YMIST

Høgnorsk eller harrysøl?

18. desember kom Oddrun Gribbestad med eit svar i Sunnmørsposten til Volda/Ørsta Målungdom. Gribbestad vil verja det grove brotet på nynorsk rettskriving som Kalvø gjer seg skuldig i (Norge i staden for Noreg) og ho neittar å tru at det kann vera ungdomar som stend attum lesarbrevet vårt. Til det er målet vårt altfor arkaisk og gamalvore. Kven er det som enno nyttar ord som «upp», «mynster» eller «dessar», spyrr ho.

Sanningi er snarare den at det i våre dagar er målblandarane og samnorskarane som sjølve er åt å verta arkaiske. Dagsens ungdom vil ha ein nynorsk som ikkje berre daudar burt av seg sjølv etter å ha vorte utvatna av bokmålet, og i Volda og Ørsta Målungdom hev me synt at det enno let seg gjera å fremja nynorsken i pakt med dei ideali som Aasen lagde fram. Ivar Aasen gav den norske målreisingi eit vitskapleg grunnlag, og ordi Gribbestad dreg fram er gode døme på det.
Den offisielle skulenynorsken er full av rot og inkonsekvensar. I ljodverket er kaoset fullkome, for verbet å lyfta finn du td. formi «lyfta» som hovudform og «løfta» som sideform, vidare «fyrst» og «først» som jamstelte former for adverbet fyrst og sistpå hev me for substantivet bylgja fenge «bølgje» som hovudform med «bylgje» som sideform. Då var det betre slik Ivar Aasen gjorde det. Han nytta typeformer med konsekvent y-vokal, som med substantivet mynster, eit av ordi Gribbestad kallar gammalmanns-mål og som er totalforbode i dagsens nynorsk.
Og slik kunde me halda fram, me kunde spyrja kvifor ordi kopp og upp skal ha same skrivemåten når dei vert uttala ulikt (på Sunnmøre «kåpp» og «opp», i andre målføre «køpp» og «upp») eller kvifor me lyt skriva ordi um og dum ulikt når me uttalar dei likt. Samnorsksynet hev vore tufta på politikk, ikkje vitskap.

Eit av dei fremsta samnorskdogmi hev vore at alle mål er like gode og at det viktuge difor er å sleppa til det «naturlege» og «folkelege» målet. Dette dogmet vert i våre dagar attendevist av moderne vitskap. Når Ribbestad segjer at ho ikkje vil ha eit museumsmål, skal ho vita at det er ho sjølv som med åtaki på Aasen-målet er med og set nynorsken på museum. Gjenom 60 år er målet vårt stødt vorte brigda på og lempa etter norskdansken, dette for å føra bokmål og nynorsk saman på det dei kalla «norsk folkemåls grunn». Med eit sovore endemål kann nynorsken naturleg nok aldri verta anna enn avleggs og gamalvoren.

Gribbestad avsluttar innlegget sitt med å hævda at det er me og ikkje Are Kalvø som er «harry». Men Kalvø hev då sjølv definera harry som å vera «ualminnelig alminnelig». Framleides er det diverre lettare å segja det um synsmåtane hennar Gribbestad enn um målet vårt.

Rune Lystad og Åsmund Fannemel, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag