YMIST

Eit forsvar for tradisjonalistane

Mål og Makt hev undra meg mykje når det gjeld målpolitikken på 1950-talet. Utan retting let bladet prenta ei innleiding av historikaren og forskaren Fredrik Thue der Thue uttalar seg totalt utan skyn um norsk målpolitikk på 1950-talet. Eg viser til Mål og Makt nr. 4. 1998. S.11. Her skriv Thue :" Noregs Mållag møtte Riksmålsforbundet over bordet i Norsk Språknemnd". Her viser Thue ei so stor kunnskapsløysa um norsk målpolitikk at han likso godt kunde ha sagt at Noreg var i union med Danmark til 1905. Det største poenget i norsk målpolitikk var nemleg at Riksmålsforbundet protesterte ihuga mot Norsk Språknemnd på heil 1950-talet, og at Noregs Mållag ikkje var med av di høgnorskarane stod so sterkt i organisasjonen. Det var soleis med interessa eg såg at Håkon Kolmannskog hev teke upp målpolitikken på 1950-talet til nærmare dryfting. Eg vonar eg kann hevja kunnskapsnivået um målpolitikken på 1950-talet for Mål og Makts lesarar nokre hakk. Difor triv eg til pennen.

Håkon Kolmannskog hev ein artikkel i Mål og Makt nr. 3. 1999 Her vil han forklåra tvo spursmål.

  1. Kvifor gjekk målrørsla frå å ha sterk framgang i millomkrigstidi til attendegang i etterkrigstidi ?
  2. Kvifor fekk Riksmålsforbundet aukande tilslutnad i etterkrigstidi ?

Kolmannskog meiner at urbaniseringi etter krigen var ein faktor som veikte målrørsla. Dessutan slær han fast at målrørsla studde Norsk Språknemnd. Det fyrste kann det var noko i.

Det andre er feil. Målrørsla studde ikkje Norsk Språknemnd. Då byggjer eg på den vanlege uppfatningi av målrørsla som dei institusjonane og miljøi som arbeier for nynorsk. Um ein er velviljug kann ein definera målrørsla som Noregs Mållag, men Noregs Mållag var ikkje ein gong representert i Norsk Språknemnd. Noregs Mållag var kritisk til skipingi av nemndi i det heile. Ei heilt onnor sak er det at ei rad einskildpersonar med tilknyting til undervisningsinstitusjonar, departement, Nrk, Samlaget, Den norske Forfatterforening og Norsk Presseforbund fekk plass i Norsk Språknemnd.

Ei tridje grunngjeving frå Kolmannskog er at DNA var i utakt med folket. Tilnærmingslina var for hardkokt materialistisk. Riksmålsforbundet kunde fremja kulturen som ein brodd mot denne einsrettingi. Dette kann det vera noko i.

Etter å ha kome fram til desse løysingane byrjar Kolmannskog å dryfta kontrafaktiske løysingar som kunde ha ført målrørsla frametter. Han skil her millom tvo målpolitiske retningar.

Tradisjonalistane og tilnærmingsfolki. Tradisjonalistane var for det fyrste ikkje i stand til å sjå utyver den rettskrivingsstriden dei sjølve var med på å halda i live,hevdar han. Vidare var dei ikkje i stand til å meisla ut strategiar som svara til utfordringane i samtidi. Tilnærmingsflokken som var nett det og ikkje målrørsla jmf. ovanfor var derimot mykje meir framsynte. Dei analyserte den nye massekulturen frå USA og spurde kva dette hadde å segja for den norske målstoda og slik var det med mange andre spurmål òg.

Kjeldekritikk

Kolmannskog nyttar nokre sekundærkjeldor i form av bøker. Han er interessert i prerioden frå 1945 og frametter. Kor representative er desse kjeldone for det stoffet han skal taka upp. Bøkene er skrivne lenge etter at desse stridande gjekk fyre seg. Minst tvo av bøkene er skrivne av folk som hev interessa av å fylgja upp dei som vann fraksjonsstriden i Noregs Mållag, nemleg tilnærmingslina. Dei hev vore sterke aktørar i målpolitisk strid, og det er kjend kva dei stend for. For orden skuld nemner eg namnet på forfattarane Sigmund Skard og Lars Vikør.Vikør vert neppe fornærma um ein knyt han upp til eit tilnærmingssyn. Serleg når det gjeld Skard er det knytt metodiske vanskar. Skard var både aktør i målstriden og kjelda for Kolmannskog til kva som gjekk fyre seg

Eg skal gjeva nokre døme. Kolmannskog skriv at Skard kritiserte den strategiske lina til Noregs Mållag. Her reknar eg som premiss at strategi er meir enn rein ideologi som gjev seg utslag i målpolitiske priorieteringar som gjev resultat. I so tilfelle er det ikkje nok som Kolmannskog gjer å berre visa til kva Skard segjer. Han må faktisk vurdera det Skard segjer utfrå alternative kjeldor. Anten nøytrale målbare storleikar eller utfrå syn som motparten hevdar. Dei grunnleggjande spursmåli som må reisast er : Kva for ei lina kritiserte Skard og korleis kunde lina forsvarast. Det svaret på desse spursmåli som Kolmannskog vilde koma fram til etter ein slik gjenomgang vilde vera metodisk forsvarleg, um andre vilde kunna segja samd er ei onnor sak.

Lengre nede refererar Kolmannskog frå ein tale Sigmund Skard heldt på landsmøtet i Noregs Mållag i 1955. Her kritiserar han styret i Noregs Mållag for å ikkje vinna dei unge osb. Her vert Skard likeins referert utan at det vert reist kjeldekritiske spursmål.

Til dømes: Kva var utfordringane for å vinna dei unge ?, Hadde Skard løysingane ? Kann me finna ut um Skard hadde løysingane ved å driva kontrafaktiske studium. I det siste tilfellet kann me faktisk til ein viss grad gjera det. Skard var fraksjonsleidar for tilnærmingsflokken, og dryfte ei rad spursmål innetter i fraksjone. Eg viser her til sjølvbiografien Solregn. Dessutan var Skardflokken og Skard sjølv faktisk aktiv målarbeid sentralt fyrr 1955.

Dreiv tradisjonalistane godt målarbeid?

Dette var naturlegvis sterkt umtala i samtidi. Noko tilfang til å kasta ljos yver dette kann ein finna hjå Vikør. Men ein kann ikkje utan vidare gå god for det Vikør skriv. Ein må vurdera tilfanget kritisk. Itillegget til dette finst det ei rad kjeldor som kann kasta ljos yver målarbeidet i form av samtidige avisartiklar og ikkje minst interne dokument. Det finst dessutan stoff i form av sekundærkjeldor.

Dette tilfanget er stort og eg hev ikkje høve til å gå inn på alt. Eit hovudpunkt i kritikken mot tilnærmingsfolki er at dei var likesæle og uppgjevne til å driva målarbeid. I 1934 førde striden kring tilsetjingi av riksprogramsjef Midttun til at i-målet vart uppgjeve av fleire av dei leidande målfolki austpå. Ein laut brigda mål, um ein skulde koma vidare med målsaki, og ein måtte vera budd på at samnorsk var det mest realistiske. Dette er ein grunnleggjande premiss.

På Vestlandet stod det gamle målreisingssynet like sterkt mange stader. Det vart styrkt av Indrebø-saki i 1934 som vart til vinning for målstridsviljen. Indrebø kjempa for ytringsfridom, og vart dømd av sneversynte riksmålsfolk. Den folkelege entusiasmen vart styrkt av dette. Og Indrebø og målsaki vann offentleg umdøme vestpå.

Lat meg so gå meir konkret til verks. Eg skal her syna døme på den strategiske lina til tradisjonaliastane. So kann lesarane sjølve døma yver um tradisjonalistane var ute av stand til å sjå utyver den rettskrivingsstriden dei var del av, slik Kolmannskog hevdar. Eg skal her nemna nokre moment til forsvar for tradisjonalistane.

  1. Striden for nynorsk universitetsmål ved universitetet i Bergen var ei viktig sak for Noregs Mållag. Difor vart det sett ned ei nemnd som skulde arbeida med saki. So vidt eg hugsar er dette nemnd hjå Vikør. Men det stend ikkje noko meir um heile saki. Her manglar det altso kjeldor. Desse kjeldone let seg skaffa fram gjenom tilfang som høyrer lagssakene til Vestlandske Mållag til. Det er elles råd å lesa seg til dette i pressa og andre stader, um ein hev høve til å leita seg fram til dei rette kjeldone.

  2. Kva finn ein so fram til jo. Vestlandske Mållag arbeidde ihuga for at det skulde verta nynorsk universitet i Bergen. Laget fekk laga utgreidingar um emnet i samarbeid med m.a. Peder Hovdan. Laget sanka offentleg tilslutnad til saki gjenom eit utal av undervisningsinstitusjonar på Vestlandet og gjenom fem fylkesting og ei andre lag og institusjonar og ei rad einskildpersonar. Den kjende tilnærmingsmannen Martin Birkeland sat i styret for Bergen Museum som skulde verta universtitetsstyret. Han såg burt frå alt det arbeidet som Vestlandake Mållag hadde gjort når det kom til røysting yver kva målbruken til det nye universitetet skulde verta. Han bøygde seg for kravet um at lov um jamstelling skulde fylgjast. Det borga i praksis for at styringsmålet vart bokmål og at nynorsken vart sett på andre plass. Den strategiske lina til tradisjonalistane var klår. Dei vilde ha ei heil målreising. Tilnærmingmannen sa nei.

  3. Korleis vart Noregs Mållag drive etter krigen frå 1945 og fram til 1955 ? Då Skard klandra tradisjonalistane for å ikkje driva godt nok målarbeid. Då Skard sende ut brev til alle lagi i Noregs Mållag og klandra styret for å ikkje driva godt nok målarbeid, svara Hans Aarnes med ein gjenomgang av målarbeidet frå 1945 og frametter. Hans Aarnes var tradisjonalist. Svaret hev nemningi klagebrev.

  4. Det vart fyrst halde årsmøte i 1946 i Bergen. Tilnærmingsmannen, Hans Eidnes, vart formann. Vestmennen hadde stort fleirtal og kunde ha valt kven dei vilde, men dei var samarbeidsvenlege. Hans Eidnes og styret hans kalla ikkje inn til årsmøte i 1947. Fyrst i 1948 vart det kalla inn til årsmøte. Viktig tid vart spilt med dette. Dette underbyggjer det synet at likesæla millom tilnærmingsfolki var stor.

    Hans Aarnes vart vald inn i styret i Noregs Mållag i 1948. Han fekk då vedteke ein triårsplan som innebar lagsbyggjing og auka medlemssanking m.m. Økonomien skulde styrkjast, og det skulde sendast ut lagsblad. Aarnes sat sjølv i arbeidsutvalet. Hans Eidnes sat der likeins. Aarnes ivra for å få send ut lagsbladet Bodstikka, so målfolket kunde varslast og mobiliserast mot riksmålsagitasjone. Tilnærmingsmannen Eidnes svara nei me vil ikkje kappspringa med kalvar. Aarnes laut sjølv få sendt ut Bodstikka, utan hjelp frå Eidnes.Tradisjonalisten såg lengst. På årsmøtet i 1949 vart Sigmund Skard vald inn i styret. Skard vart leidar for arbeidsutvalet. Aarnes hadde tru på at den nye formannen. Asbjørn Øverås og Sigmund Skard skulde få fart på målarbeidet og fylgja upp triårsplanen. I tillegg til triårsplanen vart det dessutan vedteke, etter framlegg frå Aarnes at det skulde arbeidast for å skipa fylkeslag i alle landsluter, at alle norsklynde ungdomslag skulde få tilby um å melda seg inn i Noregs Mållag, pressetenesta på kontoret skulde betrast osb. Det vart gjord lite fram til 1950, og Skard gjekk ut or styret i 1950. Aarnes peikar gjenom brevet klårt på at røtene til målattendegangen låg i dei viktige fyrste åri frå 1945-1952. So kann ein naturlegvis kritisera det høgnorske regimet som kom til makti i 1952 og sat til 1956. Men då må ein jamføra med tidi fyrr og etter denne fireårsperioden.

  5. Nokre kuriosa kann nemnast. Tradisjonalisten Olav Hoprekstad var i stand til å arbeida fram og stod i mange år i front for Vestlandske Lærarstemna som hev vore eit sers viktig forum for pedagogiske ordskifte heilt fram til i dag. I ei bok Hoprekstad skreiv um Vestlandske Lærarstemna kann ein studera kva tankar han og andre tradisjonalistiske målfolk gjorde seg um strategiar i skulen og i kulturelt arbeid. Dessutan kann nemnast at tradisjonalisten Olav Hoprekstad greidde å få gjeve ut Norsk Allkunnebok.

  6. Fleire kjeldor kann leggjast fram. Her hev eg berre vilja leggja fram eit grunnriss av det perspektivet som tradisjonalistane stend for. Eg tek gjerne eit ordskifte med nærare etterrøknader.

Konklusjon

Etter mitt syn vert det for snevert å berre halda seg til dei bøkene av Skard og Vikør som Kolmannskog byggjer på som einekjeldor til viktige delar av målsoga. Ein må vera kjeldekritisk. Elles fær ein eit skeivt bilete av kva målrørsla stod for. Itillegg må ein søkja meir aktivt etter kjeldor som kann underbyggja synet til tradisjonalistane, og ikkje avvisa dei slik som Kolmannskog gjer.


Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag