YMIST

Knus norskfagsmonopolet

I 1998 prøvde den nynorske fagnemndi å få gjenomslag for ei liberalisering av anbeheitelseord. Saki vert neppe avslutta med det fyrste. At denne saki fort vert ei viktig sak i det målpolitiske ordskiftet er det grunn til å reflektera yver. Det demonstrerar tydeleg at norskfaget og sume av dei som arbeider med faget reint serskilt, hev ein dominerande posisjon, når det gjeld skapa uppfatningar um språk og målsak. Norskfaget er ein viktig premissleverandør for å danna målpolitiske haldningar.

Dette er det lang tradisjon for. Men dette er det grunn til å sjå kritisk på,serleg for nynorskfolk. Folk som arbeider med norskfaget hev til ein viss grad vorte gjord til ein slags orakel for kva som skal vera rett og gagnleg målpolitikk. Dei nære koplingane millom fag og politikk kann sume tider føra heilt gale av stad. Anbeheitelse-saki er eit symptom på at andre faglege tilnærmingar hev lite å segja for målpolitikken.

Når ein driv målpolitisk arbeid vert ein ofte konfrontert med norskfaglege spursmål av ymse slag. Eg vil her sjå på den rolla som norskfaget hev i norsk målpolitikk. Målet mitt er å visa korleis norskfaget er ein premissleverandør for skulen/målrørsla. Eg tykkjer det gjev meining å spyrja seg kvifor andre fag ikkje interesserar seg for målrørsla i same grad som dei leidande norskfagsfolki (dei som jobbar med norskfaget på nordisk institutt,serleg språkdelen) gjer.

Eit naturleg svar er at norskfagsfolki hev ein fagkompetanse som er viktig for målrørsla,utan at ein hev folk som jobbar med språkstrukturane i nynorsken og systematiserar dei og legg til rette for at studentar og forskarar kann nytta nynorsk i fagleg samanheng, vert det tungvint for andre å få gjort dette arbeidet. Ordboksarbeidet på universitetet i Oslo er eit døme på dette. Gjenom dette arbeidet hev folk flest fenge tilgang til nynorskordboki. Norskfagsfolki legg og premissane for kva haldningar nordmenn flest skal få til målstoda. Dei forskar på målsoga,på talemål,på norrønt og på nynorsk litteratur. Sånn sett verkar det naturleg at desse granskarane skal kunna uttala seg fagleg um dette. Men det nynorske prosjektet med å få folk til å verta yvertydde um at dei skal/bør velja nynorsk, kann ikkje gjerast til eit faglegt spursmål. Det finst ikkje nokon fagleg argumentasjon for å vinna målfolk. Derimot kann fagkunnskap vera med å få folk til å velja nynorsk.

Det er ikkje fagkunnskapen og forskingi i norskfaget som ligg bak at mange folk trass i alt møter nynorsk i ein god del høve. Det er verd å hevda at forsking fyrst vert interessant, når det ligg fyre noko å forska på. Det som gjer at folk møter nynorsken i bøker og blad, er politiske stridar. Hadde ikkje ein del menneske havt mot og viljestyrkje til å hevda seg på nynorsk,og hadde ikkje målorganisasjonane t.d. stridt for at nynorsken skulde verta prioritert med statsmidlar,so hadde det ikkje vore mykje nynorsk rundt umkring. Hadde ikkje privatpersonar og institusjonar satsa store pengesumar på språket, vilde ikkje nynorsken ha vore so utbreidd. Det må vera noko som driv desse einskildmenneski. Sameleis som det er noko som driv organiserte målfolk.. På same måte som det er noko som driv norskmålsgranskarane. Drivkreftene til folk flest er likso viktige som dei drivkreftene som fær folk til å velja å ofra seg for gransking av norskfaget. Men det er norskfagsfolki som stend for mykje av den autoriserte ideologiproduksjonen. Det legg viktige premissar for dei som vil arbeida med å reisa målet vårt. Det er avgjerande for mange av dei fyrestellingane folk fær av språket.

Lat meg koma med nokre konkrete døme :

1 Biletet av Ivar Aasen. Det vert gjeve for lite og feil fokus på Aasens ålmenndanande og folkeupplysande prosjekt. Aasen vilde at landsmålet skulde gjera det enklare for folk å få løyst ut åndsevnor.. Han vilde at dei som hadde hug og evnor til å studera og arbeida med språket sitt, skulde finna byggjetilfang i norske målføre. Han vilde at språket skulde få folk til å hevda seg,der det sedvanlege danske bokspråket ikkje dugde.

Aasen er vorten teken til inntekt for dei som vil at målrørsla ikkje skal uppmoda folk til å arbeida med språket sitt. Aasens pursime og illvilje t.d. mot anbeheitelseord hev vorte forklåra historisk. Det var so stor avstand millom folks talemål og dansken den gongen,men det er det ikkje i dag. Idag er det ikkje tenleg å driva det same prosjektet som Aasen dreiv vidare. Men Aasen meinte at folk skulde vera puristar.. Han vilde at språket skulde ha prestisje og at det skulde vera sjølvhjelpt. Språket skulde nyttast av dei som vilde arbeida med det.

Aasen vert framstelt som ein som bygde på Vestlandsdialektane,men det gjorde han ikkje. Det er fullt av tilfang i nynorsken som samsvarar med målføri elles i landet og ikkje med målføre på Vestlandet. Men når dette vert påstade eller ymta um i faglege samanhengar,gjev det svært uheldige signal.

Det vert òg hevda at dei dialektane som samsvarar mest med Aasens landsmål og elles med nynorsken er arkaiske,men arkaisk tyder utdøydd,og det er dei ikkje. Ofte er det fullt lovleg skriftmål eller iallfall vanleg nytta skriftmål som vert kalla arkaisk. Kven vilde kalla normert/ dana bymål for arkaisk ? Her snakkar forresten dei same forskarane i sume høve um tantespråk for å indikera at det er kvinnor som nyttar dette målet. Men då må skriftmålet og vera eit tantespråk, og det er det ikkje. Det som me i målrørsla uppfattar som bokmålisering og nedtyning av fleire hundreår gamle dialektar og i verste fall yvergang til bymål,vert kalla regionalisering av sume forskarar.

2 Den faglege framstellingi av målrørsla byggjer på den offisielle politikken som segjer at det skal vera språkfred. Ein språkfred som det er fåe eller ingen i målrørsla som er serleg interesserte i ,dersom det inneber at nynorsken ikkje skal diskuterast og hjelpast fram.. Målstridsaspektet vert feid under teppet. Framstellingi av ideologiske brytingar vert nedtona. Kva er det for brytingar som gjer at nynorsken eksisterar ? Motsetnaden millom ein dansk dialekt som hev vorte gjort likare det norske målet og det norske målet kjem i det heile ikkje fram. Folk kann velja språk,og nynorskbrukarar må grunngjeva vali sine heile tidi. Bokmålsfolk derimot slepp undan. Kvifor skal me ha bokmål ? Dette er eit spursmål som aldri vert reist i nokor norskundervisning det eg veit.

3 Språkforskarane legg stor vekt på kunnskap um målføre. Det er vel ingen stad at det hev vorte gjort so mykje forsking på dialektar som i Noreg. Det finst eit heilt målførearkiv i Oslo med nedteikningar av dialektord frå heile landet. Ei rad sosiolingvistiske studiar vert utførde av norskmålsstudentar. Det finst vel ikkje den dialekten som ikkje hev fenge ei uppgåva eller ei avhandling der ein ser på språkleg variasjon eller bokmålspåverknad, som det i røyndi er i dei fleste tilfelli. Denne forskingsfokuseringi fær fylgjor for norskundervisningi i skulen. Skuleelevar skal læra den eine dialektprøven etter den andre med dialektmerke av ymse slag. Dette vert det nytta mykje undervisning på i skulen,men når skuleelevar skal læra nynorsk.Då vert det tidspille for resten av norskfaget. Det er ein tankekross at talemålet i store delar av nynorskumrådi er godt kartlagd,medan dei ulike skriftmålsvariantane som vert nytta kringum i landet knapt er kartlagd i det heile. Korleis er rettskrivingsbruken i ei avis i Hordaland versus ei avis i Møre og Romsdal ? Dette er det vel ingen som veit. Påstandane um det nynorske florerar skriftmålet florerar,men kunnskapen um det nynorske skriftmålet er mest ikkje- eksisterande. Det må forskast meir på korleis ein kann læra folk å skriva nynorsk,og mindre på dialektane,meiner eg.

Kva vert so fylgjone av at norskmålsforskingi legg so sterke føringar på målarbeidet ? Ikkje nok med at ein fær eit miljø som legg sterke føringar på undervisningi ved universitet og høgskular. Føringane spreider seg gjenom læreplanane. Kva skjer med dei som gjeng på nordisk institutt ? Lat oss segja at umlag 80 prosent av dei som gjeng ut i arbeidslivet frå nordisk intitutt, fær arbeid i skulen. Dei resterande fær gjerne jobb i forlag der ein produserar lærebøker eller andre institusjonar som produserar språk t.d det offentlege byråkratiet som produserar læreplanane eller som skal sjå til at dei vert sett i verk.

Når den litle eliten ved nordisk institutt og ved høgskulane fær leggja so sterke føringar på målpolitikken,og når ein homogen lærarstand bunden av byråkratiske pålegg i læreplanane og styrd av tilvridde læreboksframstellingar skal undervisa fagleg, vert det gjeve mykje makt til ein profesjon . Eg vil gå so langt som til å hevda at det ligg fyre eit norskfagsmonopol.

Dersom andre fagfolk skulde koma til å segja at vårt fag må ha relevans for målpolitikken og for framstellingi av målstoda,so vert dei ikkje høyrde. Kann målrørsla hevda seg innanfor fagumråde som marknadsføring og økonomi,når det ikkje vert opna for at slike fag kann endra den konforme røyndomsforståingi som ligg fyre innanfor norskfagsmonopolet ? Det er norskfagsmonopolfolki som legg upp til um det skal verta kontakt millom dei og ulike andre fagumråde. Med dei sterke påverknadshøvi desse folki hev til å setja saklista utetter mot bokmålsfolki og innetter i målrørsla, skal det mykje til for målrørsla å reisa innvendingar,men det er innvendingane som gjer målsaki til ei politisk sak.

Problemet er at det er ulike uppfatningar um premissane for dei spursmåli som norskfagsgranskarane arbeider med. I målrørsla er det langt frå slik at alle dei premissane som granskarane legg til grunn er identiske med dei som vanlege målfolk treng leggja til grunn. Folk i målrørsla må tenkja på kva som er til gagn for målarbeidet. Etter mitt syn hev studentar som nyttar nynorsk rett og plikt til å sjå kritisk på premissane for arbeidet innanfor norskfaget.

Difor er det interessant å få norskfagsgranskarane til å møta kritiske innvendingar frå målrørsla utfrå premissane for det faglege arbeidet dei gjer. Men dessutan må norskfagsfolki tola at me målfolk reiser spursmål ved um det er fagleg arbeid dei driv på med i ulike samanhengar. Ein må spyrja seg kvar faggrensone tek slutt og målpolitikken kjem inn. Ikkje minst dersom andre fag kann auka forståingi for nynorsken. Kvifor skal då norskfaget leggja premissane for dei ordskifti me fører i målrørsla ? Og for det inntrykket folk utanfor målrørsla fær av oss ?

Eg meiner at norskfaget skal og må tevla med andre fag um prestisje. Difor er det viktig å få fram kva som er relevant å segja frå ein fagleg synsstad, og kva som vert ei lengjing av målpolitiske synspunkt. Kva er ikkje fagleg ? Det må vera utgangsstaden.

Kvifor vert ikkje norskmålsgranskarar konfronterte med politiske utsegner i same grad som t.d.fagfolk innanfor fag som samanliknande politikk,juristar,statsvitarar og andre ? Det kann kann verka som um norskmålsgranskarane er meir upptekne av å stogga diskusjonar enn andre granskarar som gjerne tek eit politisk ordskifte,og legg mindre fagleg prestisje i dette. Men det må naturlegvis vera ein kritikk av oss målfolk i same slengen. Me hev alt for lett for å godtaka det som vert sagt å vera norskfagleg som premissar for vårt eige arbeid. Lat oss sjå korleis norskfagsmonopolet manifisterar seg innanfor den faglege tenkjingi knytt til lærarhøgskulane.

Norskfaget i ålmennlærarutdaningi

KUF har kome med rapporten: "Evaluering av norskfaget i allmennlærarutdanninga". Rapporten er viktig for nynorskbrukarar. Me vil gjerne at alle fag skal vera med på å fremja kunnskap og kjennskap til nynorsk mål,dersom norskfaget vert det einaste faget som skal taka andsvar for nynorsken, kann det bera gale av stad. I praksis er det slik at norskfaget i nynorskumråde er ein avgjerande premissleverandør for dei haldningane og kunnskapane nynorskelevane fær til sitt eige språk. Nynorskelevane må verta so trygge i målet sitt at dei trass i press frå umverdi greider å stå fast på målet sitt. Å få til dette i det bokmålsveldet me lever i er ikkje nokor uppgåva for eit fag. Og endå meir utfordrande vert det for lærarane. Kva kann ein trekkja ut av rapporten. Eg skal referera nokre døme.

Ein av hovudkonklusjonane i rapporten er :

"Skal ein fortsatt gi ei norskutdanning som kvalifiserer kommande lærarar for så store, varierte og teoretisk ulike undervisningsoppgåver i morsmålet, må det etter styringsgruppa si meining skje ei utviding til 20 vekttal." I dag vert det gjeve undervisning som utgjer 10 vekttal,medan universitetsutdana lærarar fær minimum 20 vekttal. Det skulde vel soleis ikkje vera urimeleg at det vert sett like store krav til ålmennlærarane. Serleg viktig må det vera å gjera lærarstudentane merksame på dei serlege uppgåvone som språksituasjonen vår set til dei. Dei må kunna henta inn nynorsk språktilfang av ulikt slag til å motverka det bokmålspresset som dei fær inn dagstødt. Eit banalt,men illustrerande døme : Trass i at det stend melk på mjølkekartongane i altfor mange nynorskkommunar, skal elevane læra at det heiter mjølk. I slike situasjonar fær lærarane didaktiske problem som må løysast. Ei onnor sak er det um dei 20 vektali i praksis vert fylte upp av slikt som ikkje gjeng på språk i det heile. Det er ein tendens til at norskfaget vert fylt upp av ei rad ulike emne.

Kor som er styringsgruppa bak rapporten tek umsyn til dei didaktiske uppgåvone lærarane hev og skriv : "Norskfaget er som morsmålsfag i ein heilt spesiell situasjon fordi vi har to likestilte skriftspråk. Lærarutdanninga opererer derfor med to likestilte målformer. Målformene er likestilte fordi den ferdig utdanna læraren skal ha kompetanse til å undervise både elevar med bokmål og elevar med nynorsk som hovudmål."

Men lærarstudentane med bokmålsbakgrunn steller med handikap i utgangspunktet. I vidaregåande skule skal dei læra hovudmål og sidemål. Rapporten segjer : " Dei har eksamen i eit hovudmål og eit sidemål. Når dei begynner på lærarhøgskolen,er dei berre på hovudmålsnivå i ei målform. Denne evalueringa viser at det er lite tid og rom på dei enkelte høgskolane for tiltak som hjelper studentane til å meistre begge målformene. Dette gjeld særleg dei studentane som har hatt nynorsk som sidemål.

Styringsgruppa meiner at det er heilt nødvendig å setje i verk konkrete tiltak som styrker studentane sin eigendugleik i både nynorsk og bokmål, og som samstundes utviklar kulturell og didaktisk forståing for den tospråklege situasjonen vår. Norskfaget er aleine om ansvaret for å formidle den spesielle språklege og kulturelle situasjonen i landet og for å vise korleis dette må komme til syne i undervisninga i grunnskolen."

Dersom lærarstudentar med bokmålsbakgrunn hev eit handikap i norskfaget,må dei ha eit endå større handikap dei lærarane som skal undervisa ved nynorskskular,utan å ha lært nynorsk i det heile. Kva med mattematikklærarar som skal undervisa på nynorskskular. Hev ikkje desse lærarane nokon skyldnad til å undervisa på nynorsk og taka umsyn til språkstoda vår ? At rapporten legg so stor vekt på norskfaget er ei rein andsvarsfråskriving. Norsklærarane skal formidla kunnskapar på same måte som andre lærarar. Ein skal vakta seg vel for å gjeva faget nokon serlege skyldnader til å fremja norsk mål. Derimot skal faget fremja kunnskap um nynorsk språk,og det tener alle som skal nytta nynorskt mål.

Didaktisk forståing er ei altfor veik formulering. Lærarstudentane må lærast upp til å kunna meistra konkrete vanskar i skulekvardagen.. Elles vil uppfylgjingi i skulen verta slumpesam og for dårleg.

Kulturell forståing for at me hev nynorsk kann ein få ved å læra seg kvar i landet nynorsk er hovudmål og ved å tileigna seg kunnskapar um dei som arbeider med og for nynorsk. Dette burde vera elementærkunnskapar, men er det tydelegvis ikkje. Kor som er, kann desse elementærkunnskapane byggjast ut. Norskfaget er neppe det einaste faget der ein kann tileigna seg slik kunnskap. Slik kunnskap bør integrerast i alle fag. Lærarane skal kunna undervisa og nytta nynorsk terminologi innanfor alle fag. Det er vel ingen som krev av læraren at han skal skifta hovudmål personleg,men tavlemålet og viktige faglege umgrep må vera på nynorsk.

Ei didaktisk forståing for nynorsken må føra med seg at ein byggjer ut elementærkunnskapane um nynorsken. Døme i m.a. Hordaland og Sogn og Fjordane nyttar dei nynorsk. Dersom eg skal verta lærar i Hordaland, må eg høgst sannsynleg nytta nynorsk. Då må eg t.d. læra elevane songar på nynorsk for at dei skal få nynorsken inn som ein naturleg del av faget. Vidare må ein byggja ut tankeføringi hjå lærarstudentane som t.d. : Samlaget gjev ut bøker på nynorsk. Då kann det vera at dei hev gjeve ut bøker eller tilfang som eg kann nytta i undervisningi mi,um eg vert lærar på ein stad der dei nyttar nynorsk. Slik forståing må byggjast upp gjenom undervisningi på lærarhøgskulane. Og lærarstudentane må kunna byggja seg upp so mykje elementærkunnskap at dei kann meistra minst ein konkret undervisningssituasjon der dei skal nytta nynorsk.

Konklusjonen frå målrørslehald må vera at rapporten til den offentlege styringsgruppa hev peika på ei rad utbydingar innanfor norskupplæringi. Det einaste konkrete tiltaket som kann koma nynorsken til gode er ein auke til 20 vektalseining. Ein slik auke må gjenomførast,og undervisningi må øyremerkast til m.a. meir upplæringi i slike kunnskapar som kjem nynorsken til gode. Elles er rapporten for lite konkret på kva som kann gjerast til å betra upplæringi i nynorsk. Det er dessutan grunn til å spyrja seg um elementærkunnskapar um nynorsken, er noko norskfaget skal vera åleine um å formidla. KUF bør syta for at interessone til nynorsken og nynorskbrukarane vert langt betre ivaretekne enn det denne rapporten legg upp til. I røyndi legg rapporten upp til at norksfagsfolk skal vera orakel i målpolitikken,utan at dei skal ha reelle kunnskapar eller meistringsevna i faget. Dei skal berre ha forståing for at nynorsken finst. Dette gjev norskfaget eit monopol på å vera målpolitisk premissleverandør. Eit slikt norskfagsmonopol er ingi vinning for målrørsla. Dersom norsklærarane hev tileigna seg lite og inkje av kunnskapar i faget, kann forståingi for nynorsken likevel føra til at elevane fær eit svært skeivt bilete av målstoda. Dei som vil lesa rapporten finn han på denne internettadressa :

http://www.dep.no/kuf/publ/1998/evnorfag.html

Norskfagsmonopolet er den viktigaste hindringi for at fleire engasjerar seg i målordskiftet. Dinest at norskfaget ikkje er ope for at ein kann hevda klårt definerte og uttrykte haldningar til bokmålisering. Kvart einaste år må Norsk Målungdom nytta store resursar på å fara kringum til skular yver heile landet for å fortelja elevane at dei kann velja språk, at språk er vane og at språk hev med identitet å gjera. Dessutan må elevane få elementær undervisning i at nynorsk byggjer på ein norsk tradisjon og at bokmålet hev utgangsstoda i ein dansk dialekt. Dette skulde ha vore elementære kunnskapar iallfall i nynorskumråde,men er det ikkje. Norskfagsmonopolet med einsidige fokuseringar og tilvridde bilete av målstoda gjer det vanskelegare enn naudsynt å skapa ei framgangsrik målrørsla. Ei rørsla der ein må verta uppteken av å diskutera språk utfrå perspektiv som daning/utdaning, politisk ideologi,økonomi og marknadsføring, kulturpolitikk og mangt anna. Kunnskap som kann byggja målrørsla, må få status som språkkonstituerande,som avgjerande for nynorsken. Det er norskfagsmonopolet som hindrar framgang. Lat oss taka målstriden frå norskfilologane. Lat oss knusa norskfagsmonopolet.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag