YMIST

Ein høgnorsk, mange høgnorskvener

Det hev vore tala og skrive ikkje lite um høgnorsken og um normaltalemål i ymse samanhengar. I den samanheng hev eg vorte spurd um kva eg meiner med høgnorsk. Sidan umgrepet tydelegvis ikkje er so eintydig som eg hev rekna det for å vera,vil eg leggja fram nokre av mine tankar um saki.

1. Det målet som eg hev funne hjå Indrebø,serleg målet i målsoga hev eg rekna for høgnorsk. Det hev vore mynsterdanande for min eigen målbruk. Då eg lærde målet var eg sume tider i tvil um kva som var rett og godt mål. Då slo eg fleire gonger upp i målsoga eller i anna som Indrebø hadde skrive. Elles hev det redaksjonelle målet i Vestmannen vore viktigt. I den fyrste tidi fekk eg gode råd um strukturen i målet frå Sigurd Sandvik og Eigil Lehmann.

Eg hev dessutan lese ikkje so reint lite av den høgnorsken som hev vore nytta i heile etterkrigstidi. Eg hev lese brev,utgreidingar og lagspapir og ikkje minst ei rad bøker frå Norsk Bokreidingslag.

Når det gjeld ordtilfanget hev eg lært mykje av Halvdan Koht, Sigmund Skard, Rolf Thesen, Knut Liestøl,Olav Midttun og ei rad andre forfattarar. Eg hev alltid havt Indrebø til fremste fyrebilete for mi eigi rettskriving,men utan tilfang frå dei andre vilde det ikkje ha vore råd å halda målet mitt i hevd.

Målbruken til Indrebø hev for det meste vore eineform millom alle dei førande folki på høgnorsksida frå Indrebø og fram til ungdomar som nyttar høgnorsk i dag. Og ungdomar som nyttar høgnorsk i dag ser ikkje ut til å ha nokon vanske med korkje i-målet eller dei andre formene. No er det sume som tykkjer at i-målet og andre former i høgnorsken gjeng for langt. Dei vil kalla seg høgnorskfolk,jamvel um dei ikkje nyttar målet til Indrebø i eitt og alt.

Eg tykkjer det er grunn til å retta sterke mottankar til eit slikt syn.

2. Det vert sagt at ein treng valfrie former. Valfri utifrå kva ? So vidt eg veit er valfri form ei gradering utfrå læreboknormalen. Læreboknormalen hev hovudformer og jamstelte former,medan valfrie former er lovlege å nytta for skuleelevar og andre som vil skriva innanfor gjeldande rettskriving. Denne graderingi vert meiningslaus frå vår kant. Skulde nye former takast inn i Indrebø-målet/målsoga-målet, måtte det vera som jamstelt former. For me hev det ikkje med å gradera former. Me vil ha ein fri målvokster. Det er det som gjev framgang. Det er mynstermålet,det beste målet, som skal styra for oss. Det er det som hev halde uppe ei rørsla av medvitne målfolk. Samlingar av meir moderate målfolk hev ikkje greidt å halda det gåande. Dei hev vorte uppsogne av det offisielle, det utflytande og avslepande. Det er mynstermålet til Indrebø som skapar eldhug den dag i dag.

Dei formene som sume vil ha med i høgnorsken i dag. Dei hev ikkje nokon vanske fyre seg. Desse formene hev då full rett og rang fyre seg i offisiell rettskriving i dag. Dei som vil nytta former som ikkje er høgnorske, nyttar for det meste det som er offisiell nynorsk. Dei må gjerne slutta upp um høgnorsken,men då må dei vera so ærlege at dei segjer at det er dei uoffisielle formene dei vil strida for. Det er mynsterformi til Indrebø som må vera farleidgjevande,ikkje det som er offisiell rettskriving. Den hev me meir enn nok av.

3. Det finst fleire former som er avstikkande eller inkonsekvente. Dersom ein byrjar å fila på høgnorsken fører det berre til at mynsteret kverv og at ein fær eit mål med mange fylgjebrot. Der skjer nett det same som når elevane på den eine sida skal læra læreboknormalen og på den andre skal skriva fritt ut frå dialekten. Ein fær ei uppkløyving som korkje gagnar nynorsken eller målreisingi. Høgnorsken må vera ei motvekt her. Me kann ikkje gjera same feilen som det som er offisiell målpolitikk frå staten og skulesystemet. Me må stritta i mot. Difor må me halda fast på grunnformi. Denne grunnformi kjem ikkje til å vera eins, og hev ikkje alltid vore eins. Men me kann freista å halda henne so nært upp til Indrebømålet som råd. Dei som ikkje kjenner seg huga på å vera med på Indrebø-målet,fær kalla seg høgnorsksympatisørar. Slike trengst i aller høgste grad.

4. Høgnorskord og former gjeng att i ei rad ord. Ordi er faneord for meg,utan kvart einskilt av dei ser eg ikkje nokon grunn til å nytta former som heng saman med dei. Eg vert uviss på heile målbruken. Sume ord gjeng att i ei rad samansetjingar. Eg hev tvinga meg til å nytta sume ord i offisiell nynorsk,og skulde dei koma inn i høgnorsken,meiner eg,at ein vil trakka yver ein viktig terskel som skil høgnorsk frå offisiell nynorsk. Eg vil ha vanskelegare for å skilja måli i eit slikt høve. Det vil verta eit slit. Høgnorsken/Indrebømålet er det målet eg skriv utan vanskar. Når eg skal skriva offisiell nynorsk,lyt eg røyna meg. Då er det ein fest å koma attende til høgnorsken. Ein kann skriva som ein foss. Me treng ikkje å byggja demning mot fossen.

Sume gjeng frå høgnorsken og mot offisiell nynorsk. Dei kjenner seg pressa til det, og gjev seg. Det er eit gruppepress dei hev vorte utsett for. Anten so held ein fast på høgnorsken, og vert utstøytt frå fleirtalet av målfolki,eller so held ein seg i lag med det store fleirtalet. Eg meiner at denne tenkjingi må slåast attende. Dei som hev vorte glad i høgnorsken og som nyttar målet lett og greidt når dei fær skriva uhindra, må få vita at dei hev ein tropp attum seg som sluttar upp um målbruken deira. Det gjev styrkje og er byggjande.

5. Eg ser ikkje nokon grunn til å reformera høgnorsken med den prinsippielle strukturen han hev havt frå Indrebø og frametter. Dei som vil nytta einskildformer som dei ikkje finn hjå Indrebø, vil finna fram til desse formene på sitt eige vis. Høgnorskframgangen millom ungdom er sterkast millom dei som skifter målform. Dei som hev lært offisiell nynorsk held mest urikkande fast på det målet dei hev lært. Utan å yverdriva trur eg at eg kann segja at mange av dei unge og mest aktive høgnorskbrukarane ikkje hev lært nynorsk i skulen. Eg er sjølv millom dei som hev havt bokmål og skifta mål. Difor er problemet med dei som vil ha nye former inn i høgnorsken i stor grad eit problem for dei som hev lært nynorsk i skulen. Dei hev vent seg til ei rad offisielle skriveformer som dei hev vondt for å læra av seg. Det viser at skal me få nye folk med oss og ikkje minst folk som skal vera aktive,lyt me satsa på Indrebømålet.

Me i Vestlandske Mållag og Ivar Aasen Sambandet skal ikkje støyta folk ut,når dei er usamde i hovudlinone. Langt viktigare er det nok å knyta imåls- og Indrebømålsdogmatikken til andre saker som kann gjeva rørsla vår ein breidare profil.

Måtte Indrebømålet verta ei kjelda til målrikdom for alle som vil nytta godt mål. Og lat oss sleppa ei uppkløyving av høgnorsken som ingen er tente med. Høgnorsksynmpatisørar treng me,men me treng ein einslaga og utvitydig høgnorsk. Noko anna vilde vera sogelaust og i strid med det som hev samla folk i Ivar Aasen- Sambandet dei siste 33 åri. Lat idealet vera eins, og lat oss strekkja oss etter dette idealet.


Lars Bjarne Marøy, 20041002

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag