YMIST

Um å vera fålkele

I desse Hundreåre (desse = dativ for dette) har dæ (æ blir mest uttala likt e) vårte svalla mykji um å væra fålkele. Og den aigenskapen har vårte spesielt høgt verdsett her i lande ser dæ ut får. Mange vilja endåte ha uss te tru at målstri'n æ ain fålgji tå ai slik grasrot- dyrkjing.

Dæ æ nåk noko i di, men me her i fjellbygdo bi gjedne lite sjeptisk (me burde i alle fall bi dæ). Når dæi sokalla fålkemålsforkjemparadn leggji ut um ko finnt dæ ska bi bærre me få skrive såm me svalle, samtidig som dai helst jåymæ burt alt såm minna um Ivar Aasen og gamle Nåri (Noreg). Den såm uppleve noko slikt, og attpåte æ so heldig at'n sjøna dæ'n ser å håyre, han kunna få lyst te svara dai noko slik ai gång: Dæ våre (konjungtiv) tærigt (fint) um me mæ' fått skrive såm me svalla! -Tru ko dai sjønt tå di?

Dette var ei prøve på tradisjonelt mål frå ål i Hallingdal. Når eg skreiv fyrste delen på dialekt, var det for å få streka under den meiningi eg gjerne vil ha fram i dette stykket.

Dei ulike linene og nyansane innanfor målrørsla vil det føre for vidt å gje noko rett bilete av her. Det er eg heller ikkje kompetent til å gjera. Eg skal berre hefte eit lite bel ved nokre av dei sokalla dialekt- og folkemålsforkjemparane, og noko av det dei står for.

Eitt av dei argumenti som oftast går att, er vel dette om kor frigjerande det er å få skrive mest mogeleg likt det ein talar. Då kjem tanken mest uforfalska på papiret, og mange fleir kan nå mykje lenger, av di dei slepp hefte seg med framande ord og former.

Dette skal me ikkje blåse av, men det er likevel uklokt å drive denne mentaliteten for langt.... Tek me ein titt på målprøva ovanfor, ser me snøgt at ei nynorsknormering med grunnlag i Hallingmålet ville føre oss godt attende mot Aasen-normalen. Då blir det litt komisk at dei som ivrar mest for samsvar mellom tale og skrift, ofte er dei same som ivrar mest for å få vekk dei mest arkaiske dragi i nynorsken. Etter deira meining skal nynorsken vera eit skriftleg uttrykk for det levande folkemålet (NB! Det same har openlyse samnorskfolk som målsetnad for sitt språk).

Det store spørsmålet blir då: Kva er folkemål?

At solen og luften på Oslo vestkant ikkje er folkemål vil det fleste gå med på, sidan dette er ei form som markerer ei sosial grense mot dei på Austkanten. Men kva skal ein seia når alle sosiale lag i Bergen gler seg like mykje kvar gong solen tittar fram? Eller når Ranværingen hardnakka påstår at han er folkele? Trass i at dei som dyrkar folkemålet helst skriv folkeLIG. Sjølv om denne skrivemåten er identisk med vestkantmålet i Oslo, er han rekna for meir grasrotvenleg enn den offisielle nynorskformi folkeLEG!

Slik kunne ein finne døme i det uendelege. Skulle ein arbeidar i årdal tilfelleleg koma til å undrast over meiningi med livet, eller liknande store ting, kan han i alle fall ikkje vente hjelp av dei mest folkevenlege språkfilologane våre. Med mindre han ikkje legg om då, og spør etter meininga.

Av dette må me slutte at det er to språkgrupper her i landet, som båe er like store hindringar for folkemålet. I den eine høyrer den mest reindyrka norskdansken heime, i den andre kjem det mest reindyrka norske.

Det er soleis mykje ugras som må lukast bort frå den norske folkeåkeren før ein står åleine att med dei verdige berarane av folkemålet. Og har me fjerna nordlendingar, vestlendingar og fjellbønder + + , då står ein att med den jamne mannen i gata på sentral-Austlandet og i dei største byane. Med andre ord, dei so har dei mest bokmålsblanda dialektane.

No har me altso plassert det landsfemnande folkemålet geografisk og sosialt. Då kunne det vera interessant å gå eit steg vidare, og sjå litt nærare på kva oppgåver dette folkemålet er tiltenkt.

Kampen mot maktspråk er eit viktig stikkord i denne samanhengen. Maktspråk er det same som dansk/riksmål/bokmål, av di dette var eit godt middel sosieteten hadde til å halde breie lag av folket nede. Med minimal klasseskilnad og aukande skulegang, er ikkje dette noko stort problem lenger. Ein annan ting er at ein trass i alt sosialdemokrati aldri kan unngå at enkelte har meir makt enn andre i samfunnet, og det språket dei brukar vil naturleg nok bli eit maktspråk. Ein slik einspora kamp mot maktspråket ville og få den fylgja at me vart nøydde til å kjempe mot nynorsken i alle kommunar der nynorsk er administrasjonsmålet.

Interessant er det og at eit framhald på den søraustlege vridningi av nynorsken nettopp vil koma til å skapa eit nytt maktspråk. Ettersom ein stor del av det norske folket er busett på sentral-Austlandet, vil språket deira koma til verka som ein undertrykkjings-faktor i høve til folk i meir gris- grendte strok, om me skal hekte oss på maktspråk-tankegangen.

Det høver heller ikkje godt med verdsetjingi av folket og det folkelege at eit lite, avgrensa område - som alt er eit maktsenter - og skal få heile den språklege føremunen.

Noko anna me skal vera merksam på, er kva grasroti sjølv vil. Ynskjer folk på Austlandet eit anna skriftmål enn det bokmålet dei alt har? Ville dei ta til å skrive nynorsk dersom ein fekk inn jeg og ikke som valfrie former? Svaret er nei: Framvoksteren og attendegangen for norsk mål i Trøndelag syner at mekanismane i høve til språkval bryt fullstendig med lokke-politikken til dei sokalla folkemålsvenene (les målblandarane).

Nynorsk skulemål gjekk fram i Trøndelag heilt fram til etter krigen. Då lærebøkene med dei nye folkemålsformene (1938-normalen) kom på slutten av 1940-åri/byrjingi av 1950-talet, byrja attendegangen for nynorsk skulemål i Trøndelag. Dette skjedde trass i at nynorsken hadde nærma seg dei trønderske dialektane (og attendegangen har halde fram heilt til i dag). fylgje folkemålsvenene er det einskildmenneskets tilhøve til språket som er avgjerande. Styrken til eit skriftmål er synonymt med kor frigjerande målet verkar for den einskilde. Og frigjerande blir målet fyrst når det samsvarar mest mogeleg med talemålet til den einskilde; det blir lettare å skrive = meir pedagogisk. (Denne halvsagde tankerekkja kan i alle høve ikkje seiast å verka frigjer-ande: Kvifor skrive berre 50% pedagogisk, dvs. dialektnær nynorsk, og ikkje skrive 100% pedagogisk, dvs. dialekt?)

Når so røyndomen dei siste 40 åri ikkje høver med det pedagogiske skjemaet, gjev ein folket skuldi og hentar fram dei magiske løysingane: Fåkunne, framandgjering, maktkonspira- sjon, undertrykkjing osb.

Den største styrken eit skriftmål kan ha både pedagogisk og generelt, er at det er konsekvent. Etter rettskrivings-endringi i 1938, har nynorsken mist mykje av den konsekvensen han frå byrjingi hadde.

Meiningi med Ivar Aasens skrivemåte, var nettopp at han skulle vera samlande for heile landet - og at han skulle vera historisk rett.

Kvar er so logikken i at ein etter 1938 skriv: Den kvelden ville eg ut, når folk anten seier: Den kvelden vilde eg ut eller Den kvellen ville eg ut? Kunne det ikkje likegodt ha heitt: Den kvellen vilde eg ut, og korleis skal ein vanleg stakkar vita at det ikkje heiter det? Eller kva skal me seia når me må skrive - så - (så kom eg, men - hoppe -), når båe desse ordi har same vokallyden. Ein lyd som blir uttala noko ulikt kringom i landet;o-å-ø-, men der bokstaven -o- står som ein naturleg samnemnar for alle desse uttalevariantane.

- Var endringane i 1938 eit steg nærare folket, må me berre konstantere at dei var eit feilsteg andsynes både folket og språket. Skal me verne språket og tene folket på same tid, er det ikkje nok å meine at nynorsk i ein eller fleire av dei mange valfrie variantane er tøft. Lat oss heller tenkje på at enno, 175 år etter at Eidsvollmennene sette siste punktum for verket sitt, har ikkje Noreg som nasjon hatt vilje til å gjera vårt eige skriftmål, nynorsken, til landsdekkjande riksmål.

- Er det like tøft?

Ei gamal dame i Telemark skulle ein gong ha sagt at ho ikkje hadde mykje til overs for folk som vingla i fjellet: -Det er då berre å vita kvar du har gått det, og kvar du skal, so veit du kvar du er....

Slik er det i målrørsla og: Me kan ikkje lenger vingle oss bort på avstikkarar og blindvegar. Me må bli kjende med heile vegen vår, frå den fyrste starten og heilt fram til målet langt der framme over blånene. Fyrst då kan me få kjensla av at det er ein større fridom i språket. Ikkje eit lite stykke valfridom til å skilja bygdelagi. Men ein større fridom som ligg i det at kvar einaste levande nasjon treng sitt eige skriftmål...

Bodil Haug, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag