YMIST

Standardspråk og dialekt

I 1991 og 1992 hadde Bergens Riksmålsforening og Det Norske Akedemi for Sprog og litteratur tvo seminar um standardmål og dialektar.Dei fyredragi som vart halde vart prenta i ei bok som Vestmannen ikkje hev havt høve til å kommentera fyrr no. Seminariet i 1991 umfatta 6 ulike språk.Innbedne fagfilologar innanfor dansk,engelsk,tysk,fransk,polsk og russisk tok del i seminaret.Dessutan heldt Dagfinn Føllesdal eit fyredrag der han filosofera umkring Språknormering og standardspråk.Alle fyredragi hev usedvanleg høg fagkvalitet.Den raude tråden i fyredragi må segjast å vera å underbyggja at standardtalemålet stend sterkt innanfor dei einskilde språksamfundi.Men det vert ikkje dulgt at det finst fleire språkvariantar innanfor dei ulike språki.Kvart språk hev si soga og sine karakteristikka.Engelsk og fransk er kolonispråk som vert snakka mange stader i verdi.Dersom ein gjer endringar i slike språk,kann det få store fylgjor.Det tyske språksamfundet umfattar tvo andre Europeiske land,nemleg Sveits og Austerrike.I Sveits hev ein opna upp for ein dialektisk variant av tysk,medan det tyske standardmålet tykkjest å stå seg godt i Tyskland. Russland hev havt sterk påverknad frå andre språk både i millomalderen og på 1800-talet.I millomalderen hadde innverknaden frå kyrkjeslavisk mykje å segja.På 1800-talet var det franske målet eit leidande mål innanfor tonegjevande krinsar i Russland.Det polske målet er serprega av at dialektane stort sett vert sette til sides.Standardmålet hev ei sterk stoda.Det danske målet hev vorte svært einkyndt i nyare tid.Det er nesten berre regionalmål som stend att,medan dialektane langt på veg er utdøydde.Dansken skil mykje millom tale og skrift.Den danske talen samsvarar lite med dansk ortografi,difor er det vanskelegt å forstå danskane,utan å setja seg inn i måten dei uttalar ordi på.Feil! Bokmerket er ikke definert.

Helge Nordahl som heldt fyredrag um det franske målet kjem inn på rettskrivingsendringar.Han nemner at franksmennene hissar seg svært upp når det vert snakk um å endra rettskrivingar.Ei rettskrivingsendring,som kjem frå offisielt hald,kann aldri rekna med å verta godteke,med mindre ho kallar seg tilråding,og sjølv då kann det verta vanskelegt nok.I Frankrike kann ein føra årelange ordskifte um ortografiske skrivebrigde som vilde vera heilt kurante i Noreg.Mange hev hevda at kritikken mot samnorskpolitikken hev vore yverdramatisera,men i Frankrike hev ein slege endå meir på stortromma for minimale rettskrivingsbrigde (sida 93).Det er eit tankevekkjande motiv å taka med seg inn i det norske målordskiftet,meiner artikkelforfattaren.

Forfattaren av den same artikkelen hev ein annan tankekross å føra til torgs (sida 96).Han peikar på det norske ordskiftet der det vert sett upp ein motsetnad millom umgrepsparet dynamisk og statisk.Dei som vil endra språket i samnorsk leid peikar på at språket utviklar seg og at språket skal vera dynamisk.Det statiske elementet i språket vert sett på som noko negativt.Men det er vel heller slik at språket er konstant.Det berande systemet i språket vert førd vidare,og må førast vidare,dersom språket skal haldast uppe som eit tenlegt kommunikasjonssystem.

På det andre seminaret stod den norske målstoda i fokus.Me fær ein målsogegjenomgang.Dei andre fyredragi rettar seg grovt sett inn mot tilhøvet millom normalmål og dialekt.Diskusjonane etter kvart fyredrag er attgjevne,og dei vert svært umfattande og engasjerte under dette seminaret.Serleg upplysande er Tor Guttus artikkel um : "Bestemmelser om bruk av standardsprog og dialekt i det offentlege".Han femnar um eit vidt spekter av målpolitiske problemfelt,og gjev oss eit mangslunge bilete av tilhøvet millom normalmål og dialekt i norsk målstoda.

Men sjølv um dette er ei lærerik bok å lesa,er det mange provoserande påstandar i boki.Forfattarane tek ikkje alltid nok umsyn til den innfløkte målstoda.Finn Erik Vinje hevdar t.d. at det målet som ikkje vert godteke i Oslo med umland hev småe sjansar for å verta eit sams riksmål (sida 219).Ein slik påstand kann lett snuast på hovudet : Det målet som ikkje vert godteke i resten av landet,hev òg småe sjansar for å verta eit sams riksmål.Det er dessutan eit interessant poeng at det er sjølve austlandsmålet som folk freistar å etterlikna i resten av landet,ikkje den norskdanske talemålsnormi.At den norskdanske talemålsnormi hev høg prestisje er noko anna.Det er t.d. uakseptabelt for dei fleste utanfor austlansumrådet å lesa norskdansken med austlandsk stavingstone/talemelodi,med mindre ein ynskjer å imitera ein austlandsk lesemåte.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag