YMIST

Nynorsk på nye felt

I Noreg er det tri sektorar som serleg er i vekst i nærings- og arbeidslivet. Det er oljesektoren,undervisningssektoren og det er helsesektoren. Itillegg kjem informasjonsteknologisektoren. Eg vil hevda at den språklege utviklingi i Noreg i dei neste 10- åri vil verta sterkt styrd av Den humankapitalen som aktørarar innanfor desse sektorane tileignar seg. Med humankapital meiner eg dei kunnskapane,den fantasien og i det heile dei menneskelege resursane som ei menneske kann sitja inne med. Det er viktigare kva typar haldningar personar innanfor dei ovannnemnde sektorane hev til språk enn kva det vert hevda at t.d. oljesektoren vil gjera med språket vårt. Det er aktive språkbrukarar som avgjer kva som vil skje med språket. Boreplattformane i Nordsjøen hev namn etter norrøne sagalitteratur og etter norsk litteratur. Det syner oss at litteraturformidlingi i skulen hev havt ein funksjon. Det hev vorte viktig å signalisera eigarskap andsynes den britiske sektoren,og då lyt ein ty til kunsten/litteraturen. På same måte som målarstykkje brureferd i Hardanger kann nyttast i alt frå politisk agitasjon til reklame når ein vil gjeva synspunkti sine vekt.

Ein må spyrja seg er målrørsla i stand til å taka upp i seg alle dei impulsane som fylgjer med eit moderne samfund. Er me interessante nok. Er dei språklege ytringane som vert skapte av kunstnarar,skribentar og andre som nyttar nynorsk gode/sakssvarande nok til å bryta fram i arbeids- og næringslivet, og fær dei sleppa fram, eller vert dei tilsidesette under formidlingsprosessen.

Ei av dei viktigaste uppgåvone me i målrørsla hev er å opna målrørsla for impulsar og refleksjonar frå alle slags fagumråde,frå kunst og frå livsumkverve av ymse slag. Korleis kann me gjera det. I ein skriftkultur som vår er menneske bundne til å reflektera. Dei møter språklege utgreidingar i alle former. Tenkjingi deira vert knytt upp til ein estetisk sfære der det er skriftmålet som styrer tenkjingi. Men når ein skal formidla tankane sine i ein sosial kontekst vert dei fleste nordmenn bundne til ein dialekt med eit umriss av nynorsk. Nynorsken når ikkje inn i den estetiske sfæren,men litt av nynorsken vert liggjande att.

Det er eit talande vitnemål at det etter segjande er slik at det er gymnaselevar som oftast byter frå nynorsk til bokmål. Yrkjesskuleelevar byter ikkje. Dei hev ikkje ein like sterk trong for å utvikla eit språkleg uttrykk til å formidla innsyner frå den estetiske sfæren.

Poenget for oss er å møta folk der dei er. Me må freista å analysera oss fram til ikkje berre dei ulike språkhaldningane som ligg fyre. Det er klårt nok at nynorsken vert knytt til visse livumkverve,visse personar, visse verdiar osb. Me kann gjera desse haldningane mindre utprega gjenom å diskutera med folk. Me kann jamvel stogga målbyte millom ungdom til ein viss grad. Men me kann ikkje skapa langvarande og umfemnande framgang for nynorsken. Det finst ikkje eit standardtenkjeupplegg som vil føra fram,utan at ein når den einskilde språkbrukaren innanfor hans eller hennar språklege habitus.

Det vert lagd stor vekt på identitet frå sume hald. Identitet til ein stad og til det nynorske språket. Ein kann arbeida for at ungdom med nynorskbakgrunn skal halda uppe den språklege identiteten sin,og ein kann peika på at identitetar kann veljast. Me kann velja kven me vil vera lik og kven me vil verta asssosiert med. Innanfor målrørsla er det eit klårt faktum at bygdene spelar ei fundamental rolla i å halda upp tilslutnaden um nynorsken. Dersom me vil at målfolk og ungdom skal vera knytt til bygdene er det vel og bra. Men nynorsken er då noko meir enn den personlege eigedomen til brukarane av språket og ein kamp um å tryggja domenet til nynorsken kring kjerneumrådi der nynorsken er i bruk.

Skal nynorsken tryggja stoda si,må han knytast til noko langt meir abstrakt. Noko som kann gripast utyver det at språket vårt skal assosierast med brukarane og med at ein kann skifta identitet utfrå ei eller onnor serinteressa for språk eller for personleg identitetsdaning.

Eg trur den tome retorikken millom målfolk som knyt målrørsla til eit distriktspolitisk fenomen er uttrykk for eit djupare problem. Desse problemi tykkjer eg me treng å diskutera. Eg skal her koma med nokre påstandar til nærare åtgåing for dei som vil.

1 Dei målfolki som er mest aktive til å argumentera for nynorsken er gjerne knytte til pressumråde der nynorsken stend i fåre for å verta pressa ut eller dei er bokmålsbrukarar som hev skifta til nynorsken og som må argumentera for språket sitt. Dei treng å forklåra kvifor dei hev valt ein språkleg identitet. I iveren etter å argumentera for språket sitt,gløymer dei å spyrja seg kva haldningar folk flest hev til språk.

2 Kanskje er det slik at folk flest hatar språk. Språk er noko ein er pålagd å læra i skulen. Dei fleste er lite interessert i språket i seg sjølv. Dei er lang meir interesserte i å tileigna seg kunnskapar. Kunnskapar i seg sjølv er ein god ting. Men dei kunnskapane folk søkjer etter er dei kunnskapane som skal til for at dei skal greida seg til eksamen. Ikkje utan vidare dei kunnskapane som vil auka humankapitalen deira mest mogleg. Dei kunstnariske kvalitetane og nytingi ved språket fell burt. Nynorsken hev ikkje noko tak på andre fag enn norskfaget. Norskfaget vert soleis lett brennemerkt. Innanfor dei fagi som dei likar er ikkje nynorsken noko emne i det heile teke. Nynorskelevar kann jamvel risikera å ikkje få lærebøker i yndlingsfagi sine.

3 Då stend ein att med identitetsforankringi til kvar einskild språkbrukar. Det vil segja at målrørsla skal styrkja tilhøyrsla til nynorskbrukarane i kjerneumrådi, i pressumrådi og i byane. Det er heile uppgåva til målrørsla um ein skal fylgja dei modellane som ligg fyre for målarbeidet i dag. I periodar hev nokre entusiastar prøvt å peika på at alle bymåli er so like nynorsken at alle dialektar kunde gå beint inn i nynorsken. Folk måtte berre skyna kor likt talemålet deira var med nynorsken og nynorsken måtte jenka seg mot bydialektane.

I dag er det vel fåe som trur serleg sterkt på denne tilnærmingi lenger.Ein kann ikkje leggja dialektane på vekti å vega seg fram til kor mange prosent bokmål og kor mange prosent nynorsk dei inneheld og få folk til å velja mål etter det. Dette er berre eit uttrykk for kor sterkt den norskfaglege tilnærmingi til nynorsken hev stade i målrørsla. Det er usundt.

4 Skal ein vinna fram med nynorsken må ein få fram at nynorsken stettar trongen til kunstnarisk og verbal utfalding for den einskilde. Ein må byggja upp ein identitet til heile nynorsken. Fåren med eit slikt prosjekt slik det syner seg spirar til det i dag er at det vert for trongrømd/snevert. Dei som er for nynorsk vert knytt upp til ein kategori menneske,og dimed vert me gjorde til lått og løgje eller mistenkjeleggjorde. Nynorskfolk vert ikkje knytte til eit vidt spekter av uttrykk. Dialektbrukarar,akademikarar og folk i kjerneumrådi distanserar seg frå målrørsla.

Dei vil ikkje vera med på eit ideologisk prosjekt som vert styrd av landsmøti i Noregs Mållag eller av andre institusjonar som dei ikkje kjenner seg knytte til. Dei kjenner nynorsken gjenom dagleglivet og ferdig med det. Hadde desse folki våre målkleggar i dagleglivet hadde me gjerne stade sterkare. Men mange av dei gjev ikkje serleg ans på um dei fær servert bokmål eller nynorsken i ymse høve. Dersom ein hadde gjenge verkeleg drastisk til verks kunde målfolk i kjerneumrådi garantert ha greidt å skaffa seg bøker og skrifter innanfor ei rad umråde på nynorsk,men dei bryr seg ikkje. Ein del emne som ikkje er beinveges knytt til slikt som ein ventar heilt eksplisitt skal koma på nynorsk vert yversett.

Nynorskpressa legg anten vekt einsideleg på lokalt stoff eller ho vinklar stoffet mot identitetsforankringi. Kuriøse folk på landsbygdi fær breid umtale og skjønnlitteraturen vert dyrka. Faglitteratur på nynorsk skal ein vel helst ikkje tenkja for mykje på. Det er sjeldsynt at faglitterære skrifter og bøker vert serleg påansa. For ei tid sidan kom det ei utgreiding frå regjeringi på 250 sidor på nynorsk. Ho hev ikkje vorte umtala nokon stad som nynorskdokument. Eit viktig skrift var det jamvel. Utgreidingi vart kalla for utjamningsmeldingi som tok fyre seg dei sosiale tilhøvi i Noreg i dag.

Den navleskodingi som mykje av pressa legg upp til at folk fær eit rangt bilete av nynorsken. Byungdom som tek lang utdaning kann lett få interessa for nynorsken,dersom nynorsken vert nytta til å skriva um ting som upptek dei. Istadenfor vert nynorsken avgrensa til eit medium for visse gruppor av skribentar som ikkje når ut til denne ungdomen. Det største problemet for nynorskungdom som kjem til ein by for å få høgare utdaning let til å vera at undervisningsspråket i dei fleste høve vert bokmål.

Problemet vårt er at for fåe nordmenn les nynorsk. Di fleire som les nynorsk,di større sjanse er det for at dei snakkar um det dei les på nynorsk. Då kjem dei i den situasjonen at det nynorske skriftmålet og talemålet deira møtest. Dei kann jamvel verta meir medvitne um sitt eige språk og um språket til folk elles i landet. Det er dette som vil bryta med den rådande stoda at bokmålet stend sterkast for folk.

Skal me nå dette målet må me innsjå at identitetsproblematikken ikkje er nok og at språkvegingi (dialektane er nynorsk i by og bygd, folk hev berre ikkje skyna det) ikkje held mål. Me må innsjå at folk flest kanskje hatar språk og at det kann vera heilt feilslege å halda fram med å køyra fram identitetstilbod som ikkje når fram til delar av ungdomen i det heile.

Me må styrkja den ålmenne tilknytingi og identifikasjonen til nynorsken. Folk flest vil ikkje ha meir språk,meir kunnskap um norsk mål fyrst av alt. Dei er opnare for å få nynorsk fagspråk,nynorsk litteratur på nye og uventa umråde. Det vil verka langt meir byggjande for målrørsla.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag