YMIST

Svar på tiltale

4 mai svarar Johan Brox på nokre innlegg m.a eitt frå meg.Brox meiner at eg hev lagt han mange rare ord i munnen.Etterpå argumenterer eg mot desse ordi.Det er eit godt gamalt retorisk grep,slær Brox fast.Dette med retorisk grep kjenner eg meg komplimentert av.Men at eg skal ha lagt Brox rare ord i munnen,er eg litt meir uviss på.Brox nemner eit døme.Eg skal taka fyre meg heile replikkvekslingi.Eg vert sitert av Brox.Denne ytringi var prenta i Gula Tidend.

"Dersom målrørsla skal koma vidare,må ho byggja på dei unormalisera dialektane.Medvitet um dialektane må styrkjast,og folk må verta vane med å leggja talen sin etter nynorsken og ikkje etter norskdansken."

Brox kommenterar ytringi i Dag og Tid 23 mars.

" Slik har målungdomar uttrykt seg så lenge eg har vore målmedviten.Det blir kryptisk for folk flest og komisk for kritikarane.Som når ein spelefilm er dårleg teksta,berre då merkar folk at det er gjort på nynorsk,ikkje om det er bra."

I Dag og Tid 6 april skriv eg :

"Dessutan avviser han (Brox) at folk flest er i stand til å få med seg at det er eit nytt målpolitisk poeng at folk bør leggja talen sin etter nynorsken."

Dette er ei tolking av det Brox skreiv 23 mars.Eg kann ikkje skyna at eg legg Brox rare ord i munnen.Brox spør kva det er han skal ha avvist.Eg meiner at det er viktigt å understreka at folk må verta vane til å leggja talen sin etter nynorsken,og eg gjer eit målpolitisk poeng av det.Når Brox skriv at slik hev målungdomar uttrykt seg lenge (so lenge han hev vore målmedviten),avviser han at poenget mitt er nytt,endå um eg lanserar det som eit nytt målpolitisk poeng.Eg er usamd i denne avvisingi,og det skal eg utdjupa noko meir enn i innlegget 6 april.

Brox undrar seg yver um det finst folk under 60 som kann skriva dialektnært høgnorsk med i-mål.Vel,dei som finst er sjølvlærde.Det er grensor for kva høgnorskrørsla hev greitt å stella upp med mot ein målpolitisk einevaldsstat.Men for å snu på flisi : Kor mange er i stand til å skriva offisiell nynorsk,um ein ser burt frå serskilt skriftkunnige folk t.d i forum som Dag og Tid ? Leidande personar i målrørsla hev freista å uttrydda mangfeldet innanfor det nynorske skriftmålet.I staden hev dei sett upp kvar einskild dialekt som normgrunnlag.Dei einskilde dialektbrukarane dyrkar sitt eige og skyr andre dialektnormalar av nynorsken.Når eg meiner at folk må verta vane til å leggja talen sin upptil nynorsken,meiner eg at dialektbrukarane må slutta med å gå utfrå at alt som høyrer til deira dialekt er det einaste dei kann nytta når dei skriv nynorsk.Nynorsken må atter verta eit skriftmål på norsk og høgnorsk målgrunn,ikkje berre ei rad målførenormalar.

Eg ventar ikkje at Brox vil godtaka at eg hev underbygt at han avviste det eg skreiv i Gula Tidend når han skreiv i Dag og Tid 23 mars.Eg ventar di mindre at han skal gå god for at eg hev nytta eit heilt avsnitt til å gjera greida for kvifor eg meiner at det er eit nytt målpolitisk poeng at folk må verta vane til å leggja talen sin etter nynorsken.Men eg meiner no like fullt at det er det eg hev gjort.


Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag