YMIST

Målreinsking - ein uting?

Nòkut av dat sem kjenneteiknar målet mitt, er at eg er målreinskande. Dat vil segja, at eg ikkje godtekr lånord sem eru kòmi inn i dat nòrska målet. Eg er ikkje imot lånorde i målføre, må vita. Eg tykkjer òfta at sereigje lånord i eit målføre skulu hava livsens rett. Dei eru med på åd gjeva dat målføret ein serdåm, nòkut sem er med på åd skjilja dat målføret frå hi. Men i ritmålet vårt, dar tykkjer eg me ljota setja hære kròv. Kvifyr, kjemr du kann henda til åd spyrja. No, eg tykkjer dat skal vera ein viss skjilnad på ritmålet òg talamålet. Ikkje på dan måten at eg vil at fòlk skulu leggja um målføringje nær dei rita. Dei skulu rita lika stutt, greidt òg beint (òg nòrskt!) sem dei gjera nær dei tala. Men eg vil at me megu hyggja meir på kòrsu ord me nøyta. Eit ritmål skal sem me vitu gjeva atter tjodskapen vår. Burde me ikkje då greida òss med dan utrulegje rikdomen i ordtilfangjet me då hava i òll målføre vår? Òfta eru orde mesta gjøymd burt, av di me tykkja dei ikkje høva i eit tjodlegt ritmål no til dags. Men dat er sjølvsagt heilt galit. Dat nòrska fòlkjet hevr greidt seg meir en gòdt nog med dei heimlege orde i fleire hundrud år. Skulde desse orde med eitt ikkje vera nøytande lengr? Me skulde snarast råd heimta upp att òll dei orde sem Ivar Åsen, Hans Ròss òg jamningarne deira samnade. Attåt hava me til all heppa ein rik bokheim på eit nogso målreinskande mål.

Eg vil samanlikna stòdo vår med dan hjå islendingarne. Dei eru sem kjent sers målreinskande. Dei eru eit litet fòlk, òg ein skulde tru at målet deira snøgt havde komit til åd liggja under fyr dat danska målet i fòrna tider, òg fyr engelsk i dag. Men dat hevr ikkje hendt. Målet deira greider seg røynlegt betre en vårt. Kòrsu kann dat hava seg? Eg trur dat kjemr av at dei eru sers byrgje av målet sitt, òg byrgje av målreinskingje si. Dei vitu, både gjenum upplæring òg røynsla, at dei greida åd finna god islendsk ord òg ordlòg fyr òll dei utlendske sem herja so på fastlandet. Dat må evlaust vera slik at eit slikt fòlk sem er so målmedvitit, gjerer at målet heldr seg betre, og attåt meir tjodlegt. Skulde me ikkje yskja at dat var soleides i Nòrig? Jau, sjølvsagt. Men dat kjemr ikkje av sjølvu ser! Islendingarne hava greidt detta med god òg hòrd vitskapleg vinna, òg me byrja ikkje gjeva slepp på dan sama lina sem målgrenskararne kring hundradårskjiftet byrjade på her i Nòrig.

Endå trur eg at desse merknaderne falla til jardar. Sume samhugast med meg, men eru endå ikkje viljugje til åd verda målreinskande sjølve. Adre, òg dei eru flest, tykkja målsyne mi er tòskut. Eg høyrer òfta dei same motmæle frå båda sidur. Eg skal freista åd gjeva atter dei merknaderne eg jamt fær, òg skal freista åd svara på deim.

  1. "Dar er so mòng undarleg ord i målet ditt!" Detta er vel nòkut alle kjenna att frå bokmål- òg riksmålsida. Òll desse "rare" orde ... Nei, hugse på at orde i seg sjølv då ikkje eru meir undarleg en ònnur. Fòlk tykkja bara dei eru undarleg av di dei ikkje eru vane med åd sjå deim. Ja, det skulde vel då vera væntelegt at me ljota nøyta desse orde meir, so fòlk skjyna deim greidare, òg ikkje tykkja dei eru undarleg lengr? Men nei, dat tykkja de ikkje! Me skulu tvert um halda upp med åd nøyta desse orde! Dat hevr inkjet åd segja um desse orde eru god eller ikkje. So lengje fòlk tykkja dei eru "ròr", då ljota me finna ònnur ord. Detta hengr sjølvsagt ikkje på greip! So kvifyr tykkja de detta då? Jau, av ein einskjild grunn. De eru rædde fyr at fòlk verda skræmd burt frå nòrskjen, at dei ganga yvi til nòrsk-danskjen i staden. Difyr er dat betre åd tekkjast deim, åd visa deim at me då ikkje hava so mòng "ròr" ord. "Bara sjå", segja me, "sjå her, kjenner du ikkje att detta ordet, kann henda? Ja, ja, du hevr set dat fyrr ja? Var dat ikkje dat me sagde? Bara kòm, me hava mòng ònnur ord du nog vil kjenna att!" Um me bara kunne halda upp med åd uroa òss fyr kor mangje sem nøyta nynòrsk til kvòr tid, òg heldr midsamna òss um åd få til eit mesta òvgòdt mål, so kòma fòlk sem vilja nøyta detta målet av sjølvu ser. Um dei sjå kor gòdt me greida åd ordleggja òss med eit fullnòrskt mål, so kòma dei etter kvart til åd vilja nøyta detta målet dei au. Dat er vel ikkje åd grunda på at so fåe rita eit gòdt nòrskt mål, nær me eru so rædde fyr åd skræma burt fòlk sjølve. Eit mål sem liver på dan vise vil aldrig få nòkun vyrdnad. Bara sjå på riksmålet. Taka dei umsyn til kvat fòlk skjyna? Nei, dei kjøyra på sem dei vilja, òg nøyta dei orde dei tykkja eru turvande dar òg då. Um fòlk ikkje skjyna deim, då få dei rett òg slett sjå til åd læra seg deim! Kann henda nøyta dei slik ord òvmykjit, so fòlk ikkje skjyna deim òg tru at "desse kararne megu fyr visst vera klokje òg vyrdsame, sidan dei nøyta so undarleg òg ukjend ord". Òg dimed dilta dei etter, fyr dei kunnu ikkje gjeva dan tòkkjen at dei eru styvne sem ikkje skjyna desse orde. Òg fyrr du røkkr åd segja "kaku" høyrer du desse orde i munnen på nynòrskfòlk. Dei kunnu ikkje synast styve, må vita. Men freista detta hin vegjen, då få me snøgt eit fnys frå einkvan, òg so avsaka me òss òg lòva at me ikkje skulu gjera nòkut lika eins å nyu. Nei, er dat nòkut åd grunda på at dat gjengr sem dat gjengr ... ?
  2. "Eg kann ikkje slik ord, òg kann då heldr ikkje rita målreinskut" Lær deim! Ja, so greidt er dat, lær deg deim. Tru ikkje at eg kunne eller kann nòrsk avløysarord fyr òll utlendsk ord. Fest deg ved dei gode nòrske orde du ser, spyr adre sem kunnu meir en du, òg um du vil nøyta fe på slikt, kaup deg ordbøkr.
  3. "Eg hevr ikkje tid til åd sitja åd finna nòrsk ord fyr alt sem finst". Fyrst, detta er stort set ei låk avsaking fyr åd ikkje idast freista i dat heila. Òg um du hevr freistat, ikkje tak fyr mykjit i senn. Byrja med dei orde som alt eru vanleg åd løysa av lånord med, òg lær deg dat sem verdr att med dei råderna eg sagde òvan: les goda bøkr, spyr adre, òg kaup ordbøkr.

Eg tekr gjerna eit ordskjifte kring detta, men eg kjemr til åd verda fyrstøkt um eg fær sjå eit annat hovudmotlegg mot målreinskingje en dei trju eg no hevr greidt ut um.


Sverre Johnsen, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag