YMIST

Aarset tegjer ned Aasen-målet

I Dag og Tid 23. november melde Terje Aarset songboki Song for deg og meg, som er ihopsett av Odd Nordstoga og kom ut på Samlaget no i haust. I meldingi heiter det m.a.: «Men Hovdens ”Juleklokker over jorda” (med Nordraaks majestetiske tone) er med i sin opphavlege versjon, med ”ein smil av Gud”, som salmeboknemnda redigerte bort i 1980-åra, mot Hovden-familiens råd og vilje.»

Her hevdar Aarset at «Juleklokker over jorda» er den upphavlege versjonen av salmen åt Anders Hovden. Det er ikkje sant. Hovden skreiv «Joleklokkor yver jordi». Berre i titelen er det gjort ei rad brigde: Joleklokkor er utskift med Juleklokker, yver med over og jordi med jorda. Av andre «moderniseringar» kann nemnast at vi hev kome inn i staden for me, dei for deim og får for fær (sjå elles dei tvo versjonane nedanfyre). Dessutan er tridje verset, som tek til med «Send oss, Gud, din kjærleiks Ande», stroke. Soleides stend salmen fram i ein heilt annan bunad, både når det gjeld mål og innhald, og kann snaudt kallast åndsverket åt Hovden lenger. Einast sud stend att av formene som vik av frå dagsens rettskriving, og då for skuld rimet med Gud.

Det kann vera at Aarset med «sin opphavlege versjon» hev meint at sjølve ordi er dei same som hjå Hovden i dei versi som er tekne med, men det er kor som er ein ulagleg måte å nytta ordet upphavleg på. I den ferske Hovden-biografien hev Jens Kåre Engeset teke med nokre ord som Hovden skal ha sagt i samband med revideringsarbeidet med Landstads salmebok i 1920: «Her lyt me fara mykje varsamt fram. Å røra ved salmar er som å røra ved eit fivrelde. Du kan lett skada det eller òg beintfram drepa det.» (s. 285 i boki åt Engeset). Her er Hovden inne på noko viktugt. I poesi skriven i bundi form, ikkje minst i salmar, skal det ikkje store inngrìp til fyrr heile dåmen vert skjepla, og kjensla lesaren sit att med, vert ei heilt onnor. Ein kann trygt segja at «Joleklokkor yver jordi» hev mist mykje av upphavleg klang og dåm i den versjonen som er prenta i Song for deg og meg. Um det bør kallast «skadeverk» elder «dråp», fær kvar einskild døma um.

Dette er ikkje noko eingongstilfelle. Det er flust av songar som hev vorte brigdt i Song for deg og meg, anten heilt elder stykkevis, t.d. «Blåmann», «Den fyrste song», «Du grøne, glitrande tre», «Mellom bakkar og berg» og «No livnar det i lundar». Faste synest utskiftingar som kann > kan, upp > opp, so > så og kyrkja > kyrkje å vera. Dette er ein skamlaus norsk tradisjon det burde ha vore ende på. Det er ikkje berre inngrìp i åndsverki åt diktarane, men òg ei nedriving av Aasen-målet desse songane er skrivne på. Folk fær eit rengt inntrykk av den tradisjonelle nynorsken, og mykje klassisk litteratur vert beint fram framand for deim. Kvifor skal borni «sparast» for tradisjonell nynorsk når dei elles vert bodne songar på all slags målføre? Er tanken at dei kann møta «avvik» av eitt slag, men ikkje eit anna?

Hovudvansken i dag er truleg at dei som gjev ut songbøker ikkje gjeng til kjeldone, men held fram med å skriva av versjonar som hev vore tukla med fyrr. Det er på høg tid at bokreidarane vert gjorde merksame på denne vanstoda. Aarset nemner ikkje målspursmålet med eitt einaste ord i meldingi si, men byggjer i staden uppunder trui på at alt er i sitt rette lag og «sin opphavlege versjon».


Klaus Johan Myrvoll, 20040720

Andre artiklar um same emnet

Årsmøte i Ivar Aasen-sambandet av 2004
I Vestmannen nr. 4 2005 les me at Ivar Aasen-sambandet av 2004 hev halde årsmøte i Bergen 27. august 2005. Upptaksmennene attum Ivar Aasen-sambandet av 2004 er folk som neittar å godtaka at Ivar Aasen-sambandet av 1965 faktisk vart lovleg nedlagt på årsmøtet 17. april 2004.

  • Målmannen - eit fritt organ
  • Striden i høgnorskrørsla - eit umriss
  • Heidersprisar frå Opedalsfondet
  • Skal halda årsmøte i uppløyst lag