YMIST

Høgnorskdagane 98 - Lovnadsrike høgnorskdagar

Høgnorsksamlingi i Volda på Sunnmøre i tidi 5/6-7/6-1998 var eit sers vellukka tiltak. Frammøtet no på kanten av skulefritt og sumarferie var betre enn sume hadde ottast, kring 30 ihuga deltakarar var innum Raudekrossbygget. Det var ei livfull tilskiping med god stemning og friske ordskifte. Dei aller fleste som møtte fram var ungdom, men utan innslag av eldre årsklassar var det ikkje.

Innleidarar var Håvard Tangen frå Vestfold, no buande i Oslo, Vincent Eye Færavåg frå Stord, Arne Holmin frå Volda, Terje Torgilstveit frå Bergen og Lars Bjarne Marøy frå Bergen.

Vestmannen hev vore i samband med Olav Torheim i Volda og Ørsta Målungdom og sume innleidarar etter tilstellingi, og dei er samstemde um at samkoma var vellukka. Og det er den fyrste samlingi i sitt slag på Sunnmøre etter krigen. Kanskje kann dette verta eit årvisst tiltak, segjer Olav Torheim.

I alle høve er det ei tilstelling som Volda og Ørsta Målungdom skal ha takk og heider for.


Jostein Krokvik, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag