YMIST

Språk hev ein atterklang

Eg vil hevda at kunsten og kunstnarane er millom dei som kann tilføra nynorsken noko frametter. Tilliks med kunsten må nynorsken rettferdiggjera seg mot skuldingar um å vera unyttig og mot likesæla til folk. Fyrst litt um tilhøvet millom det eg vil kalla kunst og språk/litteratur. Dinest nokre vidare refleksjonar um korleis kunsten og språket kann ha ting sams. Og so kjem eg til kvar kunsten kann segjast å opna for ei ny tilnærming til nynorsken. Språk og kultur heng saman. Det same kann ein segja um språk og kunst. Med kunst tenkjer me vel helst på måling,musikk og skulpturering. Dette er ikkje-språklege ytringar, ytringar som let seg yverføra frå eit land til eit anna,utan at ein treng å endra på sjølve kunstverket. Språket skil seg ut frå dette. Eg meiner at nasjonalspråket skal vera ein tilnærmingsmåte til det ålmennmenneskelege og at det er gjenom det at me kann læra meir um det eksistensielle,um det å vera menneske. Men skal det lukkast gjenom språket må ein formidla det vidare yver språkgrensone. Elles vert det berre daudt. Likskapen millom kunst slik som eg definerte det ovanfor og litteraturen er at det er einkvan som skapar noko utfrå ein kreativitet,ein fantasi. Det er den skaparevna som ligg bak som gjev grunnlag for at me kann læra noko um oss sjølve eller um verdi umkring oss,noko som me ikkje visste fyrr. Difor kann språket yverføra innsyner frå ein kultur til ein annan,slik at nordmenn og kineserar kann sitja med dei same ideane um visse delar av verdskulturen. Men på same måte kann språket avgrensa, for språket kann gjeva oss ei falsk tru på at det me fær yverført er rett. Den vansken kjem ikkje fram gjenom kunsten på same måte. Me kann sjå på ein skulptur,me kann høyra på eit musikkstykkje,me kann studera eit målarstykkje,men kann ikkje verta lurt på same måte som gjenom språket. Berre småe umsetjingsvariasjonar kann gjeva oss eit feil inntrykk av kva som er meint i grunnteksti av eit litterært verk. Her er det vel nok å nemna umsetjingar av bibelen. Koranen skal berre liggja fyre på arabisk,sånn at det ikkje skjer mistolkingar. Språket er ein del av folkekulturen. Det er i umlaup. Det sirkulerar frå den eine til den andre i språksamfundet. Det er ingen skott millom litteraturspråket og ålmennspråket. Derimot millom musikk,skulpturar,målarstykkje eller fotografi er det ei klår utskiljing. Me må setja ord på desse ytringane fyrr me kann spreida dei ut på folkemunne,utan ord vert dei berre stiliserte.

Likskapar millom språk og kunst Det dei materielle eller ljodlege utformingane kann yverføra millom språkgrensone må det arbeidast med i litteraturen og i språket. Likevel må det segjast å vera likskapsdrag. Kunsten utviklar eigne stilretningar. Det same gjer litteraturen. Det utviklar seg tolkingsretningar av ymse slag. Både kunsten og litteraturen skal gjeva oss høve til å reflektera yver vårt eige daglegliv på ein ny og gjerne uventa måte. Målet er å gjeva oss større humankapital. Med humankapital meiner eg dei kunnskapane,den fantasien og i det heile dei menneskelege resursane som eit menneske kann sitja inne med. Denne humankapitalen kann ikkje nyttast beinveges. Han er immateriell. Han må umsetjast innanfor andre livsumkverve. Innanfor organisasjonslivet og innanfor sjølvstendig søkjing hev ein opningar til å arbeida seg fram ein humankapital. Denne humankapitalen kann seinare umsetjast, vidareutviklast eller supplerast td i utdanings- eller arbeidssamanheng.

Kunst i samfundet

Brytingi millom ålmennlivet og kunst og kultur er med på å forma eit samlande utrykk for samtidi. Det som vert måla og dei skulpturane som vert laga. Den musikken som vert skapt eller produsert. Litteraturen som vert skriven osb. Alt dette vert til ein konfrontasjon. Å stella ut kunst og gjeva ut bøker vert gjort utfrå uppfatningar um kva som er med på å gjeva oss eit rikare liv nett i vår tid. Det er ideelt. Det gjev oss som søkjande einskildmenneske ein fyrerang. Me er dei styrande aktørane. Men det er vel naivt å tru at me berre kann søkja oss frametter nett som det fell oss inn,utan umsyn til det samfundet me lever i. Endå meir naivt er det vel å tru at dei innsyner me vinn oss ikkje skal verta utnytta av andre til å styra dagleglivet vårt. Ideelt sett skulde draumane våre slå ut i at me søkte etter kunnskapar og innsyner. Men slik er det ikkje. Mange aktørar vil utnytta draumane våre til eigi vinning. Dei vil at draumane våre skal tena eit konkret fyremål og gjeva einskildpersonar eller gruppor av personar,nasjonar eller internasjonale samanslutningar materielle vinstar. Det er vår kreativitet som skal vera styrande. Me skal skapa den humankapitalen som trengst for oss sjølve,slik at me kann få fram vårt eige nærings- og arbeidsliv innanfor språkgrensone våre,vil eg hevda. Dersom me let den materielle vinningi koma fyre fantasien vår fær me eit fatigt liv. Denne uppfatningi kann ikkje alltid segjast å få råderetten. Det er ikkje slik at alle fær utnytta dei høvi dei hev til å auka fram humankapitalen sin. Eller dei hev ikkje høve til å formidla den humankapitalen dei legg til seg. Eller endå verre den kulturelle aktiviteten deira vert tilsidesett eller kjem ikkje til uttrykk gjenom kulturspreidingsmedium. Når kulturen vert samla upp og formidla fell det soleis burt sume element undervegs. Og det som når inn i dagleglivet i nærings- og arbeidslivet vert gjerne endå snevrare. For dei fleste menneske vert kunst noko fjernt,med mindre dei hev ei interessa som gjev meining til kunsten eller litteraturen. Det som når inn i reklamen,teikneseriane,tabloidpressa o.l. og knapt nok det vert ansa på. Det gjer samfundet vårt fatigare. Me snakkar um upplevingar og formidling av uppfatningar,og det er eit uhyre abstrakt og komplisert umgrep. I eit moderne samfund reflekterar ein yver seg sjølv og dei tingi ein hev umkring seg i dagleglivet. Men når ein vert framandgjort andsynes kunst og kultur, kann til sjuande og sist føra med seg at ein gjev upphav til at kulturelle ytringar lyt bryta med vantenkjing og fastlagde mynster. Dei som skal nå igjenom hjå dei framangjorde må verta djerve og gå inn i samfundsordskiftet med provokasjonar som veikjer eigenverdet til kunsten.

I moderne kunst vert uppfatningane våre av kva som kann stellast ut og kallast kunst utfordra på ein drastisk og ålvorleg måte. Det verkar meiningslaust å hella ut 50 tannkremtubar på golvet i samtidsmuseet. Eller å setja eit vaskefat uppå ein krakk og kalla det kunst. Men um me berre hadde fenge utstelt 1800-talsmålarstykkje av nasjonalromantisk karakter vilde kunsten då gjeva nokor meining ? Dette er eit spursmål som kven som helst kann taka stoda til,og dei fleste gjer det vel. Kunstdiskusjonar er ofte heftige med sterke meiningar på båe sidor.

Nynorsk/språk og samfund Men kva med språk og litteratur ? Kva med nynorsk ? Korleis kann folk taka stoda til det nynorske språket ? Og korleis kann me vinna fram med nynorsken i brytingi millom å utvikla humankapital og å pressa språket fram i arbeids- og næringslivet ? Språket hev eigenskapar som skil det frå kunsten. Upplevingsdimensjonen er likevel lik. Det er vanskeleg å segja kva som gjev ein eit godt inntrykk av ei bok på nynorsk. Kvifor tykkjer eg at det er godt å skifta millom nynorsk og bokmål i ei avis når det er stoff som interesserar meg på båe språk ? Kva er det for ei kjensla som gjev seg til kjenne når ein hev lese tre bøker på nynorsk og so skal lesa ei bok på bokmål ? Det er ei uppfatning av språket som hev falle seg inn i sanseapparatet ein stad,men korleis kann ein formidla det ? I moderne kunst på 1950- og 1960-talet vart det aktuelt å trekkja inn impulsar frå den amerikanske massekulturen som spreidde seg på den tidi. Eit døme på dette var at ein byrja å stella ut teikneserierutor. Ein blåste upp teiknserierutor i målarstykkjeformat og stelte dei ut. Då fekk ein eit nytt inntrykk av det daglegdagse. I dag er det vanleg å setja upp bilete i målarstykkjeformat og hengja dei upp som kunst. Avisbilete eller familiefoto fær eit heilt anna preg når dei heng utstelte på eit galleri enn når dei er i sitt vanlege format. Dei vert tilførde eit fokus som ein elles ikkje vilde ha. Gjenom massekulturen gjeng det fyre seg ei uppbyggjing av effektar av ymse slag. Ein film kann ikkje produserast utan at det skal lagast eit utal av t-skjortor,kosedyr osb som skal seljast. Bruksaspektet vert og det komersielle aspektet skapar ein kulturindustri. Slike ovringar er greide nok å konstatera og dei er komne for å verta,men korleis skal nynorsken,språket og prosjektet bak kunna førast vidare innanfor ei slik stoda. Her trur eg skilnaden millom språk/litteratur og kunst på den andre sida er viktig. Medan kunst er materiell eller ljodleg/biletleg, er språket knytt til å formidla kontakt og uttrykkja kjenslor m.m. innanfor eit avgrensa språksamfund. Den humankapitalen ein skaffar seg innanfor språkumrådet er faktisk med på å gjeva folk flest høve til å endra og styra livsvilkåri innanfor sitt språksamfund. Det er ikkje berre å verta tilførd impulsar av ymse slag,men det er å verta tilførd språk til å uttrykkja sjølvstendige og daglegdagse og politiske standpunkt i. Soleis hev språket ein dubbelfunksjon både å gjeva menneske rike upplevingar og å gjeva folk høve til å ytra seg i strid med det som vedtekne og upplesne sanningar.

Medan bilete,musikk, skulpturar og foto for det meste kann yverførast mest ubrigda frå ein kultur til ein annan, vert det noko heilt anna med språk. Likevel kann me læra frå den ikkje-språklege kunsten og kulturen at det er avgjerande å nå ut,og å bryta gjenom i samfundsordskiftet. Utan eit slikt gjenombrot kjem me ikkje vidare. Me stoggar upp. Det er vanskelegare å nå fram med språk enn med annan kunst. Annan kunst gjev ikkje atterklang på same måten som språket gjer. Språket grip inn i folks kvardag. Dei reagerar når dei høyrer språk/dialektar framført på uventa måtar. Dette må me utnytta til å koma i dialog. Her hev me ein fyremun samanlikna med kunsten som berre kann fattast gjenom eit avgrensa rom eller gjenom avgrensa medium. Med resonansbotnen sin grip språket langt djupare inn i det personlege livet til den einskilde.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag