YMIST

Sviktande fagleg grunnlag

Ofta vert me som vil ha høgnorsk skulda for å vera lite faglege av lingvistar som høyrer til på samnorsksida,men kva meiner dei med fagleg ? Den som hev interessa for dette spursmålet,bør lesa ein stutt artikkel av Tore Unhammer i Språkleg Samling nr. 4 1976. Denne artikkelen er svært interessant for alle som vil skyna kvifor mange samnorskvener meiner at dei hev eit vitskapleg grunnlag for å argumentera for samnorsk. Som regel vert det berre tåkeprat og påstandar når slikt vert hevda,so lat oss sjå på bakgrunnen for vitskapleggjeringi av samnorsken.

Eit sentralt dogme for mange lingvistar i dag er dogmet um at alle språk er potensielt like gode. Det vil segja at alle dialektar og språkvariantar kann nyttast til kva som helst. Dogmet um at alle språk er potensielt like gode stod fram frå umlag 1970,og nådde fram til Noreg noko seinare. Dette dogmet avløyste haldningane til at det fanst språklege ideal og mynster som skulde vera retningsgjevande i språket. Det vart hevda med tyngd at språkhaldningar ikkje stod fram av seg sjølv,men var eit produkt av rådande samfundstilhøve. Difor vart det sentralt å kjempa for undertrykte språkvariantar. Alle talemålsvariantar skulde nyttast side um side,og sameleis skulde folk kunna skriva so nært upp til talemålet sitt som råd. Avvik frå talemålet til ulike dialektbrukarar vart uppfatta som uheldig. Ein skulde ikkje ha for stor avstand millom tale og skrift. Då kunde ikkje folk identifisera seg med skriftmålet.

Riksmålsforbundet hevda at sume språkvariantar var betre enn andre og at dei vilde vinna fram i ei fri tevling gjenom skriftspråksdaningi i samfundet. Dette språksynet vart avvist som ei romantisk uppfatning av språket som ein organisme med sine eigne utviklingslover. Det vart dessutan hevda at dette synet såg burt frå at sosiale mekanismar som prestisje og sosial status var avgjerande for språktilhøvi.

Det fyrste synet er for enkelt. Ein må kunna gå inn for ein språkleg standard,utan at ein vert avvist med at ein ser på språket som ein organisme med sjølvstendige utviklingslover. Det er menneske som styrer språket, men den uppsamla skriftspråksbruken gjev oss kunnskapar og innsyner som er tenlege. Det er viktig å studera skriftspråket og læra av skriftspråksproduksjonen. I Noreg hev dette vore gjort mykje for lite. Det kann elles sjå ut til at den sterke vektleggjingi av talemålet ikkje hev ført til at folk skriv nynorsk nærmare talemålet,men heller til at folk skriv nærmare ein einskapleg bokmålsnær skriftspråkleg standard og nærmare upp til bokmålet,( Vikør 1995,Språkrådsskrift). Men dette veit me alt for lite um til at me kann uttala oss bombastisk. I tillfelle dette er rett vil det i alle høve vera svært paradoksalt,for då hev det sterke fokuset på talemål og dialektar verka heilt umvendt av slik det var tenkt.

Det andre synet er upplagd. Frå høgnorskhald er me fullt klår yver at dei maktpolitiske tilhøvi påverkar språkbruken til folk. Men utan at me sjølve legg upp til ei motmakt gjenom ein einskapleg nynorsk, spelar det liti rolla korleis dei maktpolitiske tilhøvi i samfundet er. Makti vår ligg i å provosera folk til å tenkja heilt onnorleis um mål og målsak. På 1970-talet hadde ikkje «alle språk er like» tankegangen slege so breidt ned at det hadde ført med seg ei avvising av upphøgde standardar. Dette er ei utvikling som truleg hev spreidt seg frå høgare lærestader og vidare ut til folket.

Denne utviklingi som hev gjenge ut mot hevdvunnen språkbruk innanfor nynorsken, inneber i praksis at ein legg seg under for den rådande målpolitiske makti som er bokmålsveldet. Dersom ein segjer at alle språk er like opnar ein i praksis for at det språket og dei språkvariantane som trass i alt er dominerande, fær fyremunsretten.

I og med at dogmet um at alle språk er like hev vorte ståande so sterkt i lingvistmiljø hev det sperra for alternative syn. Dogmet er ikkje ope for kritikk fyrr ein fær politisert det, for det er knytt til ålmennpolitikk. Det er knytt til eit politisk grunnsyn som gjekk mot den rådande sosiale og økonomiske eliten i landet. Men prosjektet hev ikkje vore vellukka. Med å insistera på eit språkleg mangfelde hev samnorskvenene rive grunnen under sitt eige mål. Det vert ikkje eit mål av «alle språk er like» tankegangen. Men alternativet er forkasteleg for Språkleg Samling. Dersom ein segjer at ein vil ha samnorsk utfrå at ein skal blanda skriftmåli vert ein teknokratisk, og då er ein i strid med forskingsparadigmet innanfor sosiolingvistikken. Det kann ein ikkje gå inn på, jamvel um den teknokratiske tenkjingi stend sterkt innanfor skriftmålsnormeringi.

Når skriftmålet utviklar seg i ei skriftspråkleg leid er det truleg forlagsverdi og andre skriftspråksinstitusjonar som er førande i dette arbeidet. Det er nok andre tankar enn dei faglege og vitskaplege (les «alle språk er like» tankegangen) som er leidande i å gjera nynorsken bokmålsnær. Det er mindremannskjensla og uviljen mot å stikka seg ut språkleg og det er vanlege teknokratiske samnorsktankar, for den del, som driv fram bokmåliseringi.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag