av at staten gjer det billegast mogleg for oss å skaffa oss nynorske kulturgode for me idest ikkje i stor nok grad å innfri marknadslovene. Di fleire gode nynorskfolk og nynorskvener kann skaffa seg di betre. Eit spursmål er likevel kor langt kann me venta at me fær dekt vår etterspurnad til ein billig pris. Di større sprik det er millom tilbod og etterspurnad,di meir må tilbodi subsidierast. Men ein stad gjeng det ei grensa. Kor langt nedetter etterspurnadskorgi vil staten gå. Kor stort konsumentyverskot kann me nynorskbrukarar få frå dei som ikkje interesserar seg syndeleg for nynorsken,men som likevel ser verdet av det me driv på med. Kor mange av oss kann vanvyrda Dag og Tid med å ikkje tinga henne ? Og kor mykje kann me venta at me kann påverka avisa gjenom marknadskreftene ? Strømme Svendsen s. 109-111

Ein ting er å leggja vekt på kunnskapar i nynorsken. Noko heilt anna er å leggja vekt på å få fram gleda ved å lesa og setja seg inn i litteratur på nynorsk. Eg trur at den beste litteraturen og dei beste ytringane/framføringane på nynorsk er umistelege samanlikna med kva for konkrete kunnskapar den einskilde hev um nynorsken. Ein kann vel knapt venta seg at nokon vil kunna læra seg nynorsk,utan at ein òg hev vorte sterkt fascinert av språket gjenom å lesa det eller høyra det i ulike samanhengar. Slik formidling av nynorsken vantar me i stor grad i den organiserte målrørsla. Difor vert me uppfatta som nokre einsynte personar som legg vekt på rettskrivingsspursmål og som viser til ålmennkunnskapar,jamstelling og språkval o.l. når me skal underbyggja sidemålsstilen.

Istadenfor å nærma oss nye livsumråde og nye målgruppor på ein systematisk måte heng me oss upp i dei prinsipielle linone,og gjeng i stillingskrig for å forsvara posisjonane våre. Sume freistar å reisa ein prinsipiell kritikk av marknaden som pressar fram kommersielle tilbod og knyt seg upp til det store utlandet med USA i sentrum. Dei meiner at lokalsamfundi i distrikti stend for ei alternativ tilhøyrsla. Dei vil styrkja den lokale tilhøyrsla og peika på at ungdom sjølv kann velja kva for ei forankring dei skal ha til språkkulturen. Dei kann velja lokal forankring i språk og mentalitet. Det er viktig at dei vel å vera byrge av den staden dei kjem frå og av nynorsken,vert det peika på.

Dette kallar dei å vera mot måbyte frå bokmål til nynorsk,for ein dynamisk identitet og for å bryta med dei ungdomskulturelle ideali som råder i den amerikanske massekulturen. Innanfor ein monokultur av menneske som vil framføra bodskapen um at skuleelevar kann velja språk og at språkval må grunngjevast,kann dette fungera som ei indremedisinsk innsprøyting. Som framgangsveg for målrørsla er det totalt mislukka, og gjer at me i beste fall vert ståande på status quo.

Det grunnleggjande samfundssynet attum ei slik tilnærming er at det er synd på nynorskbrukarane og at dei fortener medkjensla. Me må hjelpa dei mot det yvermektige bokmålsveldet og få dei til å forstå kor viktig det er for dei at dei held fast på nynorsken. Det er sterkt yverdrive, og kann fort føra til ein utbreidd svivyrdnad for nynorskbrukarar flest som ikkje uppfyller dei kriteriumi som me legg til dei. Det er me som veit best, og skal føra kunnskapen ut til folket. Dette synet er ikkje representativt for heile målrørsla. Når ein ser burt frå dei mest navleskodande norskfagsgranskarane som meiner at rettskrivingskunnskapar er avgjerande for målrørsla,trur eg at dei fleste målbrukarane er rimelegt interesserte i å utvikla og spreida gleda yver nynorsken.

Eg trur det krevst eit anna samfundssyn for at ein skal kunna nå ut med den store og banebrytande sak som målsaki er for vårt nasjonale liv. Me må byggja målsynet og målarbeidet vårt på grunnleggjande tillit til einskildmennesket. Einskildmennesket må nørast til å få ein skyldnad, ei pliktkjensla, til å søkja etter dei kulturuttrykk som stend nynorsken og målrørsla nær. Dei må trenast til å verta nynorske konsumentar. Fyrst når folk vert vane med å setja seg inn i og arbeida med dei tunge litterære og kunstnariske arbeidi, vil dei etterspyrja nynorsken på nye felt i samfundet. Ingen kann starta på berr bakke.

Dei fremste maktsymboli til bokmålet vert ikkje utfordra av den målpolitiske verksemdi vår. Bokmålet hev ein utdana elite som ikkje kjenner gleda ved å lesa og arbeida med nynorsken,men som snarare ser det som eit privilegium å vera skeptiske til dei kvalitetane som nynorsken kann tilføra oss som kultursamfund. Dei vil helst freista å minka ned konsumentyverskotet til gagnlege gode mest mogleg. Dei ytringane som desse personane kjem med um nynorsken vert banka inn i ryggmergen til nynorskbrukande skuleelevar i so stor grad at det er mest påfallande,og me greider ikkje å motverka det i serleg grad.

Både dei vaksne og skulelevane kjøper den agitasjonen som kjem frå dei upplyste bokmålsbrukarane i rik mun. Gjenomsnittsskuleeleven som nyttar nynorsken,meiner at sidemålet er burtkasta,at me treng eit språk og at det er det same um det er bokmål eller nynorsk for dei, og dei hev eit mekanisk syn på kva det vil segja å tileigna seg nynorsken (gleda ved å lesa nynorsk er underordna).

Me gjer lite til å få fremja djuptgripande endringar på desse haldningane. Det me gjer i dag er å få elevane til å tenkja yver kvifor det er slik,og kanskje få nokre av dei til å endra uppfatning. Trass i poenget med bokmålsveldet vil dei mest leseglade sjå bokmålet som den einaste vegen til språkgleda og språkleg utfalding. Dei språklege ideali vil dei finna i den massekulturen som er enklast å tolka i filmar og i radio og fjernsynsprogram. Tilnærmingi til nynorsken vert kunstig næringstilførsla gjenom skulen.

Det fell knapt den gjenomsnittlege nynorskeleven inn å etterspyrja nynorske bøker eller kulturtilbod anna enn det som fylgjer som ei sjølvfylgja av skulen eller lokalmiljøet. Dimed hev me ikkje utvikla eit ålment upplyst publikum som me kann venda oss til med målpolitisk agitasjon. Me hev snarare eit publikum som bøygjer av når dei møter sterk nok motstand frå bokmålseliten.

Kva er det so for alternativ eg ser fyre meg ? Kva me å setja i gong tevlingar um kven som les mest nynorske bøker,slike tevlingar hev fenge åtgaum i andre høve ? Det må gjerast noko for å få ungdom til å kjøpa nynorsk musikk,teikneseriar o.l. Det må ikkje vera noko produkt som ligg fyre på nynorsk som ikkje vert utseld og spreidd. Men fyrst av alt må leidande kulturpersonlegdomar innanfor nynorsksverdi fremja leselyst. Og dei må syna fram at bokmålet vert subsidiert i langt sterkare grad enn nynorsken. Dei nynorske kulturpersonlegdomane er for lite flinke eller kjem for dårleg fram med kor lite pengar som eigenleg vert gjeve til nynorsken som konsumentyverskot samanlikna med alt det som gjeng med til bokmålet. Når bokmålet fær midlar som eit konsumentyverskot er det avdi ein skal fremja norsk språkkultur. Når nynorsk fær det vert det hevda at det til å stydja upp um nynorskens posisjon i vårt kulturliv. Motivasjonen for å stydja upp um nynorsken vert sett på som eit vedheng til norsk språkkultur. Det veikjer evna vår til å nå ut til og kveikja nynorskbrukarar og å vinna nye nynorskbrukarar. Det er ikkje like viktig og like interessant å studera nynorsken. Det vert stødt framstelt som problematisk med nynorsken. Det vart til dømes sagt um Vesaas at han skreiv eit gamaldags nynorsk. Kven vilde ha sagt noko sånt um Bjørneboe ? Dette er språkmobbing.

Me kann ikkje godtaka at nynorsken er eit vedheng. Me må fremja endring det er eit livsvilkår i eit moderne samfund.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag