YMIST

De strategiske pedagoger

I fjor kom boki De nasjonale strateger av Rune Slagstad. I boki kjem Slagstad med sterke synsmåtar på samfundsutviklingi i etterkrigstidi, og han femnar yver fleire fagumråde. Eit fagumråde som Slagstad tek upp er pedagogikken. Slagstad er sterkt kritisk til utviklingi av Pedagogisk forskingsintitutt i Oslo. Han meiner instituttet vart styrd av eit positivistisk vitskapsideal som prega den sosialdemokratiske orden.

Mot positivismen og den sosialdemokratiske orden set Slagstad fram alternative pedagogar. Han tonar millom anna fram Erling Kristvik som i heile millomkrigstidi var ein sentral pedagog. Kristvik var pensumforfattarar for læreskulestudentar og andre som tok pedagogisk utdanning. Kristvik med fleire vert sette upp som ein andre front mot positivistane. Likeins vert Reidar Myhre tona fram av Slagstad. Myhre er pensumaktuell i pedagogisk utdanning enno med fleire sentrale verk.

Slagstad meiner Erling Kristvik vart skubba ut av det gode selskap på utidig vis. Og at framvoksteren for pedagogisk forskingsintitutt ikkje hadde rom for sjølvstendige tenkjarar. Difor vart Reidar Myhre uppmoda um å slutta, sakleg sett med formelle grunngjevingar, men etter Slagstads syn på politisk grunnlag. Satsingi på psykometrisk forsking med grundige uppsett og skjematiske utleggjingar av skuleelevane vart det rådande forskingsparadigmet i den sosialdemokratiske orden. Kritikken mot dette paradigmet kom fyrst på 1970-talet.

Pedagogen Erling Lars Dale hev reagert sterkt på Slagstads ytringar og framstelling som han meiner hev fleire kunnskapshol og som set dei ulike aktørane ut or den samanhengen dei stod i. I ei ny bok som heiter "De strategiske pedagoger" tek han til motmæle, og legg fram eit stort tilfang av biografisk dokumantasjon som tek Pedagogisk forskingsinstitutt i forsvar og som peikar på fleire veike sidor ved pedagogar i den andre front.

Dale meiner at Slagstad er langt frå å ha gjort nokon pionerinnsats med å setja seg inn i pedagogisk soga. Men Dale må òg vedgå at den pedagogiske sogeskrivingi i Noreg ikkje vore god nok. Det er eit fag som ikkje hev sett dei store linone godt nok på plass.

Men det er ikkje berre pedagogikk det handlar um i denne samanhengen. Det handlar vel so mykje um historiske- og samfundsmerkte analysar av den nasjonale soga. Slagstad meiner at Erling Kristvik var " overhodet "vestlandslærarens" ideologiske reinkarnasjon." Det vil segja at Kristvik var ein målsmann for målsaki som serleg vann fram i skulestellet. I mange tilfelle hev skulen vore nytta som mælestav for kor sterkt målsaki stod i det norske folket. Vestlandslæraren var den som førde målsaki ut til folket. Mange stader var det dei som fekk røysta nynorsken inn.

Men Kristvik var meir enn berre ein førande målsmann for målsaki. Den pedagogiske vengen som stod for folkedanning hadde i Kristvik "sin fremste mentor", skriv Slagstad s.100. Kristvik vert vidare knytt til ein Venstretradisjon. Anne Sethne var ei onnor viktig pedagogisk drivkraft i samtidi. Ho set Slagstad inn i den same tradisjonen. Dette er Dale avvisande til.

Han plasserar Kristvik i ein tradisjon som var knytt til ein pedagogisk strategi um nasjonalt folkefellesskap som hadde bakgrunn i tysk idealisme på 1800-talet. Tradisjonen frå Ole Vig, Ivar Aasen, Chritopher Bruun, Arne Garborg til Torstein Høverstad og Kristviks kulturprogram um Norig ein folkedaningsheim.

Denne tradisjonen vart uttevla av den historiske utviklingi og ein ny politisk vokster som Anna Sethne kann knytast til.
Dale skriv s. 51 :
"Anna Sethne hadde politisk tilknytning til arbeiderbevegelsen, men sosial tilknytning til den fremvoksende middelklassen. Hun er den mest sentrale reformpedagogen i denne tiden. I skolepolitikken kunne hun i mer eller mindre grad samarbeide med bymiddelklassen, som satset på sine individuelle karrierer, og med reformorienterte pedagoger som representerte lærerutdanning i fag for middelskolen og gymnaset. Motpolen på den pedagogiske arenaen var som nevnt Torstein Høverstad, særlig i 1920-årene. Han reprensenterer en tradisjonalistisk motkultur mot det moderne samfunnet. Vi kan identifisere det typiske i hans tradisjonalisme geografisk til "Fjell og Fjord. Norge", fjellbygdene på Østlandet og de indre fjordbygdene på Vestlandet,samt Trøndelag.

Kulturelt er dette " Fjell og Fjord-Norge" preget av det Kjeldstadli kaller "en nasjonal og demokratisk folkelig høykultur" en lys, grundtvigiansk kristendom og en allmenn humanisme med tro på menneskets evne til selv å foredle seg (s.144). Noregs Ungdomslag som en frilynt ungdomsbevegelse kan sees som typisk representant for dette pedagogiske program, der Norge var like viktig som Gud" (144).

Kjellstadli knytter vestlandslærerne til denne grundtvigianske kristendom og norskdom : "Gjennom vestlandslærerne som drog til andre kanter av landet" ble denne kristendom og norskdom "i praksis til norsk skoleideologi" (s.114). Denne skoleideologi led,som vi skal påvise i del II, nederlag i mellomkrigstiden. Et tegn er f.eks. At pensum på landsgymnasene ender opp med å bli "nesten det samme som i byskolene" (s.142). Nederlaget blir tydeligere jo mer den nasjonale og demokratiske folkelige høykulturen knytter seg til Den annen fronts motreaskjon mot det moderne samfunnet (Torstein Høverstad). Her betraktes byen i seg selv som en fremmed "fiende" som trenger inn utenfra og ødelegger grunnlaget for en nasjonal folkeoppdragelse."

Kristvik vert knytt til reformpedagogikken og han samarbeider med Anna Sethne og med den fyrste professoren ved Pedagogisk forskingsinstitutt, Helga Eng. Men etter krigen gjer Kristviks tilknyting til den tyske tradisjonen at han vert uaktuell, meiner Dale.

Sethne stod ikkje i nokon folkedanningstradisjon. Ho var interessert i reformpedagogikk.
Dale skriv :
"Den direkte metodes pedagogiske verdi" heter en artikkel av rektor Carl Knap fra 1921. Den er trykt i festskriftet til professor, dr. philos Otto Andersen, der også Anna Sethnes artikkel om effektivitet i undervisningen står. Artiklene viser til to versjoner av reformpedagogikken Carl Knap tar utgangspunkt i den høyere skolen og Anna Sethne i barneskolen. Interessen for pedagogisk forskning og opprettelsen av instituttet finner vi i denne kombinasjonen og ikkje i forlengelsen av en "nasjonaldemokratisk elite" med tysk idealisme og folkedannelse som idegrunnlag, slik Slagstad hevder (1998)." s. 97

Ein annan av dei pedagogane som Slagstad ynskjer å knyta til ein venstretradisjon er Herman Ruge. Dette avviser Dale.
"Det skjellsettende i denne terminologien er ikke skillet mellom to former for krav til oppdragelsen, men at han knytter pedagogikken til den moderne psykologien. Dermed er det gitt åpning for "skolefolkets" pedagogiske sakkyndighet, som igjen kan knyttes til forskning uten at en tar direkte del i den politiske striden. Her har vi en nøkkel for å forstå at den tyske idealisme med dens tilknyting til folkeånden ikke ble ansett for å være ren pedagogikk i den tanketradisjonen som Ruge representerer. Der blandes det pedagogiske sammen med kulturkrav med politiske overtoner. Ruge ser "konflikten mellom pedagogikk og kulturkrav" (s.80). Ruge er altså ingen representant for en nasjonal demokratisk dannelsestradisjon i Slagstads forstand." s.99

Dale uppsummerar Kristviks uaktualitet i innleidingsbolken med å segja :

"Skoleprogram rundt bondevenstre, basert på norsk- og kristendom, fikk som forklart aldri fotfeste i den høyere skolen i Norge.Når vi så beveger oss i tiden fra 1920 til slutten av 1930- tallet, lider denne tradisjonen som var opptatt av å finne folkeskolens dannelsesgrunnlag i det som var (sic) særegne norske i språk, diktning og historie, nederlag i forbindelse med de nasjonale læreplanene som ble utarbeidet i siste halvdel av 1930-tallet" s. 103. Det var altso ikkje rom for Kristviks tankar. Folkehøgskulerørsla, landsgymnasi og uppskulingi av den legendariske vestlandslæraren tok slutt.

Dale hev skrive ein lang bolk um Kristvik på umlag 100 sidor. Eit av Dales hovudankepunkt mot Kristvik som gjeng att i heile boki er at Kristvik ikkje hev eit fullgodt rettsstatleg fundament for tenkjingi si. Og Dale er ikkje snaud i umtalen sin av Kristvik.
"I forhold til rettsstatlig sakkyndighet (Andenæs og Castberg) ser en at demokratispørsmålet forenkles hos Kristvik/Bergsgård, særlig når det gjelder spørsmålene om maktfordeling. Selv om en ikke endte i Nasjonal Samling, utvikles ikke i denne tradisjonen grunnleggende drøfting av maktfordeling, parlamentarisme, statsborgerskap, borgerrettslig og representativt demokrati som selve kjernen i oppdragelse i og for demokrati." s. 408

Dale meiner at det rettslege ikkje fær ein sjølvstendig status innanfor den andre fronten. Rettsspursmål vert av mange i den andre front sett på som noko som ikkje hev ein eigen status. Den kulturelle vilje vert sett upp som rettens maktgrunnlag. Retten vert eit produkt av folkeåndi som hev ovra seg gjenom ein langvarig organisk vokster. Både Høverstad og Kristvik operar innanfor denne statsfilosofiske ideen, slær Dale fast. Og denne uppfatningi av rettens tilverting verkar samstundes som eit program for rettsutviklingi. For Høverstad vart dette eit program for atterreising av norrøn livskunst. Kristvik hadde eit program om "folkesamfunnets nasjonaloppdragelse" som grunnlag for ei eventuell statleg kodifisering (som høyrer til sivilisasjonen) av den kulturelle rettsviljen.

" Et fellesskap for forskjellige versjoner av Den annen fronts politiske tenking er kritikk av "liberalismens stats og rettsoppfatninger". En kritiserer den oppfatning som sier at "folkesuvereniteten" er et juridisk begrep. Vi står her igjen overfor et avgjørende spørsmål. I Den annen front oppfattes "folkesuvereniteten" ikke i forhold til en rettsstat, men i forhold til at suvereniteten har en "nasjonal, folkelig og sosial fylde" (jf. Castberg, Dogmer kontra fredspolitikk, s. 13). Staten blir ikke oppfattet som et "samfunn av borgere" som en særskilt del av samfunnets helhet, men at staten "samler i seg alle slektenes grunner, apirasjoner og interesser". Dermed blir staten bar å forstå som uttrykk for en sosial, folkelig og nasjonal aksjon." S. 412- 413.

Dale gjeng inn på synet på Folkestyre og maktfodeling. Han viser til Arne Bergsgård. Tilhøvet millom folkestyre, maktfordeling og parlamentarisme vert teke upp av Dale. Han vil visa at soga og den politiske teori er "skrevet ut fra en uholdbar forståelse av folkestyre." Bergsgård hevda tankar om å gjeva vilkår for evner og personlegdomar av høgste rang som grunnlag for førande og sterke regjeringar retta mot fårane med parlamentarisk utgliding. Dette er en typisk tenkjemåte innanfor den andre front, hevdar Dale. Jamvel um Bergsgård hev sans for det liberale idemokratiet skriv han i 1934 at demokratiet kann take upp i seg og nytta ut praktiske element av alle riksskipnader, òg diktaturet. Bergsgård vil ha verkekraftige regjeringar der leidarane ikkje vert hindra av alle slags parlamentariske umsyn.

Og Dale held fram : " Det er ingen nødvendig linje fra Rousseau til Quisling. Vi kan f.eks. gå fra Rousseau via Immanuel Kant, John Stuart Mill frem til Frede Castberg. Men i en annen linje fra Rousseau finner vi Høverstad og Kristvik. Selv om denne linjen ikkje ender med landssvik, som altså er et juridisk begrep, er det prinsipiell likhet på dette ene punktet i tankestrukturene hos Høverstad og Kristvik og Quisling : retorikken om folkets og nasjonens livsvilje. Høverstad eller Kristvik er, om enn på ulik måte, begge utflytende i sine grenser overfor "vilkårlige påstander og krav" om folket som en real vilje. Castberg er derimot ikke utvetydig. Folkesuvereniteten må knyttes sammen med "forestillingen om representativt styre". S.418- 420 Dale hevdar at Slagstad ikkje hev sett seg godt inn i kritikken av Kristvik. Han hev berre bygt på P.M. Juul som var ein av kritikarane i 1950-åri : " Den tredje kritikk er av magister, lektor i pedagogikk P.M. Juul. Han skrev et innlegg i Pedagogen ("Skal en lærebok i pedagogisk psykologi gi uttrykk for et bestemt livssyn?"- nr. 4 1952) - og som er det innlegget Slagstad har konsentrert seg om i sin fremstilling i De nasjonale strateger." Juull driv forenkling og Slagstads framstelling vert soleis ikkje representativ, meiner Dale. S. 437 So til konklusjonen : s. 439 "Konklusjon : Erling Kristviks samfunnstenkning om et etnisk-kulturelt nasjonsfellesskap kan ikke tjene som betingelse for et borgerrettslig og representativt demokrati. Hans biologisme og driftsteori, hans samfunnstenkning og politisk teori representerer ingen demokratisk gave til det moderne samfunnet mens hans pedagogiske tenkning representerer en aktuell utfordring."

Dale gjeng inn på Reiar Myhres forfattarskap og tenkjing. Myhre representerar ei forskyving i den andre fronten. Etter gjenomgangen av Myhre og ein kort presentasjon av pedagogane Herman Ruge og Einar Høigård konkluderar Dale :

" Disse to, Einar Høigård og Herman Ruge, representerer ikke Den annen front i pedagogikken selv om Høigård har et "kristent livssyn" og Ruge har sans for eksistensialistisk orientert undervisning på 1950-talet. Torstein Høverstad, og på enkelte punkter Erling Kristvik representerer imidlertid denn annen front? Men Myhre bygger ikke videre på dem. Myhre representerer 1950-tallets foskyvning innenfor den annen front som reduserer Erling Kristviks betydning i norsk pedagogikk."

På 1970-tallet kom det upp ein kraftig kritikk av det som vart uppfatta som ein positivistisk pedagogikk. M.a. dette førde til at den andre fronten med Reidar Myhre hev vorte til etablert pedagogikk. Myhre var i 1987 den meste lesne forfattaren millom pedagogikkstudentane ved Universitetet i Oslo. S. 488

Hans Skjervheim vart nytta av dei som stod for den andre fronten. Det galdt både dei studentane som var prakis- og aksjonsorienterte i 1972 og dei som ynkste å etablera tysk åndsvitskap innanfor råma av Den andre fronten i pedagogikken. Hans Skjervheim kunde ha hjelpt fram ein rekonstruksjon av empirisk forskning i pedagogikken.Skjervheim gjorde likevel ikkje noko til sjølv å kontituera eller rekonstruera pedagogikken som etablert vitskapleg disiplin. S. 517.

Dale gjeng grundig igjenom pensumrelevant utdanningsfilosofi, læreplanfilosofi og relevant "undersøkjingsmetodikk og forskingsorientering" ved Pedagogisk Forskingsinstitutt. Denne gjenomgang syner at det positivistiske metodesynet ikkje er totalisert, slik kritikken hevda. Kritikken som Den andre front hev retta mot instituttet hev vore og er ekstremt unyansert og held ikkje mål på einskilde punkt, slær Dale indignert fast. S. 527

Dale rettar tvo kritikkar mot Den andre fronten :
Dale kjem inn på ein ny daningsproblematikk som Jon Hellesnes og Audun Øfsti reiste på slutten av 1960-talet. Dale held dessutan fram Klaus Mollenhauer i ei dryfting av akademisk lærdom. Dale meiner at Mollenhauer interessa for didaktisk teori for universitets- og høgskulepedagogikk vart underkjend i den alternativtenkjingi og praksisteorien som dominerte i kritikken av "den etablerte pedagogikken" på 1970-tallet. Interessa for å knyta kritisk, empirisk forsking til universitetspedagogikk vart ikkje teke vare på.

Den andre kritikken dreiar seg um eit avgjerande tema i pedagogikk som utdaningsvitskapleg forskningsdisiplin : "opdragelseteori" . Analysar som kritiserar irrasjonaliten id en tyske åndsvitskapen vert presentert. " Ved å trekke inn artikler fra boken Kritikk og krise i pedagogikken fra 1972 blir vi også i stand til å formidle ansatsene til den didaktiske teori med oppdragelsesteori med kritisk, empirisk forkning og nok en gang tilbakeviser legitimiteten i Den annen fronts pedagogikk slik den etablerte seg i Norge etter positivismekritikkens gjennombrudd." s. 543

Kristvik hev ein viss aktualitet reint pedagogisk. Dale skriv :
"Det er mulig å se relasjoner til Erling Kristvik her, nærmere bestemt avsnittet om rasjonell lærdom og oppdragelse påd et mest allmenne nivået i hans begrep om kultur og sivilisasjon. Men det oppstår problemer når en forlater hans mer rent pedagogiske tenkning om opplæring og oppdragelse og tar utgangspunkt i hans samfunnstenkning om folkesamfunnet og en nasjonaloppdragelse. Derfor blir det feil å koble Kristviks samfunnstenkning til Øfstis tanker om samfunnets danningsprosess som Øfsti mener universitetet inngår i (s. 137)." s. 551
Kristvik kann ikkje nyttast i same fylgd som Hellesnes og Øfsti av dei som vil kritisera arbeidarpartistaten i dag. Hellesnes og Øfsti argumenterar mot arbeidarpartistatens utdanningsteknokrati, men knyt seg ikkje upp til nasjonal folkedaning, men til at den akademiske daningi er ein læringsprosess som er formidla gjenomm vitskapen. Gjenom ei daningsfremjande akademisk utdaning vert akademisk daning òg politisk reflektert. I den samanheng er utsegni til Hellesnes um at daning gjeng yver i politisk teori og praksis adekvat, og likeins Øfstis utsegn um at studenten vert eit politisk dugande menneske gjenom å studera sitt fag på universitetet,hevdar Dale. s.555

Det som manglar hjå Øfsti og Hellesnes er ei klår institusjonelle forankring av dryftingi til ein utdaningsvitskap. Endå um Øfsti og Hellesnes primært er filosofar er det urimeleg å tolka deim som motstandarar av empirisk forsking, knytt til daningsproblematikken. Utan sans for empirisk kontroll kann filosofien endåtil um han er kritisk reflektert, risikera å vert naiv avdi dens eigen subjektivitet ikkje vert etterforska. Klaus Mollenhauer hev gjort det som Øfsti og Hellesnes ikkje hev gjort. Han hev knytt universitet og høgskule til didaktisk teori innanfor utdaningsvitskap.

"Den dryftingi som Dale gjer, segjer han, bryt "helt med Den annen front og dens praksisteori fra 1970-tallet i og med at vi fastholder, med Mollenhauer, dette grunnleggende sysnpunktet:
" På universitet og høyskole dreier det seg om læring gjennom vitenskap." s.563 Dale kjem fram til ein kritisk metodologi i utdanningsvitskapen med utgangspunkt i Theodor W. Adorno. Intellektuelt var det mogleg å gjera det alt i 1972. Men den positivismekritikken som dominerte i norsk pedagogikk i 1970-årene, la prosjektet dødt." s. 563

Utfrå denne ståstaden vurderar Dale Slagstads bok :
"Det avgjørende kritikkpunktet i Slagstads sosialpedagogiske tenkemåte er videre at forståelsen av akademisk dannelse, utdannet sakkyndighet, profesjonalisering forankret i den kritiske, empiriske dryftingi av universitets- og høyskoledidaktikk eller pedagogikken som kritisk empirisk utdanningsteori for oppdragelse, altså Del 111 i denne boken, ikkje får referansepunkt verken i vitenskapshistorien eller i den nasjonale historien." S.586

Heilt på tampen av boki set Dale upp ei rad funksjonar som utdaningi gjeng inn i. Her byggjer han på Hans Skjervheim. Funksjonane gjeld både tenesteverket (forvaltningssystemet) i samfundet og velferdsskipnader med reflektet sakkunnskap og med politisk praksis knytt til den offentlege meiningsdaningi som legitimeringsinstans for demokratiet. Innanfor eit slik råmeverk vert set Dale den akademiske daningi på universitetet representert ved Mollenhauer, Hellesnes og Øfsti, den verknadsfulle utdaningi med rasjonell upplæring (Kristvik), og subjektet si uppfostring til kritisk sjølvrefleksjon og sjølvstyring ( Adorno Giesecke og Mollenhauer). " Det liberale dilemmaet kan så, sammen med den politiske teori til Frede Castberg og Johs. Andenæs,utgjøre rammen for en forståelse av pedagogikkens historie og fremtid i en samfunnsmessig kontekst."


Lars Bjarne Marøy, 20040724

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag