YMIST

Kulturreising elder målreising?

I artikkelen "Målrørsla og kampen om det offentlege rommet" i Mål og Makt 1/2000 tek Oddmund Løkensgard Hoel til orde for at målrørsla må koma burt frå ei einsidigt språkleg fokusering til å definera seg inn i eit breidare kulturreisingsperspektiv. Eg steller meg kritisk til denne utvidingi av målreisingi og det innhaldet Hoel ynskjer å gjeva kulturreisingi si.

Hoel gjev ein analyse av stoda for målrørsla i dag. Han dreg fram at det finst ingen rikspolitikarar som ser på målsaki som ei hjartesak, og at det er låtteleg liti interessa for språkrådet. Vidare segjer han at den offisielle språkfreden fører til passitivitet og eit instrumentalistisk målsyn, noko som ikkje gagnar målrørsla. Hoel konkluderar med at ”det er i dei periodane dei folkelege og radikale rørslene med røter i distrikta og representantar i den politiske eliten har greidd å koma seg på offensiven at målreisinga har kome styrkt ut”, og held fram som ei viktug uppgåva for målrørsla å få sett målspursmålet høgre upp på den offentlege saklista.

Etter å ha dryft noko um målrørsla skal vera med elder mot samfundsutviklingi, lanserar Hoel strategiarne sine for korleides målrørsla skal koma meir fram i ljoset og få ny framgang. Han segjer at me må vakta oss for å verta reine språkorganisasjonar av di det vil føra til attendegang. Organisasjonarne i målrørsla lyt helder sjå på seg sjølve som kulturpolitiske organisasjonar enn språkorganisasjonar, og me lyt arbeida for ei kulturreising meir enn ei rein målreising.

"Det breide kulturreisingsperspektivet"

For at målrørsla skal få ein større plass i det offentlege romet ynskjer Hoel å gjera målsaki til ei kultursak. Det er ikkje rett å utvida målreisingi på denne visi. Det finst ikkje grunnlag for noko slikt innanfor målreisingi. Den norske målreisingi gjeng kort og godt ut på å reisa det norske skriftmålet, nynorsken, til det vanlege bruksmålet i landet. Til grunn for denne nasjonale reisingi ligg kjærleik til målet som den dyraste kultureiga ein nasjon hev og eit ynske um å verna, odla og føra vidare denne kostelege skatten. Sjølvsagt kann det finnast ulike vinklingar på arbeidet og ulike måtar å fremja målet på, men avgjerande må vera at desse kann forsvarast med umsyn til grunnlaget åt målreisingi.

Det ligg ein fåre ved å umdefinera innhaldet i målreisingi. Dersom ein segjer at målsak er kultursak opnar ein for at heilt andre faktorar enn dei som høyrer til målsaki, kann få leggja avgjerande premissar for korleides målarbeidet skal drivast. Dette kann bera reint gale av stad, ved at andre faktorar i argumentasjonen til sist fær skyggja for sjølve målreisingi. Det kann til dømes verta vandt å vinna fram med nynorsken i byarne dersom ein ser det som ei viktugare uppgåva å berga bygdarkinoen.

Ein kann spyrja seg kva Hoel ynskjer å uppnå ved å umdefinera arbeidet åt målorganisasjonarne frå målreising til kulturreising. Han segjer sjølv at kulturpolitiske spursmål er trengde til sides i ålmenta, og at dei fær liti merksemd. Soleides tykkjest det vera lite å tena på ei slik umdefinering av målreisingi, reint taktisk og praktisk. Me fær ikkje med oss fleire på dette grunnlaget.

Det er eitkvart som vantar hjå Hoel. Han segjer at arbeidet åt målorganisasjonarne må vera meir ei kulturreising enn ei målreising, men legg ikkje fram kva konkrete fylgjor dette skal hava for målarbeidet. Han umset med andre ord ikkje politikken sin til praksis. I bolken Arbeidsfelt og arbeidsmåtar det komande tiåret legg han fram dei viktugaste satsingsumrådi, og her er det lite nytt: skulemålsarbeid, nynorsk i næringslivet og i informasjonsteknologien og ein meir offensiv mediepolitikk. Nye arbeidsformer er kampanjar, aksjonar og prosjekt, og dessutan må me rekruttera tillitsvalde og aktivistar. Dette er tradisjonelt målarbeid som so mykje anna i den snart hundrad år lange soga åt Noregs mållag.

Når det kjem til det praktiske målarbeidet ser det altso ikkje ut til at det breide kulturreisingsperspektivet fær noko å segja, og det er god grunn til å spyrja kvar Hoel eigenlegt vil. Mange av tankarne han legg fram verkar interessante, men eg kann ikkje med min beste vilje skyna kva Hoel strengt teke meiner.

Kulturreisingi åt Hoel

Når Hoel skal freista å greida ut det sokalla breide kulturreisingsperspektivet i norsk målreising, set han upp nokre motsetnadspar. Hoel segjer at desse motsetnadspari best kann definera kjernen i målreisingi:

bokmål nynorsk/dialektar
medvitslaus kulturimport kulturreising tufta på norske tradisjonar
elitekultur folkekultur
sentrumskultur distriktskultur
fordumming folkeopplysning
elitestyre folkestyre
einsretting mangfald
aukande klasseskilje sosial utjamning

Hoel segjer at målreisingi og målrørsla stort sét allveg hev kome ut på den høgre sida, og at riksmåls- og bokmålssida tilsvarande hev stade for mykje av det på hi sida. Hoel legg til: ”Denne arven er i svært stor grad knytt til målreisinga, målrørsla og sjølve eksistensen til nynorsken [mi utheving], såleis kan ein ikkje ha som grunnlag for dei ideologiske og strategiske ordskifta våre at ein brått skal kunna hoppa over til venstre kolonne i nokre av desse motsetnadspara.” Hoel segjer med andre ord at nynorsken hadde vanta heilt livsvilkår dersom det ikkje hadde vore for desse motsetnadspari.

Denne kategoriske innbolkingi i bokmålsverde og nynorskverde hev ikkje noko fyre seg. Hoel gjev inntrykk av at nynorsken representerar alt det som i hans augo er godt her i verdi, medan bokmålet er alt det fæle og vonde. Eg tykkjer me bør vera varsame med å setja upp nynorsken som noko moralsk høgverdigt, som det einaste ”rette”, og attåt vrengja til standpunkti åt motparten på denne måten. Hoel legg fram ei sers forenkla skildring av røyndomen, og han upphøgjer målrørsla meir enn det er grunnlag for. Det er til dømes eit drjugt påstand at målrørsla representerar folkeupplysning, medan bokmålssida fremjar fordumming.

Det er ikkje berre uklokt å setja sentrum upp mot distrikt, elite upp mot folk i samband med målsaki, det strid òg mot sjølve grunntanken i målreisingi. Målet skal samla dei ulike grupporne i nasjonen, ikkje kløyva deim. Hoel hev fokus på motsetnader der han skulde ha sét einskap. Dersom målrørsla skal tufta arbeidet sitt på Hoels tese um desse motsetnadspari, kann me stengja ute gruppor av folket det er sjølvsagt å hava med oss.

Hoel segjer at innhaldet i målreisingi ikkje er konstant, men at soga og tradisjonarne set grensor for kor langt me kann ganga i å umdefinera målreisingi. Eg er i utgangspunktet kritisk til tanken um at innhaldet i målreisingi ikkje skal vera konstant. Det må vera noko fast, eit ynske, ei von, eit mål, som ligg i botnen for alt arbeidet me gjer. Dersom me tøygjer målreisingi til alle kantar misser me merksemdi frå det som er sentralt i målarbeidet, det å reisa det norske målet. I alle høve må ein kunna konkludera med at Hoel ved å fokusera på desse motsetnadspari hev gjenge langt utyver råmorne for målreisingi.

Raseriet yver den kulturelle undertrykkjingi

Hoel set upp 650 husstandar i Bardu som eit uttrykk for den nynorske kulturreisingi. Dei neitta å svara full NRK-lisens av di NRK ikkje bryd seg um å byggja ut NRK2-netet. Eg hev vandt for å skyna kva aksjonen åt desse folki i Bardu hev med den norske målreisingi å gjera. Det hadde vore beint fram merkelegt um målrørsla skulde byggja på slike handlingar.

Det same kann ein segja um det at Hoel tek med eit sitat av tidlegare leidar av fylkeskulturutvalet i Møre og Romsdal, Per Arne Skomsø, der Skomsø uttrykkjer eit raseri mot at rikspressa ikkje idest å dekkja kulturelle hendingar ute i distrikti, og legg til: ”Mange nordmenn kjenner eit slikt raseri, og målrørsla er det viktigaste organiserte uttrykket for raseriet.”

Etter dette kann ein koma til å tru at målorganisasjonarne er kamporganisasjonar mot kulturell undertrykkjing av distrikti. Dette vert heilt vonlaust. Målrørsla hev ikkje som serskild uppgåva å lyfta fram kulturelle uttrykk som er knytte til distrikti. Det tyder likevel ikkje at kulturspursmål er uinteressante for norskdomsrørsla. Eit tiltak som høyrer til her, Noregs ungdomslag, er vigt serskilt til å fremja norsk kultur, m.a. gjenom song, dans og teater. Avgjerande for oss må vera um kulturuttrykki er norske og um det vert nytta norskt mål elder ikkje. Sermerkt norsk kultur og norskt mål kann like gjerne finnast i byen som på landsbygdi.

Det einaste "raseriet" målrørsla eventuelt bør kjenna er for at me enno ikkje hev greidt å kasta av oss det påtvinga danskemålet, og gjort norsk til einaste riksmål, og må elles vera retta mot deim som motarbeider målreisingi, både i det offentlege og millom meinigmann. Og då steller alle i same rekkja, anten motstandararne er frå Bardu elder Oslo.

Aasen såg lengre

Samstundes som Hoel lanserar ideen um at Noregs mållag og Norsk målungdom må vera kulturpolitiske organisasjonar meir enn målorganisasjonar, hevdar han at det breide kulturreisingsperspektivet hev prega målreisingi sidan Aasen lét prenta artikkelen Om Dannelsen og Norskheden i 1857, det Hoel kallar ein programartikkel for denne kulturreisingi.

Dersom me gjeng til Aasen og les denne artikkelen, stend det klårt fyre oss at dette ikkje er nokon programartikkel elder argumentasjon for ei utviding av målreisingi. Det Aasen ynskjer å setja fingeren på i Om Dannelsen og Norskheden er, som han sjølv segjer, ”at Norskheden ikke er til Hinder for den rette Dannelse”[i]. Aasen ynskjer å yvertyda motstandararne um at daningi her til lands like gjerne kann ganga fyre seg på nasjonalmålet (norsk), nett som i andre land, som på dansk.

I "Om Dannelsen og Norskheden" kjem Aasen inn på tilhøvet millom bygd og by, og han skriv m.a. dette:

"Imidlertid vilde den indre Lighed i Landskaberne uden Tvivl have været meget større end den er, dersom Folket havde havt et fælles Mønster og Forbillede af ægte norsk Form til at rette sig efter; thi det er tydeligt nok, at Folket selv kjender en Trang til et saadant Forbillede og saaledes tragter efter en større Enhed og Lighed. Og da her ikke er noget stort almindeligt Samfærdselssted, hvor Folk fra hele Landet kunde samles noget ofte, saa bliver det de største Byer i hver Landsdeel, og især Stiftsstæderne, hvor Folket kommer til at søge et saadant Forbillede til at danne sig efter; saaledes pleie de nordenfjeldske Folk at rette sig efter Brugen i Trondhjem, medens derimod de vestenfjeldske rette sig efter Bergen, og de søndenfjeldske mest efter Christiania. Dette vilde ogsaa have været en god Hjælp for Norskheden og for Dannelse i en norsk Form, naar der kun havde været nogen rigtig Norskhed at finde i disse Byer; men Ulykken er, at vore største Byer nu i lang Tid netop have været et Hjem for fremmedt Maal og fremmede Skikke, og have saaledes netop virket til at svække Norskheden i Stedet for at styrke den.[ii]"

Av utdraget ser me at Aasen var klårsynt. Han ynskte ikkje å setja byarne upp mot bygderne i målreisingi. Det gjeng klårt fram at han ikkje tykte det var noko gale med den utvekslingi som gjekk fyre seg millom bygd og by. Det som var gale var at byarne i storo hadde vorte unorske, og at dette førde til at unorskt mål og unorske skikkar vart spreidde ut på bygdi. Motsetnaden hjå Aasen gjekk altso ikkje millom sentrum og periferi, men millom norsk og unorsk. Bygderne hadde ikkje nokon fyremun i høve til byarne anna enn at dei hadde halde best på det norske, og det var soleides herifrå ein laut henta det fram og spreida det til byarne.

Like eins er det med klasseperspektivet. Målreisingi er ingi klassereising elder nokon strid for sosial utjamning, slik ein kann få inntrykk av i framstellingi åt Hoel. Her var Aasen like klår som når det galdt tilhøvet millom by og land. Eg skal endå ein gong sitera frå artikkelen Om Dannelsen og Norskheden:

Dernæst veed man ogsaa, at de ægte gamle ættemærker hos et Folk ere netop et kraftigt og styrkende Baand til at holde Folket sammen og virke til Enighed og et hyggeligt Samliv imellem de forskjellige Stænder eller Klasser i Landet. Dersom den ene Stand vil skille sig ud ifra Folket ved fremmedt Maal og fremmede Sæder, da kan man ikke vente nogen rigtig Enighed længer; hellere kan man da vente at see to Partier, som forfølge hinanden med Spot og Had eller ialfald ikke kunne trives i Selskab med hinanden. Hvis derimod alle Stænder have lige megen Agtelse for Landets rette Skik og Maal, da er der Haab om en god Samvirken til fælles Gavn og Hygge for alle Parter, og tillige er der Haab om, at Landsskikken selv maa blive saaledes forbedret og befæstet, at den kan ansees som en ære og Prydelse for enhver Stand i Landet.[iii]

Av dette litle tekstutdraget ser me at Aasen hadde eit heilt anna fokus enn Hoel. Aasen meinte ikkje å setja ulike gruppor i samfundet upp mot einannan i arbeidet for det norske målet. Han talar um samvyrke millom klassorne, ikkje strid. Det avgjerande er kva som er norskt mål og norske seder, ikkje at dette tilfellelegt fanst hjå underklassa, stort sét. At nynorsken representerar målet åt underklassa, elder folk flest, er helder ikkje tilfellet lenger, slik at dét perspektivet vert endå meir vonlaust i dag enn på Aasen si tid. Ynskjer ein ei språkleg klassereising i dag, er nynorsken eit låkt alternativ.

Det røynlege skiljet

Som Aasen syner oss, er det grunnleggjande gale å fokusera på sosiale elder strukturelle motsetnader når me skal fremja målsaki. Skiljet i målspursmålet gjeng ikkje der. Ein kann godt vera bergensar frå yverklassemiljø og samstundes skriva nynorsk, utan å ljota svika seg sjølv elder heimemiljøet sitt. Skiljet gjeng beint millom norsk og unorsk. Det norske er knytt til soga, tradisjonar og framvokster. Fyreloga åt målrørsla er å reisa det norske målet, same kvar i landet det vert nytta, elder av kven. Dette må fyrst og fremst gjerast ved å skapa kjærleik til og forvitna for målet.

Målrørsla bør aldri gjera det til ei viktug uppgåva å reisa serskilde sosiale elder geografiske gruppor, ved å setja by upp mot bygd elder bonde upp mot arbeidar. Sers viktugt er det at me ikkje køyrer oss fast i eit sovorde spor i dag. Rett nog hev det funnest meir norskt tilfang på bygderne, men det hev aldri vore nokon automatikk i at bygdi representerar det norske, medan byen representerar det unorske. Dette er endå mindre tilfellet i dag. Kring um på bygderne vert det produsera mykje låk "bokmålskultur", medan det i dei store byarne finst institusjonar som spreider "nynorsk-kultur".

I ei ny tid må ei av dei fremste uppgåvorne åt målrørsla vera å arbeida for å integrera nynorsken på nye stader og samfundsumkverve. Då lyt me sjå utanum nokre motsetnader i samfundet og freista finna fram til eit sams grunnlag. Målet er det viktugaste sermerket ein nasjon eig, og stend soleides yver alle hine kulturuttrykk. Det er òg ålmenngyldigt ved at det gjeng i hop med alle tider og samfundstypar. Me må hava til utgangspunkt at det finst noko i målet som kann appellera til folk i dag, i det noverande samfundet. Me må utnytta alle kanalar til bate for målreisingi, og då er byarne viktuge. Me skal ikkje tru at me etter fyrst å ha sét ned på og vanvyrdt byarne skal kunna få deim med på det nasjonale prosjektet målrørsla byd fram.

Mangfald same kva?

Mangfald hev vorte eit moteord innanfor målrørsla. Det fungerar kann henda som ei slags legitimering av vår eigen eksistens. Mangfald er viktugt, fær me høyra, og sidan nynorsken er ein lut av ”det norske språkmangfaldet” hev han òg livsens rett. Hoel hev då òg teke med motsetnadsparet ”einsretting – mangfald” i skildringi si av den nynorske kulturreisingi.

Atter vil eg sjå til Aasen. Han hadde vorte sers glad i det svenske riksmålet. Jamvel um det visselegt òg den gongen verka undertrykkjande på dei ulike svenske målføri, såg Aasen klårt det verdet svenskarne hadde i eit riksmål som var deira eige, og som attpåtil var so formrikt, nyansera og velklingande. Som eit av sitati ovanfor syner, meinte Aasen at dei norske landsluterne søkte etter større likskap og einskap, og at det difor var ei stor ulukka at dei ikkje kunde finna eit norskt fyredøme i byarne. Det var ikkje sentrum som stod upp mot utkant hjå Aasen, det var norsk mot unorsk. Det er dét som er viktugt og skilsetjande.

Einsretting, elder utjamning, treng ikkje beinveges vera noko gale. Det spyrst kva som vert einsretta. Når no ei større regionalisering i Noreg er i emning, so er dette ei naturleg fylgja av at sambandi er fleire og gjeng snøggare, og at samkvæmet millom bygdarlagi hev vorte større. Soleides hev dei minste språklege og sosiale einingarne fenge mindre fyre seg. Dette speglar seg att i talemålsbrigdi. Fleire talar um framvoksteren av sokalla regionalmål, som strekkjer seg yver langt større umråde enn dei tradisjonelle målføri me er vane til. Ein slik prosess treng i utgangspunktet ikkje vera galen elder negativ for målreisingi. Negative konsekvensar fær han fyrst når me ser kva resultatet vert. Det er bokmålet som i storo trengjer seg fram som regional norm mange stader, serlegt på Austlandet. Dersom det hadde vore nynorsken som hadde fenge vera mynsteret og yvernormi, skulde me ikkje vore leide for ei utvikling mot meir einskap i talemålet.

Når me fyrst er inne på mangfald, kann det vera nyttugt å røkja etter i eigne rekkjor korleides det vert teke hand um. Med den mangslungne skriftpraksisen nynorsken hev, er det eit paradoks at ein av dei nynorske institusjonarne, Det norske samlaget, fremjar einsretting ikring ein serskild nynorsk-normal. Og her er det ikkje einsretting um det sermerkte og norske, men um læreboknormalen innanfor den statlege rettskrivingi, same kor inkonsekvent og unorsk han kann vera i sume stykke. Attåt hjelper Samlaget til å stempla tradisjonelt mål som arkaisk, og dimed ubrukande. Dette kann med retto kallast nynorsk sjåvinisme og fordumming.

Fører språkleg vektleggjing til attendegang for målrørsla?

Ein av hovudbodskaparne åt Hoel er at målorganisasjonarne må vakta seg mot å verta reine språkorganisasjonar som ikkje greider å setja saki si i samband med andre samfundsspursmål i tidi, og Hoel held fram: ”og det er ein tett samanheng mellom dei periodane målrørsla har reindyrka dei filologiske og språklege sidene ved målsaka og dei periodane det har gått dårleg.”

Dette er ein myte som vert nytta som rein agitasjon mot deim som ynskjer å arbeida for at nynorsken skal hava eit røynlegt språklegt innhald. Hoel underbyggjer ikkje påstandet sitt, og me vantar elles prov på at det finst ein slik samanheng. Det er dessutan vandt å mæla resultatet av målarbeidet i ulike periodar, sumt som kann fengja folk der og då, kann på lengre sikt hava negative fylgjor for målreisingi.

Etter mi meining er det ikkje den språklege fokuseringi som er problemet for målrørsla. Um me ikkje skal taka utgangspunkt i målet, kva skal me taka utgangspunkt i då? Dersom ei språkleg fokusering kann valda målrørsla problem, må det vera av di ho byggjer på range premissar, som riv undan grunnen for målreisingi. Døme på slike premissar er dogmet um at alle mål er like gode elder at me må skriva so nært upp til talemålet som råd, for soleides å verta språklegt frigjorde. Desse premissarne er gjerne utleidde frå eit sosialt målsyn.

Dersom me gjeng til målreisingssoga, kann me lett finna andre og meir trulege forklåringar på kvifor det hev gjenge dårlegt for målrørsla i periodar. Eg ser det som ein raud tråd gjenom 1900-talssoga at det er i dei periodarne det hev vore ro ikring rettskrivingi og målfolket hev halde fast på Aasen-målet og det upphavlege målreisingsprosjektet at målrørsla hev vore i framgang. Fyrr samnorsktanken fekk innpass i målrørsla og 1938-målbrigdet vart gjenomført (mot viljen åt storparten av målfolki), var målrørsla i framgang. Då sume i målrørsla vart samnorsktilhengjarar og hine fokusera sterkt på å få inn serskilde dialektformer i nynorsken, kom dei i strid med deim som stod for Aasen-tradisjonen i målreisingi. Dette førde til at ein fekk gjort lite praktisk målarbeid, nynorsken vart sundriven innanfrå, og skulemålsprosenten rasa nedyver. Me er framleides i denne gropi i målarbeidet. Skal me få ny framgang for norskt skriftmål, må målrørsla slutta å vanvyrda sin eigen tradisjon og sitt eige upphav. Målfolket må fylkja seg kring den tradisjonsrike norsken etter Ivar Aasen, høgnorsken. Eit mål utan røter, tradisjon og språklege ideal fær ikkje liva lenge i landet.

Hoel segjer at me ikkje skal verta filologiske, men likevel dreg han fram at folk er interessera i målføre. Hoel meiner at det er bra for målreisingi at folk interesserar seg for målføre. Han ser då burt ifrå at me skal reisa eit skriftmål. Ser me burt frå det, kjem me oss ikkje vidare.

Sluttord

Oddmund Hoel hev med artikkelen sin lagt fram nokre strategiar for å få ny framgang for målrørsla. Dersom me skal byggja på det Hoel skriv um målreisingi, er me ille ute. Ny framgang for det norske målet fær me fyrst når me hev klåre mål for arbeidet vårt: å spreida nynorsken og gjera romet hans i samfundet større. Sidan me skal vinna fram med eit mål, må me heile tidi hava fokus på og taka utgangspunkt i det. Me lyt våga å setja målet i sentrum for verksemdi vår, og soleides kunna koma fram til nye sannkjenningar og strategiar til framhjelp for det. Gjeng me utanum at det er målreising me driv, kjem me ingen veg.


Klaus Johan Myrvoll, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag