YMIST

Erling Kristvik og ein nynorsk pedagogikk

Kristvik var ein framståande pedagog i millomkrigstidi, og han markerte seg med å skriva ruvande lærebøker for lærarstudentane i denne tidi. Kristvik vart eit aktuelt namn etter at Rune Slagstad drog han framatt i boki si "De nasjonale strateger" i 1998. I 1999 kom det ei ny bok som m.a. tek fyre seg Kristviks pedagogikk og livsgang. Den nye boki heiter "de strategiske pedagoger". Forfattaren er pedagogen Erling Lars Dale.

Pedagogen AsbjørnTveiten meiner at det finst grunnlag for å snakka um ein nynorsk pedagogikk kring 1910. Fleire nynorskbrukarar hadde markert seg med litteratur alt då og i tiåret som kom vart det fleire. Mattias Skard og Henrik Kårstad var fyrst ute. Likeins var Andreas Austlid tidleg ute. Austlid vart kjend som lærebokutgjevar og leseverket hans vart ein klassikar for ungdom som fekk si utdaning på nynorsk. (Dessutan er det verd å merka seg at Bernt Støylen og Peter Hognestad dreiv undervisningsarbeid saman frå 1890 åri og nokre år frametter.LBM) Alt i 1910 var nokre av hovudbøkene i pedagogikken på nynorsk.

Erling Kristvik skulde koma til å verta ein av dei mest markante nynorskpedagogane i millomkrigstidi. Han var fødd i 1882 og døydde i 1969. Karrieren hans i skulen tok til i Volda. Han arbeidde ved lærarskulen i Volda i bolken 1908-1913. Frå 1913-1915 var Kristvik ved Møre Folkehøgskule i Ørsta. Frå 1915-1923 var Kristvik overlærar på lærarskulen i Tromsø. Med undantak for skuleåret 1920- 1921 då han underviste i eit lærarhøgskulekurs på Bondi Asker saman med Torstein Høverstad. I åri 1925-1930 var Kristvik skuledirektør i Nordland og Troms. Frå 1930- 1946, med undantak for krigsåri då han vart utvist, var Kristvik rektor ved Volda lærarskule.

Ved inngangen til 1920-talet kom Kristviks fyrste bøker. Kristviks fyrste bøker høyrer til genren pedagogisk sosiologi : Folkelagnad. Tankar um samfund og kultur ( 1920) og Læraryrket. Innføring i Pedagogikk (1925).Kristvik vart pensum for lærarskulestudentane i ein 40 årsbolk.

Kristvik må lesast inn i ein kontekst. Han var ikkje av dei fremste handlingsstrategane som Rune Slagstad talar um. Men Asbjørn Tveiten meiner me kann skyna Kristvik utfrå ei inndeling som Gunnar Skirbekk hev gjort. Skirbekk talar um handlingsstrategar på den eine sida. Det var slike som Fredrik Stang og Einar Gerhardsen. På den andre sida snakkar Skirbekk um dei prismatiske strategane. Det var slike som braut tankane i tidi, slik at me kann sjå det karakteristiske i samtidi gjenom deira perspektiv. Kristvik er ein slik prismatisk strateg. Han er etter Tveitens meining det einaste originale tilskotet til den norske pedagogikken.

Kven var so Erling Kristvik. Kristvik var mangslungen. Han var måldyrkar. Han laga nye ord som mange fekk godhug for og som mange undra seg yver. Eit av desse var ordet næmingshått som mang ein lærarskulestudent laut læra seg. Kristvik var på mange måtar ein forskar, men han hadde neppe nokon gong forskingsfri. Bøkene hans vart skrivne attåt ei hard lærargjerning. Kristvik stod upp ved 5-tidi og sette i gong med skrivingi beinast fyrr arbeidsdagen tok til.

-Kristvik var ingen strateg. Han støytte frå seg mange av dei som elles skulde ha vore hans beste hjelpesmenn. Han handla ikkje til fyremun for sitt eige pedagogiske program. Han køyrde so hardt ut mot motstandarane sine at han ikkje kunde venta seg å vinna nokon tilslutnad der, same kor geniale tankar han elles kunde lansera.. Trass i dette var han ein utruleg kunnskapsrik mann. Han var vel inne i skandinavisk pedagogikk, i tysk og fransk pedagogisk litteratur. Desse kunnskapane drog han jamnt veksel på.

-Politisk var Kristvik klår. Han var imot politikk. Han var med eitt ord apolitisk. Skulen skulde ikkje styrast av politikarar. Det var foreldri som skulde vera skulens uppdragsgjevar og ikkje nokon statleg instans. Desse tankane kom naturleg nok i veldig konfrontasjon med den sosialdemokratiske einskapsskulen, og det førde med seg at Kristvik vart totalt tilsidesett og skubba ut i den kalde gløymsla på 1950-talet.

- Ein hovudtanke i Kristviks pedagogikk var at pedagogikken skulde fremja mogningi for foreldri. Det var det barnekjære mennesket Kristvik vilde hjelpa fram. Velferdi til barnet var det høgste bodordet for Kristvik. Samarbeidet millom heim og skule var avgjerande for at arbeidet skulde verta vellukka. Foreldri måtte engasjera seg mest råd i skulen.

Læraren skulde leva seg inn i barnehugen. Han skulde vera herre og ikkje tenar. Eleven lyt veksa og læraren minka, elles vert ikkje upplæringi vellukka.

Kristvik rekna med ein samanheng millom det biologiske og det historiske upphavet til menneski. I dette utgangspunktet var kvinnone yverordna. Det var kvinnone og det feminine som var det parentale eller foreldrehåtten. Denne håtten laut aukast fram. Medan den maskuline parasittiske håtten, eller snyltarhåtten laut minkast ned. Det vilde føra mannen fram til jamstelling med kvinna.

Ein skulde tru at tankane um foreldrestyrd skule og framauking av det kvinnelege av moderhåtten, vilde gjera Kristvik aktuell, men desse tankane nytta Kristvik til å forsvara at kvinnone skulde vera heimeverande og til å kritisera urbaniseringi. Det var ikkje alltid serleg umtykt, og det vart rekna for avaldra synsmåtar utyver på 1950-talet.

Kjeldor henta frå fyredrag av Asbjørn Tveiten i Vestmannalaget 17 februar og frå Erling Lars Dale, de strategiske pedagoger.


Lars Bjarne Marøy, 20040724

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag