YMIST

Språkrådsseminar i 1995

17 november 1995 skipa språkrådet til seminar um målrøkt.Kjell Venås heldt det fyrste fyredraget.Venås slo fast at ein ikkje kann snakka um lingvistisk målrøkt.Målrøkt er knytt til identifikasjon.Ein kann minka identifikasjon ned til småe målføregruppor.Amund B. Larsen granska noko han kalla granneopposisjon millom ymse målføre.Det vil segja at avstanden millom tvo målføre vert større enn han treng verta fordi målbrukarar vil stå fast på eigne målføredrag.

Venås gav sogeutsyner.Han vende seg til italiensk målrøkt i samband med forfattaren Dante og han sveipa innum den nederlandske målrøkti på 1600-talet.Han greidde òg ut noko um skandinavisk målrøkt dei siste hundradåri.

Venås samla seg etterkvart um dei tvo målrøktarane Ivar Aasen og Knud Knudsen.Aasen var ivrig tilhengjar av å gjera heimlege og yverleverte ord til skriftmålsord.Sume hev hevda at Aasen ikkje var so stor målrøktar som han hev ord på seg å vera.Dei hev m.a. vist til at han nytta dansk/tyske ord i sume forteljingar frå Sunnmøre.Det er rimeleg å tru at Aasen nytta ordi fordi dei var vanlege i heimelivet hans på Sunnmøre.I andre høve såg Aasen meir profesjonelt på målrøkt.Elles kann ein vel tolka andre utsegner frå Aasen soleis at det var råd å nytta framandord stilistisk og når ein mangla handfaste avløysarar på norsk.Venås peika dessutan på at det er fleire måtar å laga nyord for lånord på.Ein kann driva målføreodling slik at eit målføreord vert skriftmålsfest.Ein kann skapa nye ord eller ein kann konstruera kunstige ordavløysingar av målrøktargrunnar.

Venås kom elles inn på Knud Knudsen.Knudsen var ivrig målrøktar og vilde reinsa dansken.Det var serleg tyske ord Knudsen var ute etter.Venås meinte at dei finlitterære forfattarane frå Ibsen og Bjørnson til dei norskdanske og nynorske heimstaddiktarane var dei viktigaste målrøktarane.Venås slutta m.a. med å hevda at språklege nedfall frå engelsk/amerikanske filmar m.m. renn fram saman med innhaldet i denne påverknaden.Me ynskjer knapt korkje å fremja innhaldet og endå mindre språket i mangt av denne påverknaden,avslutta Venås.

Neste fyredragshaldar var Endre Brunstad.Brunstad meinte det er uheldigt å trengja burt ein diskusjon um det nasjonale.Han skissera fleire plan innanfor målrøkt og nasjonalisme.Han meinte at nasjonalisme heng samanmed grensemarkering.Det same gjeld språkleg målrøkt.Ein kann snakka um samhandlingsmålrøkt.Dersom t.d. Per som kjem frå Sunnmøre hev vore på ferie i einannan del av landet og kjem heim attóg nyttar ord og uttrykk frå feriestaden,vert han utsett for samhandlingsmålrøkt.No snakkar du ikkje sunnmørsk og slikt kann du ikkje segja på sunnmørsk kann han få høyra.Både målrøkt og nasjonalisme heng saman med skriftspråksdaning og med større ideologiske yverbygnader.

Det finst ikkje målrøktarspråk,men det finst målrøktarideologiar,slo Brunstad fast.Denne ideologien er langt viktigare enn sjølve språkstrukturen.Difor er tysk eit ord med mange framandord.Det finst fleire former for målrøkt ein kann driva målrøkt av språkljodar,morfologiske målformer og setningsmålrøkt o.s.b.

Brunstad snakka vidare um ymse tilnærmingar til nasjonalismeumgrepet det hev me vore inne på i Vestmannen tidlegare,sjå Vestmannen nr.5 1995.

Sume hev sett upp ein motsetnad millom demokrati og nasjonalisme når det gjeld målrøkt.Eg vil reisa motspursmål,er det nokon motsetnad.Det vart rom for eit svært stutt ordskifte etter fyredragi til Venås og Brunstad.Her vart det hevda at Riksmålsforbundet hev drive med målreinsing av samnorsk målgods.Tor Guttu meinte at Venås undervurderte den funskjonen som dei finlitterære skriftene til Aasen fekk.Han peika m.a. på prøvor av Landsmålet og lyrikken.

 

Dei neste fyredragshaldarane var Helge Sandøy og Kristian Ottósen.Den islandske målrøkti er ålmenn og rettar seg ikkje mot noko serlegt språk,innleidde 0ttósen.Me legg serlegt vekt på det demokratiske på island.Språket skal vera lett å forstå for alle.Me hev ikkje og vil ha språklege klasseskilje på Island.På Island nøgjer ein eg ikkje med å taka vare på språket. I sume tilfelle hev ein tilmed teke inn klassiske bøygningsformer frå det gamle språket.Ottósen hevda at kansellistilen vart vraka på 1800-talet og ein vende um til ein meir folkeleg stil.

Det er ikkje berre profesjonelle fagfolk som lagar nye ord på Island.Amatørordlagarane skriv både i avisone og til fagfolki.Det er ålmennskulen som spreider nyordi i islandsk.Foreldregenerasjonen held fast ved gamle framandord,medan ungdom tek i bruk dei nye serislandske ordi.Ord som eldhús og gangslétt for kjøken og fortau er spreidde gjenom skulen.

Helge Sandøy snakka um færøysk målrøkt.Færøyane hev ei målnemnd og medlemene i den er samde i å driva målrøkt på same vis som islendingane.Lærarane,fjerrsjå og radio og dei offentlege er stort sett samde um målrøkti og mange bladmenn er samde um målrøkti,men her er slingringsmunen noko stor.Ålment kann ein segja at skilnaden millom skrift og tale er stor på færøyane.Det er etter måten lett å vinna fram med nylagingar med nye ord for nye ovringar,men det er vanskelegare og ofte burtimot uråd å vinna fram med nye ord for innarbeidde ovringar.

Målhaldningane på Færøyane er ikkje homogene.Det er eit offentlegt ordskifte umkring målrøkti.Sentrale kulturpersonar er ikkje redde for å fremja ymsande meiningar i dette ordskiftet.På Færøyane må ein reisa tvil ved um målrøkti er demokratisk.Mange målrøktarord er tillaga og vanskelege å skyna for mangmannen,avslutta Sandøy.

Neste fyredragshaldar var Nils Jernsletten.Han var utsending for den samiske språknemndi.Me hev ein målrøktartradisjon attende til 1950-talet,slo Jernsletten fast.Han meinte òg den samiske språknemndi ikkje var urimeleg når det galdt å laga nye ord.Me ber fram dei ordi som folk vil ha og som er innarbeidde i det samiske språket.Jernsletten kunde visa mange forvitnelege døme på samisk målrøkt.Han jamførde m.a. noko med finsk.

Etter desse fyredragi var det ope for spursmål.Då vart det m.a. reist spursmål ved um den færøysek målrøkti var udemokratisk når det var eit breidt offentlegt ordkskifte umkring henne,og um det var nokre skilnader i måten islendingar og færøyingar gjeng fram på i målrøktarvegen.Ottósen og Sandøy peika på at islendingane hev ein tradisjon for å driva målrøkt heilt attende til 1500-talet.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag