YMIST

Nynorsk til einaste riksmål

Johan Brox kjem med mange skuldingar mot delar av målrørsla og serleg mot slagordet nynorsk til einaste riksmål i Dag og Tid 23 mars 1995. Dessutan avviser han at folk flest er i stand til å få med seg at det er eit nytt målpolitisk poeng at folk bør leggja talen sin etter nynorsken.

Brox meiner det er absurd å reisa ynskjemålet um nynorsk til einaste riksmålet.Trond Sæbø hevdar dette synspunktet og vert automatisk skulda for å vera fundamentalist av Brox."...det ville vera absurd å tala til urbane bokmålsbrukarar på den måten",meiner Brox.Brox peikar på at halve tingarflokken til Dag og Tid er bokmålsbrukarar.Sæbø & Co. vil frårana desse sympatisørane hovudmålet og tvinga dei til å skriva nynorsk,hevdar Brox.Brox ser på dette som eit tomt trugsmål.Eg kann ikkje sjå at Sæbø hev sett fram noko trugsmål i det heile teke.Han vil so langt eg kann sjå korkje frårana eller tvinga nokon til noko som helst.Han set derimot upp ein visjon.Ein visjon som er i strid med den visjonen som eg fekk presentera i mi norskbok på gymnaset.Der var det visjonen um eit samnorskt språk som vart presentera.Eg kann ikkje sjå at samnorskvisjonen er realistisk,endå den vart lagt fram i ei lærebok,so kvifor skal ein målstridsorganisasjon som arbeider med å yvertyda folk til å nytta nynorsk vera meir måtehaldne.

Eg skal ikkje taka standpunkt til slagordet nynorsk til einaste riksmmål her.Men eg trur slett ikkje det er absurd å avvisa samnorskpolitikken og venda seg til urbane bokmålsbrukarar med målsaki.Det er m.a gjenom talemålsnormering at einskilde målmenn kann føra målsaki vidare.Når eg skreiv i Gula Tidend at folk må verta vane til å leggja talen sin etter nynorsken,meiner eg at målrørsla må markera klårt og eintydig at det norskdanske daningsidealet,bokmålstalemålet,ikkje er einerådande i Noreg.Korvidt einskildpersonar i målrørsla hev hevda at nynorsken må vera rettesnor for talemålet til folk er ein ting.Det er noko heilt anna å peika på dette som noko som bør verta eit meir gjenomgåande drag ved målbruken til meinige målfolk.Det var det eg gjorde.

Folk flest vil ikkje skyna dette med å leggja talen sin etter nynorsken,og kritikkaren Brox synest dette er komisk.Då vert det vel like rart å segja at folk må leggja talen sin etter bokmålet og at so mange som mogeleg må nytta normalisera bokmål.Denne bodskapen ser ut til å nå svært godt ut samanlikna med tilsvarande praksis på målrørsleplan.Eg trur dette hev samanheng med at bokmålsrørsla hev havt evna til å inkludera ulike uppfatningar um språket m.a gjenom den statlege samnorskpolitikken.Einskilde målmenn hev sett ei viktigare uppgåva i å sperra og sabotera for høgnorsken enn å inkludera ulike uppfatningar um kva som kann føra til framgang for målsaki.Det er skamlaust å gjera høgnorsken til eit språk berre for primitive trudomsdyrkarar,upphøgde herskarar og islamske prestar.Høgnorsken samsvarar med høgst levande talemål.

Ivar Aasen-sambandet ved Lars Bjarne Marøy og Roar Madsen vert umveges sette upp som primitive truskapsdyrkarar,islamske prestar og upphøgde herskarar.Noregs Mållag vert skulda for å driva ei tilsvarande trudomsdyrking.Mållaget lid under trudomsdyrkarane i NMU og andre stader.Dei gjev målrørsla eit surmule og surt uttrykk.Dersom det stend so gale til som Brox framsteller det,burde han visa til målpolitiske alternativ.Å få horer,hallikar og sullikar til å nytta nynorsk er vel og bra.Det hadde vore fint um Brox fortalde oss kven denne målgruppa femnar um.Skal målrørsla arbeida for å få med seg Blitz-ungdomen,husokkupantar,fangar i fengsli,bordellverksemder,avrusingssentralar,sosialklientar m.fl.,må ho nok leggja noko um på drifti ? Eller var dette ei sirumpa tolking av deg Brox ? Som høgnorskmann ser eg på dette som ei interessant utfordring.

Den viktigaste uppgåva til målrørsla er å nå ut som ei samansett rørsla.Målfolk må trena seg i å formidla dei verdiane som målrørsla stend fyre til ulike gruppor i samfundet.Visse verdiar må knytast til målsaki for at det skal verta råd å formidla ei interessa for målsaki.Målrørsla må vekkja visjonar og engasjement.Dersom det skal verta nedbrytande trudomsdyrking å halda på i-mål og høgnorsk,å hevda parolen nynorsk til einaste riksmål og kryptisk å hevda at folk må verta vane til leggja talen sin etter nynorsken og dersom høgnorsken skal stemplast som livlaus,då vil eg segja at det er Brox som er ekskluderande og ikkje me som han åtakar.


Lars Bjarne Marøy, 20040723

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag